Turar i 2013

Turane frå turprogrammet blir omtalt på denne sida  etter kvart som annonsa i Bø blad er klar.

Omtale frå tidlegare år: 2010..2011..2012.


 

Familietur til Vihus

Søndag 10. februar

Familievenleg arrangement på Vihus seter. Bål til grilling og kos. Vi fyrer opp bålet frå kl 12.00 til kl 14.30. Servering av kaffe og gløgg. Skileik og aking på setervollen. Ta med akebrett og grillmat.

Parker 200 m forbi gamle Lifjell hotell og ta deg fram til Vihus seter i skiløypa (ca 3 km).

Kontaktperson: Tor Sisjord
tlf.: 95 92 29 42

Skileik på Vihus seter

Skileik på Vihus seter


Måneskinstur til Stavsholt

Måndag 25. februar
Bli med og opplev fullmånen i eit eventyrleg vinterlandskap. Blir det snøver eller tjukt skylag avlyser vi turen.

Oppmøte kl 19.00 på parkeringa til Vihusløypa. (200 m forbi gamle Lifjell hotell).

Hugs: HOVUDLYKT!

Turleiarar
Turid L. Gåra og Live Semb Vestgarden
tlf 907 69 152

Maane2

 

Fullmåne. Foto: Arne Hjeltnes

Fullmåne. Foto: Arne Hjeltnes


 

Lifjell på langs

Søndag 17. mars
Grimås – Jønnbu 25 km. Buss frå Jønnbu kl. 08.45 eller Bøgata kl. 09.05. Pris for medlemmer kr.100, barn/ungdom kr 20, andre kr.150. Atterhald om dårleg ver og føre. Krevjande tur.

Vi ønskjer førehandspåmelding
seinast fredag 16. mars

Turleiarar:
Gunleiv Brukås tlf.: 908 43 925

Vinteren går mot slutten. Det betyr at Bø Turlag på nytt innbyr til Lifjell på langs. Søndag 17. mars er dagen for dei som vil krysse Lifjell frå Grimås til Jønnbu. Bratt opp med utsikt mot Flatdal og Skorve. Bratt ned med Norsjø og Geiteryggen i synsranda. Mesteparten av turen elles går i fint, bølgjande fjellterreng med nutar og vatn på alle kantar.

Legg derfor ikkje bort skiutstyret, pakk sekken kvelden før og bli med på denne vandringa over vårt næraste høgfjell. Det er merka løype frå Grimås til Jønnbu så det blir høve til å gå i eige tempo og bruke dagen over fjellet. Kjem sola fram, vil nok pausene bli lenger i sørhellingane. Ein stopp på Hollane med kaffe og vaffel er ekstra fristande om veret blir surt.

Bussen startar frå Jønnbu. Det er derfor lurt å ha eigen eller andres bil der med tanke på heimturen. Det blir også høve til å gå på i Bøgata eller langs bussruta elles (sjå lysing eller heimesida til Bø turlag).

Vel møtt til tur med Bø turlag!

Liten kvil etter den lange bratte bakken opp frå parkering under Grimås. Skorve troner i bakgrunnen.

Liten kvil etter den lange bratte bakken opp frå parkering under Grimås. Skorve troner i bakgrunnen.

Ned til Blomtjønnan.

Ned til Blomtjønnan.

Hollane seter byr på nysteikte vaflar og ein kvil innomhus.  Slettefjell bak i bildet. Alle bilda: Arne Hjeltnes

Hollane seter byr på nysteikte vaflar og ein kvil innomhus.
Slettefjell bak i bildet. Alle bilda: Arne Hjeltnes


Lunde sentrum og kanalen

Tysdag 9. april

Kulturhistorisk rusletur i Lunde sentrum og tur langs kanalen til slusa. Gudmund Kyrkjebø er kjentmann og forteljar. Oppmøte på parkering bak Ovabygget – til høgre for Rimi.

Arr.: Midt-Telemark Seniorlæring

Les meir om turen….

Flyfoto over Lunde sentrum

Flyfoto over Lunde sentrum


Kulturstien langs Bøelva

Onsdag 17. april

Rusletur frå Bø Museum og langs Bøelva. Møt opp ved museet kl 18.00.

Servering og orientering om kulturminna langs elva på museet etter turen. Inngang kr. 100 inkl. servering.

Ei omtale av kulturstien finn du her.

Turen er eit samarbeid mellom
Bø Museum og Bø Turlag.

Bø museum

Bø museum

Gravfelt på Eika

Gravfelt på Eika


Hellos – geocaching

Søndag 21. april
Avlyst

Familietur langs Bøelva
Turleiar Birgitte Broshaug


Steingardsnuten

Tysdag 23. april

Kveldstur til steingardsnuten. Lett tur til Bygdeborg på Vreimsida. Oppmøte ved Heradshuset kl 18.00.
Turleiar Tor Sisjord tlf.: 95 92 29 42

Seljeblomst

Seljeblomst


Fuglevandring

Mandag 13. mai
Fugleturen i mai som opprinneleg skulle gå den 8. mai, måtte flyttast til mandag den 13. mai. Møt opp på Evju Bygdetun kl 20.00 til ein fin vårkveld med fuglesang og eit rikt fugleliv i kulturlandskap og våtmark.

