Turar i 2014

Turane frå turprogrammet blir omtalt på denne sida  etter kvart som annonsa i Bø blad er klar.

Omtale frå tidlegare år: 2010..2011..2012..2013.


 

Familietur til Vihus

Søndag 2. februar

Familievenleg arrangement på Vihus seter. Bål til grilling og kos. Vi fyrar opp bålet frå kl 12.00 til kl 14.30. Servering av kaffe og gløgg. Skileik og aking på setervollen. Ta med akebrett og grillmat.

Parker 200 m forbi gamle Lifjell hotell på Lifjellvegen og ta deg fram til Vihus seter i skiløypa (Vihus-løypa) på eiga hand – ca 3 km i lett terreng.

Arrangementet er ein del av
Kom deg ut dagen til STT:

Kontaktperson: Tor Sisjord
tlf.: 95 92 29 42

Skileik på Vihus seter

Skileik på Vihus seter


Lifjell på langs

Søndag 16. mars

Grimås – Jønnbu 25 km. Buss frå Jønnbu kl. 08.45 eller Bøgata kl. 09.05. Pris for medlemmer kr.100, barn/ungdom kr 20, andre kr.150. Atterhald om dårleg ver og føre. Krevjande tur.

Telemark Turistforening og DNT er invitert med på turen i år.

NB! det kan bli endringar i turprogrammet.

Vi ønskjer førehandspåmelding
seinast fredag 14. mars

Turleiarar:
Gunleiv Brukås tlf.: 908 43 925

 


Vinteren går mot slutten. Det betyr at Bø Turlag på nytt innbyr til Lifjell på langs. Søndag 16. mars er dagen for dei som vil krysse Lifjell frå Grimås til Jønnbu. Bratt opp med utsikt mot Flatdal og Skorve. Bratt ned med Norsjø og Geiteryggen i synsranda. Mesteparten av turen elles går i fint, bølgjande fjellterreng med nutar og vatn på alle kantar.

Legg derfor ikkje bort skiutstyret, pakk sekken kvelden før og bli med på denne vandringa over vårt næraste høgfjell. Det er merka løype frå Grimås til Jønnbu så det blir høve til å gå i eige tempo og bruke dagen over fjellet. Kjem sola fram, vil nok pausene bli lenger i sørhellingane. Ein stopp på Hollane med kaffe og vaffel er ekstra fristande om veret blir surt.

Bussen startar frå Jønnbu. Det er derfor lurt å ha eigen eller andres bil der med tanke på heimturen. Det blir også høve til å gå på i Bøgata eller langs bussruta elles.

Vel møtt til tur med Bø turlag!

Liten kvil etter den lange bratte bakken opp frå parkering under Grimås. Skorve troner i bakgrunnen.

Liten kvil etter den lange bratte bakken opp frå parkering under Grimås. Skorve troner i bakgrunnen.

Ned til Blomtjønnan.

Ned til Blomtjønnan.

Hollane seter byr på nysteikte vaflar og ein kvil innomhus.  Slettefjell bak i bildet. Alle bilda: Arne Hjeltnes

Hollane seter byr på nysteikte vaflar og ein kvil innomhus.
Slettefjell bak i bildet. Alle bilda: Arne Hjeltnes

 


 

Fugletur

Måndag 5. mai kl 19.00

Kveldstur i lia under Bryggefjell. Flott utsyn over bygda. Varm li med mange ulike typer treslag og yrande fugleliv. Vi vil kunne høyre og sjå alle dei vanlege skogsfuglane.

Oppmøte kl 19.00 på parkering ved Innleggen øvst i Liheia.

Ta gjerne med kikkert og fuglebok
Alle er velkomne!

Arrangør: Naturvernforbundet i Midt-Telemark og Bø Turlag. Turleiar: Øyvind Steifetten.

Svarttrost - Fyldig melankonsk sang gir flott kveldsstemning. Foto Kristin Vigander, Oslo, Husebygrenda

Svarttrost – Fyldig melankonsk sang gir flott kveldsstemning.
Foto Kristin Vigander, Oslo, Husebygrenda


Kanotur på Bøelva

Tysdag 20. mai
Påmelding – sjå under!

