Turar i 2011

Turane frå turprogrammet blir omtalt på denne sida  etter kvart som annonsa i Bø blad er klar.

Omtale frå tidlegare år: 2010.


 

Juletrebål med gløgg og aking

Laurdag 14. januar
kl 16.00 -18.00 inviterer Bø Turlag og Miljøagentene små og store til ein kald-varm oppleving i Evjudalen. Vi brenn opp juletreet ditt som ei markering av 20. dag jul og byr samtidig på varm gløgg. I eine sida på Evjudalen lagar vi i stand akebakke for store og små. Miljøagentene set opp lavoen sin. Alle blå- og rødnisser er og velkomne.

Bø Turlag hentar juletreet ditt og køyrer det til Evjudalen. Sett det i vegkanten før kl 09.00 laurdag 14. januar. Sjå kart med køyreruta vår under. Ta gjerne med juletreet ditt sjølv til Evjudalen!

Kontaktperson: Tor Sisjord,
tlf.: 35 95 11 29

Lankåshaugen – Lektorvegen – Breisås

Bø Turlag og Miljøagentene fyrer opp juletrær i Evjudalen

Bø Turlag og Miljøagentene fyrer opp juletrær i Evjudalen


Familietur til Vihus

Sundag 13. februar
75 personar møtte opp på Vihus seter.

Familievenleg arrangement på Vihus seter. Bål til grilling og kos. Vi fyrer opp bålet frå kl 11.00 til kl 15.00. Servering av kaffe og gløgg. Skileik og aking på setervollen. Ta med akebrett og grillmat.

Parker 200 m forbi gamle Lifjell hotell og ta deg fram til Vihus seter i skiløypa (ca 3 km).

Kontaktperson: Tor Sisjord
tlf.: 95 92 29 42

 

 

Snøtunge granar på Jønnebuflotin på Lifjell.

Snøtunge granar på Jønnebuflotin på Lifjell.


 

 

Måneskinstur til Stavsholt

Torsdag 17. februar
Turen blei avlyst på grunn av tett skydekke. Men 3 personar gjekk likevel innover mot Stavsholt.

Bli med og opplev fullmånen i eit eventyrleg vinterlandskap. Blir det snøver eller tjukt skylag avlyser vi turen.

Hugs: HOVUDLYKT!

Oppmøte: Kl 19.00 på parkeringa til Vihusløypa
(200 m forbi gamle Lifjell hotell)

Turleiarar: Turid L. og Halvor R. Gåra
tlf 907 69 152

Stavsholtmyrene. Foto: Arne Hjeltnes

Stavsholtmyrene. Foto: Arne Hjeltnes


 

Lifjell på langs

Sundag 27. mars
67 personar gikk over fjellet på hardt føre.

Grimås – Jønnbu 25 km. Buss frå Jønnbu kl. 08.45 eller Bøgata kl. 09.05. Pris for medlemmer kr.100, barn/ungdom kr 20, andre kr.150. Atterhald om dårleg ver. Hugs sommartid!

Turleiarar:
Gunleiv Brukås, tlf.: 908 43 925
Halvor R. Gåra, tlf.. 905 62 953

Det vil også i år bli høve til å gå Lifjell på langs med Bø turlag. Skituren over fjellet er omlag 25 km lang og kryssar dei flottaste høgfjellspartia av det sentrale Lifjell. Før du legg i veg over fjellet på søndag, bør du ha noko skitrening. Du kan gjerne slå deg i lag med kjentfolk frå turlaget. Men kvar og ein kan gå i sitt eige tempo og velje si eiga rute. Bø turlag si primære oppgåve er å organisere transport frå Jønnbu til Grimås. Turleiarane vil følgje hovudgruppa.

Frå parkeringsplassen ved Grimås møter vi først ein bratt motbakke med ca 250 m stigning, deretter vidare over Tvitjønnan, oppunder Blomtjørneggen og friske utforkjøringar ned mot Godalstjønn. Herifrå får du oppleve slake, fine nedoverbakkar mot Hollane seter. Frå Hollane til Jønnbu er det naturleg å velje ruta gjennom Dyrdalen, om Sandtjønn og Glekse fram til Jønnbu. Desse løypene er preparerte og kvista.

Vi tilrår at du set bilen på Jønnbu. Organiser gjerne fellestransport tilbake til Bø frå Jønnbu. Det blir ikkje sett opp buss av Turlaget frå Jønnbu til Bø om ettermiddagen. Er det svært dårleg vêrmelding, blir turen avlyst. Bø Turlag ønskjer deg god tur over fjellet.

