Turar i 2012

Turane frå turprogrammet blir omtalt på denne sida  etter kvart som annonsa i Bø blad er klar.

Omtale frå tidlegare år: 2010..2011.


 

Juletrebål med gløgg og aking

Laurdag 14. januar
kl 16.00 -18.00 inviterer Bø Turlag og Miljøagentene små og store til ein kald-varm oppleving i Evjudalen. Vi brenn opp juletreet ditt som ei markering av 20. dag jul og byr samtidig på varm gløgg. I eine sida på Evjudalen lagar vi i stand akebakke for store og små. Miljøagentene set opp lavoen sin. Alle blå- og rødnisser er og velkomne.

Bø Turlag hentar juletreet ditt og køyrer det til Evjudalen. Sett det i vegkanten før kl 09.00 laurdag 14. januar. Sjå kart med køyreruta vår under. Ta gjerne med juletreet ditt sjølv til Evjudalen!

Kontaktperson: Tor Sisjord,
tlf.: 35 95 11 29

Lankåshaugen – Lektorvegen – Breisås

Bø Turlag og Miljøagentene fyrer opp juletrær i Evjudalen

Bø Turlag og Miljøagentene fyrer opp juletrær i Evjudalen


Måneskinstur til Stavsholt

Måndag 7. februar
Bli med og opplev fullmånen i eit eventyrleg vinterlandskap. Blir det snøver eller tjukt skylag avlyser vi turen.

Oppmøte kl 19.00 på parkeringa til Vihusløypa. (200 m forbi gamle Lifjell hotell).

Hugs: HOVUDLYKT!

Turleiarar
Turid L. Gåra og Live Semb Vestgarden
tlf 907 69 152

Maane2

 

Fullmåne. Foto: Arne Hjeltnes

Fullmåne. Foto: Arne Hjeltnes


 

 

Familietur til Vihus

Søndag 10. februar

Familievenleg arrangement på Vihus seter. Bål til grilling og kos. Vi fyrer opp bålet frå kl 12.00 til kl 14.30. Servering av kaffe og gløgg. Skileik og aking på setervollen. Ta med akebrett og grillmat.

Parker 200 m forbi gamle Lifjell hotell og ta deg fram til Vihus seter i skiløypa (ca 3 km).

Kontaktperson: Tor Sisjord
tlf.: 95 92 29 42

Skileik på Vihus seter

Skileik på Vihus seter


 

Lifjell på langs

Søndag 17. mars
Grimås – Jønnbu 25 km. Buss frå Jønnbu kl. 08.45 eller Bøgata kl. 09.05. Pris for medlemmer kr.100, barn/ungdom kr 20, andre kr.150. Atterhald om dårleg ver og føre. Krevjande tur.

Vi ønskjer førehandspåmelding
seinast fredag 16. mars

Turleiarar:
Gunleiv Brukås tlf.: 908 43 925

Vinteren går mot slutten. Det betyr at Bø Turlag på nytt innbyr til Lifjell på langs. Søndag 17. mars er dagen for dei som vil krysse Lifjell frå Grimås til Jønnbu. Bratt opp med utsikt mot Flatdal og Skorve. Bratt ned med Norsjø og Geiteryggen i synsranda. Mesteparten av turen elles går i fint, bølgjande fjellterreng med nutar og vatn på alle kantar.

Legg derfor ikkje bort skiutstyret, pakk sekken kvelden før og bli med på denne vandringa over vårt næraste høgfjell. Det er merka løype frå Grimås til Jønnbu så det blir høve til å gå i eige tempo og bruke dagen over fjellet. Kjem sola fram, vil nok pausene bli lenger i sørhellingane. Ein stopp på Hollane med kaffe og vaffel er ekstra fristande om veret blir surt.

Bussen startar frå Jønnbu. Det er derfor lurt å ha eigen eller andres bil der med tanke på heimturen. Det blir også høve til å gå på i Bøgata eller langs bussruta elles (sjå lysing eller heimesida til Bø turlag).

Vel møtt til tur med Bø turlag!

Liten kvil etter den lange bratte bakken opp frå parkering under Grimås. Skorve troner i bakgrunnen.

