Turar i 2010

 

Lifjell på langs

Sundag 21. mars
16 personar deltok på turen.
Bø Turlag har den årlege skituren frå Grimås til Jønnbu på Lifjell. Løypa er ca 25 km lang. Buss frå Jønnbu kl 08.45 og Bøgata (busslomme ved Bø Sparebank) kl 09.05. Pris for medlem kr 100, andre kr 150, barn/ungdom kr 20. Atterhald om dårleg ver.

Kontaktperson: Tor Lønnestad
tlf: 915 11 154

Det vil også i år bli høve til å gå Lifjell på langs på ski med Bø Turlag. Turen over fjellet er omlag 25 km lang og kryssar dei flottaste partia av det sentrale Lifjell. Før du legg i veg over fjellet på søndag, bør du ha noko skitrening. Du kan gjerne slå deg i lag med kjentfolk frå Turlaget. Men kvar og ein kan gå i sitt eige tempo og velje si eiga rute. Bø Turlag si primære oppgåve er å organisere transport frå Jønnbu til Grimås.
Frå parkeringsplassen ved Grimås møter vi først ei bratt motbakke på ca 250 m stigning. Deretter vidare over Tvitjønnen, oppunder Blomtjørneggen og vidare til Godalstjønn. Herifrå får du oppleve slake, fine nedoverbakkar mot Hollane seter. Frå Hollane til Jønnbu er det naturleg å velje ruta gjennom Dyrdalen, om Sandtjønn og Glekse fram til Jønnbu. Desse løypene er preparert og kvista. Når veret er i godlag kan det friste å følgje ein høgtliggande umerka trase bak Blomtjørneggin og flotte bakkar ned til Holmetjønn og Eiangsbutjønn. Derifrå over Tritjønnan og ned på løypa til Godalstjønn og Hollane.

Vi tilrår at du set bilen på Jønnbu. Organiser gjerne fellestransport tilbake til Bø frå Jønnbu. Det blir ikkje sett opp buss av Turlaget frå Jønnbu til Bø om ettermiddagen. Er det svært dårleg vêrmelding, blir turen avlyst. Bø Turlag ønskjer deg god tur over fjellet.

Ned til Blomtjønnan.

Ned til Blomtjønnan.


Kysttur til Jomfruland

Sundag 25. april
50 personar deltok på turen.
Bø Turlag og Gvarev turlag inviterer på kvitveistur til rullesteinsøya i Kragerøskjærgarden. Øya er 7.5 km lang og 1 km brei. Over 300 fugleartar er observert på Jomfruland Fuglestasjon.

Vi fyller opp privatbilar og køyrer til Kragerø. Vi møter Gvarv Turlag nede på kaia. Den største båten, M/F «Kragerø», fraktar oss ut i den flotte skjergarden kl 11.45. Retur: kl 18.30

Oppmøte: v/Heradshuset kl 09.00
Pris ein veg: kr 52.
Ta med mat og drikke.
Denne turen passar for alle.

Turleiar: Synne Syvertsen Blomquist.
Ev. spørsmål om turen: Turid L. Gåra
tlf.: 907 69 152

 

På "yttersida". Foto Arne Hjeltnes.

På «yttersida». Foto Arne Hjeltnes.

Turid Gåra og Kari Lindhjem på ein steingard på "innersida".  Foto Randi Rogne

Turid Gåra og Kari Lindhjem på ein steingard på «innersida». Foto Randi Rogne


 

 

Dam- og fløtningsanlegg frå Vatnar til Hørte

Tysdag 11. mai
30 personar deltok på turen.
Lett tur frå kl 11-14 i regi av Seniorlæring . Møt opp ved Bø Frivilligsentral kl. 10.30 viss du vil ha skyss. Turen startar ved Vatnarvantnet.

Ta med pølser til grilling.

Turleiar: Peter Sevatdal.