Øyvind Steifetten frå Høgskolen vil være guide.

Arrangør: Naturvernforbundet i Midt-Telemark og Norsk Ornitologisk Forening.

Stokkand. Foto: Richard Bartz

Stokkand. Foto: Richard Bartz


Kanotur på Bøelva

Tysdag 14. mai
Påmelding – sjå under!

Kanotur på Bøelva for heile familien. Turen startar frå Sanda camping. Her leier vi maks. 5 kanoar og redningsvestar. Sjølve padleturen tek ein dryg time. Elva flyt roleg nedover til hengjebrua og er heilt ufarleg for dei som er lite vante med å manøvrere kano på rennande vatn. Under vegs til hengjebrua stoppar vi rett før Eriksteintjønna for bålkos og grilling. Vi reknar med å vere heime ca kl 21.00

Det er stor aktivitet i fleire familiegrupper bever like nedanfor rasteplassen. Etter kl 20 om kvelden kan vi rekne med å få nærkontakt med den store gnagaren. Langs elva er det eit yrande fugleliv av trost og andre sporvefuglar. Strandsnipa pip langs elvekanten og flyg framfor kanoen med hengande vengjer. Andre vassfuglar held seg på god avstand når ei gruppe kanoar forstyrrar kveldsfreden.

Avreise frå kommunehuset kl 18.00
Ta med grillmat. 150 kr i leige av ein kano med årar og redningsvest. Ein kano tek 2 personar.
Påmelding til Arne Hjeltnes 46 45 18 50 innan søndag kveld 12.mai.

Lars Sanden og Mari Gilje Sanden på elva i eigen kajakk  Foto: Arne Hjeltnes (mai 2010)

Lars Sanden og Mari Gilje Sanden på elva i eigen kajakk
Foto: Arne Hjeltnes (mai 2010)

Bever.  Foto: Arne Hjeltnes

Bever. Foto: Arne Hjeltnes


Kyststien i Bamle

Søndag 26. mai
Turen går frå Hydrostranda til Krogshavn, 11.5 km. Ca 5 timer. Skien turlag har turleiar. Felles avreise frå kommunehuset i Bø kl. 08.00.

Påmelding innan 21. mai til Ingrid Bergane
tlf.: 95 72 78 82.

Informasjon frå Skien turlag
Dette er en tur med mye sjøluft. Kyststien er blåmerka og skilta. Vi følger denne stien, men tar noen avstikkere der det er bedre utsikt. Vi starter fra P-plassen ved Hydrostranda, og går til Krogshavn i Langesund. Her er det mye å se og oppleve i Bambles idylliske skjærgård. Kyststien er svært variert, og mange steder ganske kupert. Stien slynger seg langs sjøen på svaberg, og over høye klipper med flott utsikt. Noen steder er det ikke mulig å gå langs sjøen, så deler av strekningen går også gjennom skog.

Vi passerer flere av Bambles fine og populære badestrender; Hydrostranda, Rognstranda, Jyplevika og Krogshavn. Mulig med bad for de barske, for vannet er nok enda ganske kaldt. Halvveis ankommer vi Rognstranda. Her blir det rastepause. Det blir nok også noen småstopp underveis. Beregnet turtid er ca. 5 timer, så ta med godt med mat og drikke. Vel framme i Krogshavn har vi gått 11,5 km.

Det er mulig og forlenge turen ved å fortsette langs sjøen på den blåmerka stien, forbi Langesund Bad og rundt Langesund Fort. Stien går videre forbi Langesund sentrum, hvor du kan returnere tilbake til Krogshavn. Dette er også en flott strekning som det er verdt å få med seg. Ca. 5 km ekstra.

Oppmøte på parkeringsplassen i Krogshavn kl. 10. Busstransport til startsted.

Foto hentet fra heimesida til Skien turlag

Foto hentet fra heimesida til Skien turlag


Breisås på tvers

Tysdag 11. juni

Rundtur frå Torstveitsida til Roegrenda. Frammøte på parkeringsplassen ved Breisås Studentheim ved Kåsinjordet kl.18.
Ta med drikke og noko å bite i.

Turleiar: Torgeir Fredly og Inge Bø

Litt om turen
Turen går fyrst nordaustover til Torstveit, videre opp Sandbakkdalen, opp mot hogstfeltet i Petterskås der ein har fått fantastisk utsikt over bygda. Matpausa tek me på vegen mot Steinsrud. Så gjeng me bortom den nye, fine Stadnamntavla til Eikjabygda Vel ved Roehaugen, forbi Staurheim over Håsårudhåtten og Bordvegen tilbake til parkeringsplassen.