Ned til Blomtjønnan. Foto Arne Hjeltnes.

Ned til Blomtjønnan.


Raudmyrane rundt

Sundag 8. mai
16 personar deltok på turen.

Vi møter som vanleg ved Heradshuset klokka 10. Dei som ønskjer det, kan møte ved steinfyllinga øvst i Breisås, ovafor Borgja Terrasse. Turlengde: 10 km.

Vi tar veg og stig opp til Åstjønn, går forbi Svarttjønn og vidare på austsida av Raudmyrane. Undervegs passerer vi ein fin kolle med god utsikt over myra. Frå sørrenden av myrene tar vi ein sidestig opp til toppen av Raudmyrkollen. Her tar vi ei god spisepause. Vidare går vi ned på vestsida av kollen og følgjer stigen på vestsida av Raudmyrane attende til Skrotteputten. Vi tar Midlingløypa ned att til steinfyllinga.

Det er tid for fuglesong og vårblomster i mai! Bli med på ein fin vårtur

Turleiarar:
Bjørn Steen og Inge Bø

Vi går forbi Holmetjønn. Foto Inge Bø

Vi går forbi Holmetjønn. Foto Inge Bø


Fugletur

Måndag 9. mai

Kveldstur til Øra våtmarksområde ved Ulefoss og Årnesbukta ved Gvarv. Turen går i regi av Naturvernforbundet i Midt-Telemark. Guide frå Telemark ornitologisk forening.

Møt opp ved kommunehuset i Bø kl 19.30 for samkøyring til Øra.

Arr.: Naturvernforbundet i Midt-Telemark, Norsk Ornitologisk Forening
og Bø Turlag.

Knoppsvane pussar fjøra . Foto Arne Hjeltnes.

Knoppsvane pussar fjøra . Foto Arne Hjeltnes.


Uvdalsheia

Tysdag 10. mai
Formiddagstur i regi av Midt-Telemark Seniorlæring.

Frammøte ved Tveiten gard inst i Uvdal kl. 11.00–15.30. Turleiar Arne Stykket viser og fortel om gamle plassar. Vandring i 3–4 km på veg, sti og i terreng.

Sjå programmet til
Midt-Telemark seniorlæring:
Les meir

Tveiten gard. Foto: Arne Hjeltnes

Tveiten gard. Foto: Arne Hjeltnes


Kanotur på Bøelva

Tysdag 10. mai
Ein familie på fire deltok.

Kanotur på Bøelva for heile familien. Turen startar frå Sanda camping. Her leier vi 5 kanoar og redningsvestar. Sjølve padleturen tek ein dryg time. Elva flyt roleg nedover til hengjebrua og er heilt ufarleg for dei som er lite vante med å manøvrere kano på rennande vatn. Under vegs til hengjebrua stoppar vi rett før Eriksteintjønna for bålkos og grilling. Vi reknar med å vere heime ca kl 21.00

Det er stor aktivitet i fleire familiegrupper bever like nedanfor rasteplassen. Etter kl 20 om kvelden kan vi rekne med å få nærkontakt med den store gnagaren. Langs elva er det eit yrande fugleliv av trost og andre sporvefuglar. Strandsnipa pip langs elvekanten og flyg framfor kanoen med hengande vengjer. Andre vassfuglar held seg på god avstand når ei gruppe kanoar forstyrrar kveldsfreden. Rådyr er ikkje eit uvanleg syn.

Avreise frå kommunehuset kl 18.00
Ta med grillmat. 100 kr i leige av ein kano med årar og redningsvest.
Påmelding til Arne Hjeltnes 46 45 18 50 (kveldstid)

Lars Sanden og Mari Gilje Sanden på elva i eigen kajakk  Foto: Arne Hjeltnes (mai 2010)

Lars Sanden og Mari Gilje Sanden på elva i eigen kajakk
Foto: Arne Hjeltnes (mai 2010)

Bever.  Foto: Arne Hjeltnes

Bever. Foto: Arne Hjeltnes


Østerli/Nistugu

Tysdag 24. mai
5 personar deltok.

Bø Turlag og Bø Museum byr på kveldstur til det gamle museumstunet på Østerli Nistugu. Dette tunet var starten for Bø Museum rundt 1980.