Kanotur på Bøelva for heile familien. Turen startar frå Sanda camping. Her leier vi maks. 5 kanoar og redningsvestar. Sjølve padleturen tek ein dryg time. Elva flyt roleg nedover til hengjebrua og er heilt ufarleg også for dei som er lite vante med å manøvrere kano på rennande vatn. Under vegs til hengjebrua stoppar vi rett før Eriksteintjønna for bålkos og grilling. Vi reknar med å vere heime ca kl 21.00.

Det er stor aktivitet i fleire familiegrupper bever like nedanfor rasteplassen. Etter kl 20 om kvelden kan vi rekne med å få nærkontakt med den store gnagaren. Langs elva er det eit yrande fugleliv av trost og andre sporvefuglar. Strandsnipa pip langs elvekanten og flyg framfor kanoen med hengande vengjer. Andre vassfuglar held seg på god avstand når ei gruppe kanoar forstyrrar kveldsfreden.

Avreise frå kommunehuset kl 18.00
Ta med grillmat. 150 kr i leige av ein kano med årar og redningsvest. Ein kano tek 2 personar.
Påmelding til Arne Hjeltnes 46 45 18 50 innan søndag kveld 18. mai.

Lars Sanden og Mari Gilje Sanden på elva i eigen kajakk  Foto: Arne Hjeltnes (mai 2010)

Lars Sanden og Mari Gilje Sanden på elva i eigen kajakk
Foto: Arne Hjeltnes (mai 2010)

Bever.  Foto: Arne Hjeltnes

Bever. Foto: Arne Hjeltnes

 


Manheimstrondi

Søndag 25. mai
Bø Turlag inviterer til vandring langs denne gamle ferdavegen ved Seljordsvatnet. Me startar vandringa nede ved hovudvegen, tek opp mot garden Igletveit, og vidare fram til To, som ligg på litt over 500m.

Oppmøte ved heradshuset kl.10.00.
Middels krevjande tur.

Turleiar
Tor Lønnestad, tlf: 915 11 154
epost: tor.lonnestad@hit.no

Du ser dei når du køyrer RV36 mot Seljord. «Vefall», «Bukti» og «Reinstaul» attmed ein vandrar. Slik lokkar skilta deg opp frå vegen, opp i heia. Høgt over trafikken, høgt over Seljordsvatnet. Der låg heigardane og plassane tett i gamle dagar, med utløer og stular endå høgare opp under fjellet. Det var eit heilt samfunn, med vegar på kryss og tvers. Kvar vesle flekk med jord var rydda.

Dette er vanskeleg å sjå for seg i dag. No er det berre få stader att der det bur folk, somme stader står husa att, atter andre stader tek naturen tilbake.

Heigarden To. Foto: Tor Lønnestad

Heigarden To. Foto: Tor Lønnestad


Pilgrimsvandring 2014

Torsdag 29. mai

Pilgrimsvandring

Vandring mellom Nes kyrkje i Sauherad og Bø Gamle kyrkje. Dette er eit samarbeid mellom ein rekkje organisasjonar i Bø kommune og Sauherad kommune.

Sjå informasjon om pilgrimsvandring
Den Norske Kirke, Sauherad og Nes Sogn. Les meir….

 

 


Gjenopning av løypenettet på Lifjell

Tysdag 3. juni

Presentasjon av nymerka turstier og løypenett på Lifjell. Markering på Jønnbu. Kaffi og lappar. Tur opp til Krintofjellet og Bøkstulnatten etterpå.

«Lifjellgjengen» har lagt ned mykje arbeid for å ruste opp turstiane. Dei er nymerka, skilt og oppslagstavler er sett opp. Det er lagt ned omlag 1 000 dugnadstimar. Lifjell Løypelag har ansvar for skiløypene på Jønnbuområdet og innover fjellet til Hollane.

DNB stiftinga har finansisert prosjektet med
120 000 kr. Vi søker Telemark Fylkeskommune og Gjensidigestiftelsen om dei siste 37 000 kr.