Frå Breisås mot Øvre Bø og Lifjell bak

Frå Breisås mot Øvre Bø og Lifjell bak


Anundsteinen og Forbergåsen

Tysdag 18. juni

Over Forbergåsen og bortom Anundsteinen. Arne Storhaug fortel og Åsta Ulvenes blir med som kjentmann.

Arr.: Midt-Telemark Seniorlæring

Meir informasjon på heimesida til Midt-Telemark Seniorlæring: les meir…

Sterkeanundsteinen. Foto: Arne Hjeltnes

Sterkeanundsteinen. Foto: Arne Hjeltnes


Falkefjell

Tysdag 18. juni
Sprek kveldstur til Falkefjell. Avreise frå Heradshuset kl. 17.30. Rundtur frå Lislestulvaet til Falkefjell og retur ned Valjuvsdalen.

Turleiar: Halvor R. Gåra

Vender du blikket mot Lifjell, er det nokre toppar som merker seg ut. Ein av desse er Falkefjell, 985moh, ståande der i første rekke som sopran i eit sangkor. Sørsida mot bygda er ein steil fjellvegg, men med nokre grøne renner som kan klivast for å nå til topps. I Hesteskorra skal ein hest ha tatt seg fram. Kveldsturen tysdag vil ikkje følgje desse, men den raudmerka stigen frå Lislestul til Nybu opp Stretakleiv. Frå Nybu svingar me inn Hellerdalen mot Hellerdalskyrkja. Dette er ei stor hole der ein kan klatre gjennom ein trong og mørk fjellsprekk til ein når dagslyset mange møter høgare oppe. Dei som ikkje vil prøve dette, kan gå ein fin stig mot Falkefjell som ligg få hundre meter frå Hellerdalskyrkja. Her kan det bli matrast med ryggen mot ein solvarm fjellvegg og med panoramautsikt mot Bøherad og bygdene ved Norsjø. Under ligg «skiløypa» der du kanskje hadde mange fine turar i «trikkeskinnene» til Bø løypelag.

Heimturen den lyse junikvelden vil truleg gå opp til Klokksteintjønna og så ned Valjuvet, med høve til å sjå Valjuvshola, om tida strekk til. Me er nå på den raudmerka stigen som mange fiskarar brukar på veg inn til fiskehytta ved Holmen. Det er bratte bakkar ned Røksbu mot vegen der bilane ventar.  Oppstigninga er på om lag 500 høgdemeter, men stigane er gode og dei fleste raudmerka.   Med fjellsko eller solide joggesko burde turen bli vellykka.

NB! Det er bompengar for å bruke skogsvegen.

Falkefjell. Foto Halvor Gåra

Falkefjell. Foto Halvor Gåra

 

 

 

 

 

 

 

 


Bryggefjell

Søndag 18. august
Me har invitera Skien turlag med på tur til Bryggefjell. Dette er ein kort dagstur i kuppert terreng.

Avreise frå heradshuset kl.10.30

Turleiar: Arne Baugerød
mob. 907 36 540

Turen startar på toppen av Liheia. Me stopper på Treskjeberget og Kolahuset på veg opp til Bryggefjell. Me gjeng så på framsida langs umerka sti opp til toppen. Flott utsyn over Bø-dalen og nedre Telemark – mot Lifjell på andre sida.

Bading i Skjentjønn under fjellet Skjenan for dei som ynskjer det. Tilbaketur om jettegryta frå siste istid som er interessant plassert på svaberg ut mot Bø-dalen. Turen ned gjeng etter merka sti.

Varden på Bryggefjell. Bø-dalen med Bø sentrum bak til høgre. Foto Arne Hjeltnes

Varden på Bryggefjell. Bø-dalen med Bø sentrum bak til høgre. Foto Arne Hjeltnes


Store Trytetjønn på Folkestadåsane

Søndag 25. august.
Familietur.

Avreise frå heradshuset kl.10.30
Turleiar: Birgitte Broshaug, tlf.: 412 03 784

Søndagsturen startar bak Telemarkshallen. Me går inn til store Trytetjønn og har en rast her – bading for dei som ynskjer det.

Turen går i lett terreng med open venleg furuskog og passer fint for små barn. Dei ifrå 4 år vil klare denne turen fint på eigahand. Dette er ein kort dagstur.

Store Trytejønn, foto Arne Hjeltnes

Store Trytejønn, foto Arne Hjeltnes


Fjellklatring for store og små

Tysdag 10. september

Familietur saman med Klatregruppa i Bø. Klatregruppa hjelper oss med enkel fjellklatring i klatrefeltet i Espedalen frå kl 17.00 til 19.00.

Vi køyrer inn til Slåtte og parkerer på baksida av låven (20 kr for parkering). Det er ca 10 minutt å gå inn til klatrefeltet. Her ventar Klatregruppa på oss.

Avreise frå Kommunehuset
kl. 16.45

Turleiar: Torgeir Fredly, tlf.: 95 70 86 40

Bildet er henta frå heimesida til Klatregruppa.

Bildet er henta frå heimesida til Klatregruppa.