Sjå turprogrammet til
Midt-Telemark Seniorlæring
program

Dam1

Teingardsdammen i Lonåa, foto Arne Hjeltnes

Teingardsdammen i Lonåa, foto Arne Hjeltnes


 

Kanotur på Bøelva

Tysdag 11. mai
13 personar deltok på turen.
Familietur på Bøelva i Øvre Bø. 100 kr i leige av kano. Avreise frå kommunehuset kl 18.00. Ta med grillmat. Påmelding til Arne Hjeltnes 46 45 18 50 (kveldstid) eller e-post.

Turen startar frå Sanda camping. Her låner vi 5 kanoar og redningsvestar. Elva flyt roleg nedover til hengjebrua og er heilt ufarleg for dei som er lite vante med å manøvrere kano på rennande vatn. Under vegs stoppar vi rett før Eriksteintjønna for bålkos og grilling.

Det er stor aktivitet i fleire familiegrupper bever like nedanfor rasteplassen. Vi såg 5 bever her i førre veke etter kl 20 om kvelden. Langs elva er det eit yrande fugleliv av trost og andre sporvefuglar. Strandsnipa pip langs elvekanten og flyg framfor kanoen med hengande vengjer. Andre vassfuglar held seg på god avstand når ei stor gruppe kanoar forstyrrar kveldsfreden. Rådyr er ikkje eit uvanleg syn.

Vi reknar med å vere heime ca kl 21. Sjølve padleturen tek ein dryg time.

Ved Sanda camping

Ved Sanda camping

Gangbru over elva ved Eriksteinmoen

Gangbru over elva ved Eriksteinmoen


Bratterud Husmanns-plass

Tysdag 18. mai
50 personar deltok på turen.
Da folkeminnesamlaren Moltke Moe Kom til Årmotdalen i 1878 blei han overraska over den rike floraen av folkeminne som framleis levde i denne dalen. Den viktigaste kjelda her oppe og trulig i heile Bø var Liv Bratterud på den vesle husmannsplassen Bratterud nord for Åse. Etter henne skreiv Moe opp seksten eventyr og mykje anna tradisjonsstoff.

Professor Olav Solberg vil bli med oss på turen og fortelje historia om Liv Bratterud og møtet med Moltke Moe.

Praktiske opplysningar:

Frammøte ved kommunehuset. Vi fyller opp privatbilar og reiser herifrå kl 18.00.
Lett tur. Om lag 1 km langs god sti.
Ta med mat og drikke
Turleiar: Leif Krosshaug.

Liv Bratterud og Moltke Moe. Foto: H. Skogen ca 1880.

Liv Bratterud og Moltke Moe. Foto: H. Skogen ca 1880.


Fugletur til Evjutjønna på Hørte

Onsdag 19. mai
30 personar deltok på turen.
Bli med på den årlege fuglevandringa.

Møt opp ved Evju bygdetun kl 20.00
Ta gjerne med kikkert og fuglebok, viss du har
Naturvernforbundet i Midt-Telemark, Telemark ornitologiske forening og Bø Turlag arrangerar fugletur til Evjutjønna. Nedanfor Evju bygdetun ligg ein av dei beste fuglestadane i midtfylket. Evjutjønna er ei gamal bakevje til Gvarvelva som i dei seinare åra har grodd att med frodig vegetasjon. 154 fugleartar er observert ved tjønna.

Kontaktperson Christine Hvitsand
Telefon: 988 00 234

Sothøne,  foto: Ulla Spansdah

Sothøne, foto: Ulla Spansdah

Fuglevandring_lite


Østerli Nistugu

Tysdag 25. mai
25 personar deltok på turen.
Bø Turlag og Bø Museum byr på kveldstur til det gamle museumstunet på Østerli Nistugu. Dette tunet var starten for Bø Museum rundt 1980.

Frammøte: kl 18.00 på parkeringsplassen på Bø Museum.
Transport til Raudkleiv. Deretter går ein den gamle vegen til Østerli.

Finn Rønning og Asbjørn Storesund orienterer
Nistugu Østerli er kulturhistorisk svært verdifullt. Det er vel ingen andre tun i Telemark i dag som er i offentleg eige, og som ligg på opphavleg plass med originalt interiør frå første del av 1800-talet. Her er det høve til å oppleve korleis folk budde på ein middels stor gard i Bø for snart 200 år sidan. Finn Rønning og Asbjørn Storesund orienterer om gardar og plassar i Østerliheia og om spelemenn og andre folk som har budd der gjennom tidene.

