Fellesturar i 2021

Turane frå turprogrammet blir omtalt på denne sida og på Facebook etter kvart som annonsa i Bø blad er klar.  Nokre få turar blir bare annonsert på heimeside og Facebook. Turprogrammet til Bø Turlag og Gvarv Turlag finn du i dokumentet:  Brosjyre og turprogram 2021 Midt-Telemark 


Overnattingstur til Hollane seter

Helga 28.-29. august.
Avreise frå Bø torg laurdag 28.8 kl 9.00 i privatbilar.  Parkering på Jønnbu (avgift 50 kr). Vi tar turen opp Krinto og Glekse til Øysteinnatten. Vidare forbi Øktern og til Hollane. Kanskje blir det ein forfriskande dukkert i kulpen under Hollanfossen i godvêr. Det er hest, telemarkskyr, sau og hund på setra.

Ta med eigen grillmat til laurdag. NB! Kvar vaksen person tar med 1/2 liter grillkol til felles grill.

Sundag tar vi turen tilbake til Jønnbu om Holmen, Kloppsteintjønna, Oksladalen og Anebudalen.

Prisar på Hollane
Ta gjerne med kontantar

  • Seng vaksen: kr 300 (ta med eige sengetøy)
  • Seng barn under 12 år: kr 200 (ta med eige sengetøy)
  • Frokost vaksne: kr 150
  • Frokost barn: kr 100 
  • Ellers er det sal av lappar, kanelbollar, kaffe, brus og sjokolade.

Påmelding til turleiar innan sundag 8. august
Oppgi tal vaksne og barn. Og om du ønskjer å leige seng og bestille frokost.
Send påmelding som melding eller e-post. Vi fyller opp ledige sengeplassar på Hollane etter som påmeldingane kjem inn.
Seinare påmelding (etter 8. august) gjer du sjølv direkte til Hollane. Gi også beskjed til turleiar om du har fått plass på setra.
Meir informasjon: Hollane (Facebook)

Ønskjer du å overnatte i telt? Ta kontakt med Geir Nordbotten på melding eller Facebook  (det er dårlig mobildekning på Hollane)

  • Vertskap på Hollane  er Geir Nordbotten (tlf.: 98 02 99 80) og Karolina.
        
  • Turleiarar: Arne W Hjeltnes, tlf.: 46 45 18 50.
    e-post: awhjeltnes@outlook.com

 

Velkommen til siste helg på Hollane denne sumaren for Geir, Karolina og dyra.

Geir og Karolina. Foto: Arne W Hjeltnes

Mot Øysteinnatten. Foto: Arne W Hjeltnes

Hollane. Foto: Arne W Hjeltnes

Sau på Hollane. Foto: Arne W Hjeltnes

 

Dagstur til Blåfjell og Slåkånuten

Sundag 20. juni.
Avreise frå Bø torg kl 08.30 i privatbilar.
Parkering ved Slåkja der stien mot hyttefeltet startar. Turen byr på bratte bakkar opp til 5 toppar som ligg som ein hestesko rundt Blåtjønn. Me vandrar høgt opp frå topp til topp med utsikt til Mælefjell, Heksfjell og Lifjell. Turen er omlag 14 km, men dagane i juni er lange og ljose, så dette bør bli eit høgdepunkt denne tursommaren.

Turen er eit samarbeid med Seljord turlag.

Turleiarar: Halvor Gåra 90562953 og Hans Inge Hagen 95065738

Greplyng, Foto: Arne W Hjeltnes

Østerholtnatten

Tysdag 1. juni  
Kveldstur til Østerholtnatten. Me møtast på Bø Torg kl 18.00. Deretter kjører me til Østerholtvegen på Svenseid  for å gå opp til Østerholtnatten. På toppen tek me ei velfortjent kaffepause og nyt utsikten mot Lunde. Turen tek totalt ca. 2,5 timar + kjøring. Turen er middels krevjande.

Turleiar: Ingrid Askildt, tlf.: 901 48 962

 

Kulturtur i Liheia

Tysdag 25. mai   
AVLYST på grunn av smittevernhensyn
Avreise frå kommunehuset kl 18. Turen er eit samarbeid mellom Bø Turlag og Bø Museum.
Lite krevjande tur.
Turleiar: Bergit Li

Omtale

Mange stader i Liheia har ei interessant historie. På denne kulturturen går me frå Innleggen, over Sletteliberga og følgjer skogsbilvegen tilbake til Innleggen. Sletteliberga har ein strålande utsikt! Undervegs vil Finn Rønning og Bjørn Tveiten frå Bø Museum fortelje om plassar som me går forbi; Sletteli, Slåtta, Kolahuset. Turen blir avslutta med kaffirast i Liene og du må sjølv ta med deg det du vil ete og drikke. Samkjøring frå kommunehuset kl 18. 
    