Liten kvil etter den lange bratte bakken opp frå parkering under Grimås. Skorve troner i bakgrunnen.

Ned til Blomtjønnan.

Ned til Blomtjønnan.

Hollane seter byr på nysteikte vaflar og ein kvil innomhus.  Slettefjell bak i bildet. Alle bilda: Arne Hjeltnes

Hollane seter byr på nysteikte vaflar og ein kvil innomhus.
Slettefjell bak i bildet. Alle bilda: Arne Hjeltnes


Bygdeborga Telsborg

Tysdag 17. april

No startar tysdagsturane, og den fyrste går i relativt lett terreng opp til bygdeborga Trelsborg

Oppmøte: Heradshuset,
for samkøyring, kl 18. 00
Vel møtt til ein fin aprilkveld med turvener!

Turleiar
Aase Aaland- tlf 993 98 147

Valen barnehage på tur til Trelsborg i 2011.  (frå heimesida til Valen Barnehage)

Valen barnehage på tur til Trelsborg i 2011.
(frå heimesida til Valen Barnehage)


Lindelia husmannsplass

Tysdag 24. april

Lindelia er ein husmannsplass ved Hørte. Dette er ei perle i skogen! Velkomen til ein fin kveldsvårtur!

Oppmøte v/Heradshuset kl 17.00
Merk tida!

Turleiar: Mari Stenstad tlf 959 16 938

Kvitveis


Fototur

Tysdag 8. mai – kl18.00 – ca 21.00

Fototur langs Bøelva frå Bø Museum. Tema for kvelden er menneske, landskap og blomster.

Vi vil gi grunnleggjande fototips med vekt på bildekomposisjon. Men vi vil også sjå litt på djubdeskarpheit, rørsleskarpheit og eksponering av bilda.

Grupper på 3-5 personar blir sendt ut på fotojakt i nærområdet til museet. Etterpå vil vi sjå på bilda dine inne på storskjerm og diskutere moglege forbetringar. (For dei som ønskjer det.)

Møt opp på parkeringsplassen
til Bø Museum kl 18.00
Turleiar: Øystein Akselberg og Arne Hjeltnes

Medlemmer av Bø Turlag går gratis
Andre må bidra med 50 kr til husleiga

Sjå lysbilda som Arne viste: Fototips

Blaaklokke

Bø Turlag på Hanakam i juni 2011

Bø Turlag på Hanakam i juni 2011

Engkarse i stor bestand

Engkarse i stor bestand

Våronn

Våronn


Fuglevandring

Onsdag 9. mai
Kveldstur i Breisås. Møt opp ved oppslagstavla til Bø Turlag på «steinfyllinga» øvst i Breisås kl 20.00. (i krysset Venåsvegen-Konglevegen).

Ta gjerne med kikkert og fuglebok.

Arrangør:
Naturvernforbundet i Midt-Telemark
Norsk Ornitologisk Forening
Bø Turlag.

Fugl


Kanotur på Bøelva

Mandag 14. mai
Påmelding – sjå under
NB! Dato er endra

Kanotur på Bøelva for heile familien. Turen startar frå Sanda camping. Her leier vi maks. 5 kanoar og redningsvestar. Sjølve padleturen tek ein dryg time. Elva flyt roleg nedover til hengjebrua og er heilt ufarleg for dei som er lite vante med å manøvrere kano på rennande vatn. Under vegs til hengjebrua stoppar vi rett før Eriksteintjønna for bålkos og grilling. Vi reknar med å vere heime ca kl 21.00

Det er stor aktivitet i fleire familiegrupper bever like nedanfor rasteplassen. Etter kl 20 om kvelden kan vi rekne med å få nærkontakt med den store gnagaren. Langs elva er det eit yrande fugleliv av trost og andre sporvefuglar. Strandsnipa pip langs elvekanten og flyg framfor kanoen med hengande vengjer. Andre vassfuglar held seg på god avstand når ei gruppe kanoar forstyrrar kveldsfreden.

Avreise frå kommunehuset kl 18.00
Ta med grillmat. 120 kr i leige av ein kano med årar og redningsvest. Ein kano tek 2 personar.
Påmelding til Arne Hjeltnes 46 45 18 50 innan søndag kveld 12.mai.