  • Frammøte: kl 18.00 på parkeringsplassen på Bø Museum.
  • Ta med niste.
  • Transport til Raudkleiv. Deretter går ein den gamle vegen til Østerli.
  • Finn Rønning og Asbjørn Storesund orienterer

Nistugu Østerli er kulturhistorisk svært verdifullt. Det er vel ingen andre tun i Telemark i dag som er i offentleg eige, og som ligg på opphavleg plass med originalt interiør frå første del av 1800-talet. Her er det høve til å oppleve korleis folk budde på ein middels stor gard i Bø for snart 200 år sidan. Finn Rønning og Asbjørn Storesund orienterer om gardar og plassar i Østerliheia og om spelemenn og andre folk som har budd der gjennom tidene.

Østerli Nistugu,  foto: Arne Hjeltnes

Østerli Nistugu, foto: Arne Hjeltnes


Okslastulen på Lifjell

Sundag 19. juni
Avlyst.
Vi prøver på nytt sundag 4. september. Sjå under.

Bø Turlag, Bø Museum og Bø Prestegard har felles tur til Oksla-stulen på Lifjell. Det blir frammøte for felles køyring frå prestegarden kl. 10 til Jønnbu der ein parkerer og tar beina fatt. Turen inn til Oksla tar ein snau time i roleg gange. Alle tar med mat og drikke for seg sjølve.

Jørund Lie og Finn Rønning
fortel frå historia til Oksla-stulen og Skrubbehiet.

Atterhald om veret.
Ved tvil kan ein ringe 99 40 13 39.
Vel møtt til alle til ein triveleg fjelltur!

Oksla var fjellstulen til prestegarden i Bø. Saman med Vihus hadde Oksla høyrt til prestegarden heilt sidan 1587. Vihus var vårstulen for prestegarden, til Oksla drog dei seinare på sommaren. Etter presten Bøckmans tid (1887-1904) blei Oksla-beitet leigd bort til bygdefolk. I Oksladalen ligg også kunstnarhytta «Skrubbehiet» der målaren Torleiv Stadskleiv budde i mange år.

Oksla-stulen med full drift med kyr og sauer  tidleg på 1900-talet.

Oksla-stulen med full drift med kyr og sauer
tidleg på 1900-talet.


Hanakam ved Blåfjell

Tysdag 21. juni
20 personar deltok ein flott sommarkveld.

Sprek kveldstur til Hanakam. Som namnet seier er dette ein smal og hakkute fjellrygg like vest for Blåfjell. Han er lett å sjå frå Vefall når ein kjem køyrande frå Seljord mot Bø, og frå Lifjell ser ein fint Bryggefjell, Blåfjell og Hanakam som stig til vers sør for Stavsholtmyrane.

Tanken er å gå opp frå vestsida og like til topps. Den første kilometeren går me på ein skogsveg og litt stiglaust før me finn ryggen me skal følgje til topps. Det er bratt her, men likevel lett å gå, og utsynet blir betre og betre til høgare ein kjem. Seljordsvatnet blinkar langt der nede, og i nord ligg nut etter nut og helsar på ein. Dette er den lysaste kvelden i året, så det skulle vera tid til ein liten runde oppe på platået.

Gråndalstjønna mellom Hanakam og Blåfjell ligg som ei villmarksperle få kilometer frå Bø sentrum. Ein må smyge seg fram under bustegraner og kan fort støkke ein orre eller elg i gammalskogen som veks tett ned mot vatnet. Nutane rundt er ganske snaue, og det er lett å ta seg fram på ryggane, men brått må ein ned i ei kløft og opp på andre sida. Legg ein turen bortom Blåfjell, ser ein rett ned på Bøbygda og utover mot Grenland. På veg vestover att vil ein passere flere småtjønnar der ein kan ta seg ein rast eller bad og kanskje sjå sola sige ned bak Astridnatten i junikvelden.

Tilbaketuren følgjer same rute ned frå Hanakam, men om nokon vil, kan ein ta seg ned i Tjønnstuldalen og følgje merka stig ned forbi Ånto til Breskelia.

Den som på eiga hand vil utforske området Blåfjell – Hanakam, kan følgje turlagets stigar til Tjønnstultjønna og ta seg opp Gråndalen.

Ta deg god tid,
for som Askeladden
har du mykje å oppdage!

Frå Hanakam mot Seljordsvatnet.  Foto: Halvor R Gåra.

Frå Hanakam mot Seljordsvatnet.
Foto: Halvor R Gåra.