Østerli Nistugu,  foto: Asbjørn Storesund.

Østerli Nistugu, foto: Asbjørn Storesund.


Tromfoss

Tysdag 1. juni
24 personar deltok på turen.
Kveldstur til Tromfoss. Kanskje får du høyre fossen tromme? Turen går om Åstul – Skorra – Storskott og til Tromfoss. Ta på godt fottøy.

Møt opp på Heradshuset kl 18.00 for felles køyring.
Turleiar: Erik Forberg

Hvitveis, foto Arne Hjeltnes

Hvitveis, foto Arne Hjeltnes


Åse – Hurrongstjønn

Tysdag 8. juni
12 personar deltok på turen.
Sprek kveldstur frå Åse til Hurrongen i Eikjabygda. Ein startar å gå frå skogkanten på Åse, via Heistad til Hurrongen, rundt Hurrongtjønn og oppom Sveigefjell. Underlag: Skogsveg, sti og fritråkk. Ta på godt fottøy.

Frammøte ved Heradshuset kl. 18.00 for felles køyring
…eller sykle til svingen v/skogkanten like før Åse og møte der
Sjå «Tur- og turistkart Bø», 2003. Åse finn du like sør for Tjønnås i Eikjabygda. Hurrongstjønn ligg nærmare Gygrestolen, vest for Åse. Stien dit er merka av på kartet.

Turleiar: Frode Bergan.

Vannliljer, foto Arne Hjeltnes

Vannliljer, foto Arne Hjeltnes


Ramsås i Uvdal

Tysdag 15. juni
17 personar deltok på turen.
Ein kveldstur av det rolege slaget i Uvdalsheia. Med godt fottøy, øyre for fuglesong og auge for juni- kvelden går vi eit stykkje på Sandstulvegen, over Langløyningen, over bekken og opp til Stulen, som og er ein gamal plass.

Oppmøte: Heradshuset kl 18. 00 for felles køyring.
Turleiar: Aase Aaland.

Margit Halvorsdtr. på Ramsås, Bøsåga

Margit Halvorsdtr. på Ramsås, Bøsåga


Slåka – Londalen

Sundag 27. juni
11 personar deltok på turen.
Siste turen før ferien går til Slåka under Mælefjell. Me køyrer om Sauland og opp til hyttefeltet i Slåka. Det blir noko stigning og myrlendt fyrste 1/2 timen. Vidare er det lett terreng innover Londalen til Londalsvatnet, som har ei flott sandstrand, der ein kan ta eit bad! Om lag 2 t tek det dit. Ein kan gå vidare 1/2 t til stølane på Helleburoe. På tilbaketuren går me ned om Heimre Slåkastulen ved Grunnåi før me returnerer til bilane.

Avreise:
Gvarv stasjon kl 09.30 eller
Heradshuset i Bø kl 09.45.
Samkøyring i om lag 1 1/2t.

Turleiarar er Ingebjørg og Kåre Myromslien, Gvarv.

Vierblomst, foto Arne Hjeltnes

Vierblomst, foto Arne Hjeltnes


Husmannsplassar og gravhaugar i nedre Breisås

Tysdag 17. august
18 personar deltok på turen.
Me startar frå Kåsinjordet på den eldste stien opp i Breisås til Torstveitskotet, over Fugleberga og vidare sørover mot Staurheimskogen. Frå Midlingløypa følgjar med ein sti/tømmerveg sørover til tuftene etter den gamle husmannsplassen på Steinsrud som vart oppdaga på nytt i fjor. Kaffi og matpause tek vi ved Steinsrud husmannsplass der stova er å sjå. Tilbaketuren går på god sti i furuskogen på Venås ned til gravhaugane i Håsårudhåtten.

På initiativ frå grunneigaren har Kulturminnevernet i Telemark Fylkeskommune i sumar registrert gravhaugane på nytt. Dei er truleg frå yngre jernalder. Det vil i løpet av hausten bli sett opp ei infotavle. Bø Turlag vil, i samarbeid med grunneigaren, rydde turstiar inn i området.