Lars Sanden og Mari Gilje Sanden på elva i eigen kajakk  Foto: Arne Hjeltnes (mai 2010)

Lars Sanden og Mari Gilje Sanden på elva i eigen kajakk
Foto: Arne Hjeltnes (mai 2010)

Bever.  Foto: Arne Hjeltnes

Bever. Foto: Arne Hjeltnes


Årnåkollen

Tysdag 29. mai
Bø Turlag arrangerer kveldstur til Årnåkollen på Stoklandheia. Lett terreng fram til eit flott utkikkspunkt. Turen startar med oppmøte på leggeplass for tømmer ved Røysland gard øvst i Stokklandheia. Alternativ samordna avreise frå Heradshuset.

Frå Heradshuset kl. 17.30
Frå leggeplass ved Røysland gard kl 18.00

Turleiar: Olav Halstensgård

På Årnåkollen mot Stoklandheia. Folkestadåsane  og Norsjø lengst bak.

På Årnåkollen mot Stoklandheia. Folkestadåsane
og Norsjø lengst bak.


Okslastulen på Lifjell

Sundag 3. juni
Bø Turlag, Bø Museum og Bø Prestegard har felles tur til Oksla-stulen på Lifjell. Det blir frammøte for felles køyring frå prestegarden kl. 10 til Jønnbu der ein parkerer og tar beina fatt. Turen inn til Oksla tar ein snau time i roleg gange. Ta med mat og drikke til turen.

Orientering om Okslastulen og kunstnarhytta Skrubbehiet til Torleiv Stadskleiv.

Arr.: Stiftinga Bø prestegard
i samarbeid med
Bø Turlag og Bø Museum

Atterhald om veret.
Ved tvil kan ein ringe 99 40 13 39.

Om Okslastulen
Oksla var fjellstulen til prestegarden i Bø. Saman med Vihus hadde Oksla høyrt til prestegarden heilt sidan 1587. Vihus var vårstulen for prestegarden. Til Oksla drog dei seinare på sommaren.

Etter presten Bøckmans tid (1887-1904) blei Oksla-beitet leigd bort til bygdefolk. I Oksladalen ligg også kunstnarhytta «Skrubbehiet» der målaren Torleiv Stadskleiv budde i mange år.

Oksla-stulen med full drift med kyr og sauer  tidleg på 1900-talet.

Oksla-stulen med full drift med kyr og sauer
tidleg på 1900-talet.

Okslastulen i august 2011. Nybustulen  til høgre i bildet. Foto Arne Hjeltnes

Okslastulen i august 2011. Nybustulen til høgre i bildet. Foto Arne Hjeltnes


Rundtur i nedre Breisås

Tysdag 12. juni
Turen går for det meste på gamle umerka stiar/vegar. Mykje interessant flora på turen. I Sandbakkdalen får ein sjå den veldige skarpe overgangen mellom den fattige vegetasjonen på vestsida og den rike på austsida av Kvennebekken. Vi går innom husmannsplassen Liaslåtta, Ølla, Liagruva og Bjørnedellskotet. Her var det før ei bjørnefelle.

Matbiten tek me på ei høgde med fin utsikt til Lifjell og Askiltfjellet. På tilbaketuren går me forbi ein stor stein som huldra skal ha kasta frå Gygrestolen. Sjå bilde til høgre.

Oppmøtekl. 18.00
Steinfyllinga/kjettingen i Breisås

Turleiar: Inge Bø og Bjørn Steen

Kampesteinen i Sandbekkdalen "som huldra kasta"  frå Gygrestolen. Foto Inge Bø.

Kampesteinen i Sandbekkdalen «som huldra kasta»
frå Gygrestolen. Foto Inge Bø.


Blåfjell

Tysdag 19. juni
Sprek kveldstur til Blåfjell – vest for Bryggefjell.

Frammøte ved heradshuset kl.17.30
Start frå Breskelia ca. kl17.45

Ta med mat og drikke
Turleiar: Halvor R Gåra

Du ser dei kvar dag når du løfter blikket mot norvest frå Bø sentrum. To toppar, side om side. Til høgre Bryggefjell med blåmerka stig til topps. Der har du sikkert vore fleire gonger. Kanskje med gjester du vil ta med for å at dei skal få eit fugleperspektiv på Midt-Telemark og samstundes koma nærare innpå Lifjell.