Gaustatoppen

Laurdag 13. aug
8 personar var på toppen av det høgste fjellet i Telemark.

Vi deltek på ”Gaustadagen” – eit stort gratis kulturarrangement ved og på Gaustatoppen.

Meir informasjon på heimesida til
Telemark Turistforening

Vi møtast ved Heradshuset kl 08.30 for samkøyring til Stavsro parkering (fylkesveg 651). Herifrå går stien opp til Gaustatoppen.

Ta med mat og drikke. Servering på Stavsrohytta og turisthytta på toppen. Atterhald om veret.

Turleiar: Arne Hjeltnes
Mobil: 46 45 18 50


Kupanuten – Tjæremile i Øvre Bø

Tysdag 23. aug
Lett kveldstur til Kupanuten – Tjæremila i Øvre Bø.

Ein parkerer ved Skyttarbanen og går tildei to vassverka til Bø kommune og Tjæremila som 4H i Øvre Bø har sett i stand. Vidare går turen til Hønsefossen, kor det er fin utsikt!

Oppmøte vedHeradshuset kl 18.00
Turleiar: Mari Stenstad- tlf 959 16 938

Skisse av tjæremile

Skisse av tjæremile


Alfarnuten frå Røysland

Sundag 28. aug
4 personar var på toppen

Målet for turen er Alfarnuten, 784 moh. Vi går om setrene Kleivstul og Annesli; i skogsterreng, delvis i myr. Parkering ovanfor Røysland øvst i Stoklandheia, der turleiaren står.

Turen er noko krevjande – 8 km tur/retur.

Oppmøte v/Heradshuset kl 09.30

Turleiar: Olav Halstensgård
tlf 90770825- for meir informasjon

Foto: Øystein Akselberg

Foto: Øystein Akselberg

 


Okslastulen på Lifjell

Sundag 4. september

Bø Turlag, Bø Museum og Bø Prestegard har felles tur til Oksla-stulen på Lifjell. Det blir frammøte for felles køyring frå prestegarden kl. 10 til Jønnbu der ein parkerer og tar beina fatt. Turen inn til Oksla tar ein snau time i roleg gange. Ta med mat og drikke til turen.

Orientering på staden om Okslastulen og kunstnarhytta Skrubbehiet til Torleiv Stadskleiv:
Jørund Lie
Asbjørn Storesund
Finn Rønning

Atterhald om veret.
Ved tvil kan ein ringe 99 40 13 39.

Oksla var fjellstulen til prestegarden i Bø. Saman med Vihus hadde Oksla høyrt til prestegarden heilt sidan 1587. Vihus var vårstulen for prestegarden. Til Oksla drog dei seinare på sommaren.

Etter presten Bøckmans tid (1887-1904) blei Oksla-beitet leigd bort til bygdefolk. I Oksladalen ligg også kunstnarhytta «Skrubbehiet» der målaren Torleiv Stadskleiv budde i mange år.

Okslastulen i august 2011. Nybustulen  til høgre i bildet. Foto Arne Hjeltnes

Okslastulen i august 2011. Nybustulen til høgre i bildet. Foto Arne Hjeltnes

Oksla-stulen med full drift med kyr og sauer  tidleg på 1900-talet.

Oksla-stulen med full drift med kyr og sauer
tidleg på 1900-talet.


Sopptur på Folkestadåsane

Tysdag 6. september

Etter alt regnet er det mykje sopp i skogen no. Særleg er det bra med kantarellar, men også annan fin matsopp veks no overalt i skogen. Samtidig er det også mykje svært giftig sopp i år, og du må ikkje ta feil av giftsopp og matsopp.

Frammøte klokka 17 på velteplass
ved vegen mellom Hellestad sandtak og Valen der stigen til Åskollen tar opp

Ta med soppkorg og ein liten kniv. Plastposar egner seg dårleg til å plukke sopp i, da mange av soppane er skjøre og delar seg raskt opp i små bitar. Vi går ut i skogen i små grupper og samlar sopp kvar for oss. Klokka 18.30 er vi attende på velteplassen og skal kontrollere soppen. Vi skal sjå på kjenneteikna for dei mest kjende matsoppane og giftsoppane og snakke litt om korleis vi kan tilbrede soppen.

Turleiar: Bjørn Steen

Bjørn Steen har samla eit knippe sopp
med kjenneteiken i eit dokument
Sjå på bilda
(NB! stor fil, lang nedlastingstid!)

