Ny parkeringsplass til Gygrestolen

Ny parkeringsplass til turområdet Gygrestolen er nå ferdig på rekordtid!

Takk for effektiv, positiv planlegging og gjennomføring til grunneigar, kommunen og Eikabygda vel. Og spesiell takk til Sparebankstiftinga Bø som ga oss 25 000 kr utanom alle søknadsfristar! Nå har vi ferdig 26 nye parkeringsplassar og 15 på eksisterande plass. Dette vil forhåpentlegvis være tilstrekkeleg for å hindre parkeringskaos og dårleg framkome for nødetatar og tyngre landbruksmaskiner på Uvdalsvegen. Men framleis vil tal plasser være i minste laget på dei mest populære utfartsdagar.

Bø Turlag og representant for Eikabygda Vel møtte på parkeringsplassen tysdag 14. juli og så på forholda. Bildet til høgre viser at bilistane parkere effektivt og følgjer oppmerkinga til Augon Eika. 3 plassar var ledig på ettermiddagen. Ny parkering bak i bildet.

  • Bø turlag tar ansvar for oppmerking av dei to parkeringsplassane og informasjonstavler om turområdet og parkering/camping forbod.
  • Kommunen tar ansvar for renovasjon, skilting og innkreving av parkeringsavgift.

Parkering til Gygresolen tysdag 14. juli 2020 kl 14.30. Plassen er nesten full.