Til venstre ligg ein liknande topp som er nokre meter høgare, 816 moh, og der har du truleg ikkje vore. Det er Blåfjell, der heksene møttest jonsoknatta, og som er vel verdt eit besøk nå som dagne er på sitt lengste. Det er ingen merka stig til topps, så det gjeld å finne seg ei høveleg rute som ikkje er for bratt.
Tanken er å starte i Breskelia og følgje merka stig til Ånto. Deretter gå vidare opp mot Tjønnstulvatnet og så følgje den skogkledde Gråndalslia som fører opp til skaret like aust for toppen av Blåfjell, 816. I godver som me hadde i fjor til Hanakam, burde dette bli ein utsynsrik tur med mange småstopp for å trekke luft og nyte utsikten mot Bøbygda. Frå toppen ser ein ned på Gråndalstjønna og det særmerkte villmarksområdet mellom nutane her oppe. Ei sentrumsnær naturperle! Etter ein rast på toppen, vil me følgje ryggen vestover og etterkvart svinge ned i Tjønnstuldalen der det er merka løype tilbake til Breskelia.

Turen kan vel som i fjor karakteriserast som ein Sprek fjelltur, men det blir ikkje kappgåing eller fjellklatring. Ein del høgdemeter opp og ned blir det, så ein bør ha litt trening i beina og sjå sjarmen i litt ulendt terreng.

Bøbygda sett frå Blåfjell.  Foto Halvor R. Gåra.

Bøbygda sett frå Blåfjell.
Foto Halvor R. Gåra.


Slemmeli på Roheimheia

Tysdag 21. aug

Kveldstur til plassen Slemmeli som ligg på Roheimheia. Sigmund Haugen vil fortelje om staden. I dag brukast husa som hytte av Arne Slemmeli.

Lett rundtur med lite motbakkar.

Oppmøte: Kl. 18.00 v/Heradshuset
Turleiar: Aase Aaland

I år står røsslyngen full av blomster,  frodig og fin.

I år står røsslyngen full av blomster,
frodig og fin.


Gavlesjå seter

Sundag 26. august – familievenleg tur

Gavlesjå seter er den einaste setra på Lifjell som fortsatt er i full drift. Her blir det ysta ost og kinna smør. Budeia, Anne Anundskås, tek imot alle med eit venleg smil og serverar rommegraut av beste merke.Her er kyr og hestar og ein serdeles fin og kjelen kattunge.

Den fyrste delen av turen frå parkeringa ved Aslakstulåa og opp til Gavlesjåvatnet går etter skogsbilveg ca 2 km med litt stigning. Langs Gavlesjåvatnet går stien i flatt og lett tereng fram til Gavlesjå seter ca 1,5 km.

Oppmøte ved Bø Sparebank kl 09:30.
Turleiar: Åse Aaland tlf. 99 39 81 47

Gavlsjaasetra Gavlsjaasetra2


Ballongfararsteinen, Seljord

Torsdag 30. august – formiddagstur
Sjå programmet til:

Midt-Telemark Seniorlæring

Hans Strand er kjentmann


Sykkeltur til Kalhovd

Laurdag-sundag 1-2. september inviterar Bø Turlag til sykkeltur over fjellet frå Gvepseborg til Kalhovd på Hardangervidda. Turen passer for heile familien.

Avreise frå Bø sentrum (ved Heradshuset) kl 09.00. På Rjukan tar Krossobanen oss opp i fjellet til Gvepseborg. Herifrå er det 32 km på god grusveg innover fjellet. Dei første 3 km har slak stigning på 210 høgdemeter. Deretter bølgjande fjellandskap innover mot Kalhovd. Flott utsyn i alle himmelretningar! Overnatting og sosialt samver på turisthytta.

På sundagen syklar vi tilbake same vegen. Det blir kanskje tid til ein kort fjelltur bak hytta etter frukost på sundag. (2 km opp til Røån 1204 m.o.h.)