Gul kantarell

Gul kantarell


Bø-marsjen

Sundag 18. september
25 personar deltok på Bømarsjen i silregn

I år går Bømarsjen i området rundt Stavsholtmyrane. Sjå kart til høgre. Lang løype er 9.3 km og kort løype 5.5 km. Lett terreng, men nokre våte parti. Vaksne: 50 kr, barn 20 kr, familiar 120 kr (Bomveg inkludert).

Start 300 m aust for Stavsholt
ved vegbom
Frå kl 10.00 til kl 12.00.

Matstasjon og aktivitetar på Høystul: Naturstig for barn. Bål for grilling av eigen turmat. Servering av kaffi og saft. Støttegruppa til Bø museum bidreg med bollar.

Kl 13.00 fortel Jørund Lie om «Gamal og ny tid i øvre Limarka».

Finn fram til Stavsholt:
Følg skilta våre frå Oterholt og vidare opp Liheia og inn Limarka til Stavsholt. Parkering aust for Stavsholt. Fyll opp bilane, det er begrensa med parkeringsplassar.

Kartet viser kort og lang løype, start og matstasjon med kulturarrangement. Kartgrunnlaget er det nye "Turkart Bø" frå 2011 som og viser Vihus skiløype i raud heil strek. (Klikk på kartbildet for å sjå kartet)

Kartet viser kort og lang løype, start og matstasjon med kulturarrangement. Kartgrunnlaget er det nye «Turkart Bø» frå 2011 som og viser Vihus skiløype i raud heil strek.
(Klikk på kartbildet for å sjå kartet)

Lang løype går forbi den høgaste (?) fossen i Bø,  Tromfoss, som er 33 m høg. Bekken Løken kjem frå Stavsholtmyrane og kan ha stor vassføring.

Lang løype går forbi den høgaste (?) fossen i Bø,
Tromfoss, som er 33 m høg. Bekken Løken kjem frå Stavsholtmyrane og kan ha stor vassføring.


Bø-marsjen

Sundag 9. september
I år kan du oppleve indre delar av Årmotdalen.

  • Start og mål er på parkeringsplassen lengst inne på vegen i Årmotdalen.
  • Følg skilt frå Telemarkshallen til startplassen
  • Start frå kl 10.00 -12.00
  • Innkomst seinast kl 15.00
  • Vaksne: 50 kr, barn 20 kr, familiar 100 kr
  • Betalingsbom ved Åsebrua, 60 kr pr bil

Lang løype (7.4 km) går først bratt stigning opp frå Grønbygil til Gryta og vidare opp på Trogafjell. Tilbake til Grønbygil på den gamle stølsvegen frå Gavlesjå til Reskjem.

Kort løype (4.2 km) følgjer vegen mot Gavlesjå. Ved Gavlesjåbekken følgjer løypa gamal stølsveg tilbake til Grønbygil seter. Denne stien er svært våt.

Kulturarrangement på Grønbygil stule
Frå kl 12: Servering av kaffi, saft og heimelaga bollar/kaker. Bål til eigen grillmat. Natursti for barna.

kl 13.00 Halvor Sem og Jørund Lie
Folk og fe, gamal og ny tid i Årmotdalen


Familiedag på Uvdalstjønna

Sundag 4. desember kl 11.30 -14.30.
Avlyst på grunn av for tynn is:
5 cm tjukk is den 26. november

Er isen sikker?
Les meir..

3 lag ønskjer deg velkommen til familiedagen og den store flotte isflata på Uvdalstjønna.

Program

  • Bø Fiskelag gir råd om isfiske
  • Miljøagentene sett opp lavo med bl.a. ”vintereventyr” for småfolk.
  • Bø Turlag fyrer opp eit stort bål på isen og serverer bålkaffi

Inngangsbillett

  1. Ein vedkubbe per person til felles bål
  2. Ein smak på årets julebakst til felles kakebord

Du tar med

Grillmat med tilbehør og drikke til eige bruk.
Varmt tøy, skøyter, ishockeykøller, spark, isfiskesaker, agn og bestemor på slede…….

Kontaktperson: Arne Hjeltnes,
tlf.: 46 45 18 50

Atterhald om dårleg vêr
(mykje snø eller regn)

Uvdalstjønna, desember 2007 foto: Arne Hjeltnes

Uvdalstjønna, desember 2007
foto: Arne Hjeltnes