Sletteli 1923

Sletteli

Kulturhistorisk rusletur frå Breskhaug til Stadskleiv

Tysdag 11. mai 
Midt-Telemark seniorlæring og Bø turlag innbyr til føremiddagstur langs den gamle bygdevegen til Eikjabygda. Frammøte ved Bø Frivilligsentral kl 10.30 eller Breskhaug kl 10.45.

Klas Eika vil fortelja om gamle Breskhaug skule før me startar vandringa til den private gravstaden ved Eikjarud. Her vil Halvor Gåra seie litt om dei som ligg gravlagt her. Siste stopp er Stadskleiv, der Inger Haugen og Hans Tveiten tek for seg Stadskleiv som kunstnar, original og bygdemann. Det vil bli lagt inn ei matpause undervegs.

Vel møtt til tur! 
Halvor Gåra, turleiar    

Sjå fleire kulturhistoriske rusleturar: Seniorlæring i Midt-Telemark
    

Tur og poesi i Evjudalen

Sundag 9. mai 
Svanhild Amdal Telnes og Marthe Haugerud les. Om beveren ved Sara McElroy. I samarbeid med Bø turlag. Oppmøte og registrering ved Gullbring hovudinngangen kl 11.00.

Smittevern
Vi følger nasjonale smitteverntiltak. Vi legg til rette slik at det skal vere trygt for publikum og utøvarar. Det du kan gjere: Hald deg heime om du er sjuk og følg elles nasjonale råd og retningsliner.

Velkommen!

Gullbring Kulturanlegg i Evjudalen. Foto: Arne W Hjeltnes

Lifjell på langs

Sundag 14. mars.
Skitur Grimås – Hollane – Jønnbu. Krevjande høgfjellstur på 25 km. 
Maxitaxi frå Jønnbu kl. 08.45 eller Bøgata (ved Bø Blad) kl. 09.05. 

Pris for medlemmer av Bø Turlag og studentar kr 150, barn/ungdom under 18 år kr 50, andre kr 200. Dette dekker også deler av kostnaden til løypemaskin som køyrer over fjellet laurdag. Kontantar eller Vipps: Bø turlag.

Påmelding

  • Påmelding innan torsdag 11. mars til Terje Wold 
    Atterhald om dårleg vér.

Turleiar

Viktig informasjon

  • Det er påbod med munnbind på maxitaxi.
  • Dei som ønskjer å ta følgje med turleiar, må gi beskjed om dette til turleiar på parkeringsplassen på Grimås.
    Dei andre tar turen over fjellet på eige ansvar.

Omtale

Turen frå Seljord til Bø over Lifjell er om lag 25 km lang. Den byr på eventyrleg vinterlandskap og nok oppover- og nedoverbakkar til alle! Vi tar oss god tid, tar pauser når vi treng og tar lunsj på Hollane. Ta med godt med mat og drikke og det du treng for ein utedag på Lifjell. Vel tilbake på Jønnbu kan vi gjerne runde av turen med middag på Lifjellstua. 

Vi setter opp buss/maxitaxi frå Jønnbu via Bø sentrum til Grimås.  Dei startar frå Jønnbu. Det er derfor lurt å ha eigen eller andre sin bil der med tanke på heimturen. Det blir og høve til å gå på i Bøgata (ved Bø Blad) eller langs bussruta elles (etter avtale).  

Løypemaskin køyrer over fjellet laurdag. Det er stikka løype frå Grimås til Jønnbu så det blir høve til å gå i eige tempo og bruke dagen over fjellet.  

Vel møtt til ein flott høgfjellstur med Bø Turlag! 

Ned til Blomtjønnan. Foto: Arne W Hjeltnes.

Nedover lange bakkar mot Hollane. Foto: Anette Norheim Fredly

Liten kvil etter den lange bratte bakken opp frå parkering under Grimås. Skorve troner i bakgrunnen.

Liten kvil etter den lange bratte bakken opp frå parkering under Grimås. Skorve troner i bakgrunnen. Foto: Arne W Hjeltnes.


Omtale av turar frå tidlegare år: 2010201120122013201420152016, 2017, 2018, 2019, 2020