Kost og losji på hytta er 560 kr (DNT medlem)
Ikkje medlem kr 685,- (rom med 4 senger).
Eigne barneprisar ca ½ pris
Krossobanen ein veg: 50/50/20 kr
(sykkel/vaksen/barn)

Påmelding til Arne Hjeltnes
tlf.: 46 45 18 50

Les meir om Kalhovd turisthytte
Les meir om Krossobanen
Sjå kart

Kalhovd turisthytte

Kalhovd turisthytte

Sørover mot Kalhovdfjorden

Sørover mot Kalhovdfjorden


Bø-marsjen

Sundag 9. september
I år kan du oppleve indre delar av Årmotdalen.

  • Start og mål er på parkeringsplassen lengst inne på vegen i Årmotdalen.
  • Følg skilt frå Telemarkshallen til startplassen
  • Start frå kl 10.00 -12.00
  • Innkomst seinast kl 15.00
  • Vaksne: 50 kr, barn 20 kr, familiar 100 kr
  • Betalingsbom ved Åsebrua, 60 kr pr bil

Lang løype (7.4 km) går først bratt stigning opp frå Grønbygil til Gryta og vidare opp på Trogafjell. Tilbake til Grønbygil på den gamle stølsvegen frå Gavlesjå til Reskjem.

Kort løype (4.2 km) følgjer vegen mot Gavlesjå. Ved Gavlesjåbekken følgjer løypa gamal stølsveg tilbake til Grønbygil seter. Denne stien er svært våt.

Kulturarrangement på Grønbygil stule
Frå kl 12: Servering av kaffi, saft og heimelaga bollar/kaker. Bål til eigen grillmat. Natursti for barna.

kl 13.00 Halvor Sem og Jørund Lie
Folk og fe, gamal og ny tid i Årmotdalen

Frå Bukkelifjell mot Grønbygjil.  Trogafjell og Rognlifjell heilt til høgre bak.

Frå Bukkelifjell mot Grønbygjil.
Trogafjell og Rognlifjell heilt til høgre bak.

Klikk på bildet for å sjå kartet Kartgrunnlag er: Turkart Lifjell

Klikk på bildet for å sjå kartet
Kartgrunnlag er: Turkart Lifjell


Soppkurs

Tysdag 11. september

Frammøte klokka 17.30 på velteplass
ved vegen mellom Hellestad sandtak og Valen der stigen tar opp til Åskollen.

Ta med soppkorg og ein liten kniv. Plastposar egner seg dårleg til å plukke sopp i, da mange av soppane er skjøre og delar seg raskt opp i små bitar.

Vi går ut i skogen i små grupper og samlar sopp kvar for oss. På avtalt tid er vi attende på velteplassen for å kontrollere soppen. Vi skal sjå på kjenneteikna for dei mest kjende matsoppane og giftsoppane og snakke litt om korleis vi kan tilbrede soppen.

Turleiar: Bjørn Steen

kantarell

Gul kantarell

Bjørn Steen har samla informasjon
om eit knippe sopp. Sjå på bilde og kjenneteikn: Les meir….
(NB! stor fil, lang nedlastingstid!)


 

Familiedag på Uvdalstjønna
AVLYST

Sundag 2. desember kl 11.30 -14.30.
Vi ønskjer deg velkommen til familiedagen og den store flotte isflata på Uvdalstjønna.

Program

  • Bø Fiskelag gir råd om isfiske
  • Bø Turlag fyrer opp eit stort bål på isen og serverer bålkaffi
  • Eigen aktivitet med tur på isen, isleik, ishokey mm.

Inngangsbillett

  1. Ein vedkubbe per person til felles bål
  2. Ein smak på årets julebakst til felles kakebord

Du tar med

Grillmat med tilbehør og drikke til eige bruk.
Varmt tøy, skøyter, ishockeykøller, spark, isfiskesaker, agn og bestemor på slede…….

Kontaktperson: Arne Hjeltnes, Bø turlag
tlf.: 46 45 18 50

Atterhald om dårlege forhold på isen
(tynn is, mykje snø eller regn)

Uvdalstjønna, desember 2007 foto: Arne Hjeltnes

Uvdalstjønna, desember 2007
foto: Arne Hjeltnes