Turen tilbake til parkeringsplassen går på Bordvegen, som kring 1770 og truleg lenge før den tid, var viktig for tømmer– og bordkjøring frå Nordbygda i Lunde til Sperrudvelta ved Bøelva.

Frammøte på parkeringsplassen ved Breisås studentheim ved Kåsinjordet kl.18.00
Lett tur på stiar og vegar
Ta med mat og drikke
Turleiar: Inge Bø

Venås

Venås

Steisrud husmannsplass, foto Inge Bø

Steisrud husmannsplass, foto Inge Bø


Økteren

Søndag 22. august
8 personar deltok på turen.
Dagstur til Økteren. Gangtid ca 5 timar.

Avreise frå Heradshuset kl 10
Turleiar : Sveinung Astad


Husmannsplassar i området rundt Tråvbanen

Tysdag 24. august
7 personar deltok på turen.

Møt opp ved Bø kyrkje kl 18.00
Ta med mat og drikke

Turleiar: Mari Stenstad

Plassen Tjønna

Plassen Tjønna


Solbjørgvatnet frå Roheim

Sundag 29. august
Avlyst på grunn av høg vasstand i bekk.

Fin søndagstur frå Roheim til Solbjørgvatnet på Heia. Denne turen passar godt for turvante barn.

Oppmøte: kl 10.00 v/Heradshuset for felles køyring.
Turleiar: Ase Aaland

Garden Roheim øvst i Roheimgrenda.  Foto Arne Hjeltnes

Garden Roheim øvst i Roheimgrenda.
Foto Arne Hjeltnes


Sopptur

Tysdag 31. august
19 personar deltok på turen.
Det begynner no å bli mykje sopp i skogen, både av spiselege og giftige artar. Bø Turlag har derfor sopptur tysdag 31. august i Breisås. Vi pratar først litt om kva vi skal sjå etter og kva som vi absolutt ikkje må ha i soppkorga. Så går vi kvar for oss eller i små grupper rundt og samlar sopp. Soppen blir kontrollert på steinfyllinga etterpå, og de får tips til korleis den kan brukast.

Ta med kniv, soppkorg og ein soppbok om du har. Ein plastpose er svært dårleg egna til å sanke sopp i, da soppen blir fort øydelagt i posen.

Frammøte ved steinfyllinga ovafor Borgja Terasse klokka 17.00
Turleiar: Bjørn Steen

Steinsopp (kjelde: snl.no)

Steinsopp (kjelde: snl.no)


Blåfjell i Årmotdalen

Sundag 5. september
17 personar deltok på turen.
Fotturen tar til frå turlaget sin informasjonstavle ved Årmote. Herifrå langs merka sti forbi Årliplassane til Løkjin, der vi tek ein rast og ei orientering om segnfiguren Hølgje Døvredokk som rydda denne plassen.

Frå Løkjin gjeng turen opp til Trogatjønn og den søndre Blåfjelltoppen (731 m). Om vi vil kan vi besøke Murukleivholet og dei andre Blåfjelltoppane før vi går tilbake til Trogatjønn og følgjer stien til bilane.

Praktiske opplysningar:

Frammøte ved kommunehuset. Vi fyller opp privatbilar og reiser herifrå kl. 10.00
Middels tur langs merka sti, om lag 5 timar
Ta med mat og drikka. Godt fottøy.

Turleiar: Leif Krosshaug

Erik Forberg ved Murukleivholet,  foto Leif Krosshaug

Erik Forberg ved Murukleivholet,
foto Leif Krosshaug

Trogatjønn, foto Leif Krosshaug

Trogatjønn, foto Leif Krosshaug


Bø-marsjen på Folkestadåsane m. familiearrangement

Sundag 19. september
176 personar deltok totalt. ca 40-50 personar gjennomførte O-løpet rundt Trytetjønn.
I 1980 skipa Bø Turlag for første gong til Bømarsjen på Folkestadåsane. I år, 31 år seinare, er arrangementet lagt i same terrenget søndag 19.september. Den gongen var det ingen Telemarkshall eller Bø Sommarland, men elles er skogane lite endra. Ein og annan snauhogst har opna landskapet, og turstigane har blitt fleire og betre merka. Folkestadåsane har lett og fint terreng og dei mange stigane gjer det lett å variere turane. Turlaget samarbeider med Folkestad Vel og Bø O-lag om Bømarsjen.

Som vanleg er det 2 løyper, ei kort (3.5 km) merka med gule band og ei lang (11.5 km) merka med raude. Begge startar og endar ved Telemarkshallen og har felles matstasjon ved Store Trytetjønn.

I år utvidar vi matstasjonen med ulike aktivitetar, spesielt berekne på dei som går kort løype. Her blir det servering av saft, kaffi og kaker og høve til å steike eigne pølser på bål. Det blir skyting med storsprettert mot ein flytande blink på tjønna. Bø O-lag har instruksjon i bruk av kart og kompass, og etterpå kan ein finne fram til enkle postar i nærområdet. Ein får med seg elektronisk brikke som registrerer at ein er på posten.

Parkering, registrering og start ved Telemarkshallen. Langløypa startar her og følgjer blåmerka turløype mot Høgfosskåsa. Her har Leif Krosshaug rydda og merka ein ny stig som Turlaget gjerne vil la mange få bli kjent med. Frå Høgfosskåsa er me inne på Grøne gangar langs Hørteåa og kan følgje vassdraget ned til Brukåsa. Herifrå går turen rett sørover og opp bakkane til Trytetjønna. Etter ein god rast her, er løypa lagt slik at ein skal bli godt kjent med løypenettet på den solvendte sida av åsane, ned mot Sandtaket, opp ein ny trase til Trytetjønna og så sør-vestover til Telemarkshallen, og du er i mål.

Den korte løypa følgjer same traseen som den lange i starten, men svingar snart austover til Trytejønna. Barnefamiliar vil derfor få god tid til aktivitetar og prat på matstasjonen. Kort- og lang løype har same rute tilbake til Hallen.

Bø Turlag ser fram til at mange nyttar seg av denne fine septembersøndagen til ein triveleg runde i naturen. I år er det Folkestadåsane som Turlaget vil skape blest om. Me trur at alt for få har oppdaga kor fint og familievennleg dette området er!

Trytetjønn. foto Halvor Gåra

Trytetjønn. foto Halvor Gåra

Kart over kort og lang løype (klikk på bildet for å sjå eit stort kart)

Kart over kort og lang løype
(klikk på bildet for å sjå eit stort kart)

Frå matstasjonen ved Store Trytetjønn kan du delta på et lite O-løp.  (klikk på bildet for å sjå på O-kartet)

Frå matstasjonen ved Store Trytetjønn
kan du delta på et lite O-løp.
(klikk på bildet for å sjå på O-kartet)

Folkestadasane_kart_lite

Turkartet Folkestadåsane (klikk på bildet for å sjå på turkartet)


Familiedag på Uvdalstjønna

Sundag 5. desember kl 11.30 -14.30.

Avlyst på grunn av mykje snø på isen!

3 lag ønskjer deg velkommen til familiedagen og den store flotte isflata på Uvdalstjønna.

Program

  • Bø Fiskelag gir råd om isfiske
  • Miljøagentene sett opp lavo med bl.a. ”vintereventyr” for småfolk.
  • Bø Turlag fyrer opp eit stort bål på isen og serverer bålkaffi

Inngangsbillett

  1. Ein vedkubbe per person til felles bål
  2. Ein smak på årets julebakst til felles kakebord

Du tar med

Grillmat med tilbehør og drikke til eige bruk.
Varmt tøy, skøyter, ishockeykøller, spark, isfiskesaker, agn og bestemor på slede…….

Kontaktperson: Arne Hjeltnes,
tlf.: 46 45 18 50

Atterhald om dårleg vêr
(mykje snø eller regn)

Uvdalstjønna, desember 2007 foto: Arne Hjeltnes

Uvdalstjønna, desember 2007
foto: Arne Hjeltnes