Markering på Jønnbu parkering kl 18.00

Tur til Krintofjellet og Bøkstulnatten ca kl 18.45
Turleiar: Thorvald Amundsen
tlf. 959 44 839 – epost: petra@nenett.no

Inge Bø og Tor Sisjord leiar "Lifjellgjengen"

Inge Bø og Tor Sisjord leiar «Lifjellgjengen»


Langedal i Uvdal

Tysdag 17. juni

Opplev midtsommarblomstring i Langedal
Turen går på dagtid i regi av Midt-Telemark Seniorlæring.

Turleiar: Odd Vevle.

Mer informasjon om turen:
Midt-Telemark Seniorlæring
Husmannsplassen Langedal

Generelt om kulturhistoriske rusleturar frå heimesida til Midt-Telemark Seniorlæring:

Turane startar kl.10.30 frå Bø Frivilligsentral for sam-ordna kjøring om ikkje anna er opplyst. Elles frammøte kl. 11 på startpunktet for turen. Turen skal være avslutta før kl.15. Ta med niste og kle deg etter veret.

Våronn. Foto: Odd Vevle.

Våronn. Foto: Odd Vevle.

Busknellik. Foto: Odd Vevle

Busknellik. Foto: Odd Vevle

 


Bjørgenut i Seljord

Tysdag 17. juni

Frammøte ved Heradshuset kl. 17.30. Kjøring på bomveg opp Grunningsdalsvegen. Betaling med kort. Litt krevjande tur med makelaus utsikt.

Turleiar: Halvor R Gåra.
Kjentmann: Ragnar Haugstøl

Seljord er kransa av fleire ruvande toppar som Gøysen på Skorve 1368 og Mælefjell 1413. Sjølv om vesle Bjørgefjøll med sine 895m er ein smågut å rekne, er turen til topps vel verdt å ta. Her ser ein bokstavleg tala Seljord i fugleperspektiv. Startar ein ved Bjørge, får ein verkeleg smaka på motbakkar. Tysdag kveld tar me ein litt lettare variant ved å kjøre Grunningdalsvegen inn mot Reinstaul og så følgje merka stig innover Borkebudalen og så klatre opp den bratte lia til Geitekyrkja og Bjørgefjølll. Her blir det matrast med fugleperspektiv mot Brøløs og Seljordsvatnet. I nord ser ein tydeleg Vindeggen og Brattefjell. Nedturen følgjer den raudmerka løypa ned mot bilane, kanskje med solnedgang bak Skorve. Dei som likar bratte utforbakkar, kan få høve til å rulle ned turstigen til Bjørge.

Mot Skorve og Flatdal. Foto Halvor R Gåra

Mot Skorve og Flatdal. Foto Halvor R Gåra

Seljordsvatnet og Seljord frå Bjørgefjøll.  Foto: Halvor R Gåra

Seljordsvatnet og Seljord frå Bjørgefjøll.
Foto: Halvor R Gåra


 

Karistul

Tysdag 19. august

Kvelsdtur til Karistul i Øvre Bø.
Middels krevjande tur frå Verpesom tek ca 3 timar medrekna kaffepause.

Vi startar turen ved Verpe og vandrar opp Karistulvegen. Vi tek med oss den flotte utsikten på veg oppover og leitar oss fram til Karistul som er godt gøymt i landskapet. Det blir kafferast ved den flotte lavvoen på Karistulfjellet.

Avreise frå heradshuset kl.17.30
Turleiar: Ingunn Espesett Vreim, tlf. 95 07 69 31

Vel møtt i seinsommarkvelden!

Sommer ved tømmerveggen. Foto Ingrid Bergane.

Sommer ved tømmerveggen. Foto Ingrid Bergane.


 

Trytetjønn på Folkestadåsane

Søndag 24. august

Bli med Barnas Turlag og Bø Turlag på tur til Store Trytetjønn på Folkestadåsane søndag 24. august. Fra barnehagen går vi gjennom bustadfeltet og ut på lettgått sti i fint skogsterreng, til saman ca. 1,5 km. På vegen blir det natursti. Vi raster ved Trytetjønn og har noen aktivitetar der, og kanskje dukkar det opp noko godt å bite i.

Ta med mat og drikke, sitjeunderlag og klede, atterhald om veret.

Oppmøte ved Folkestad barnehage kl.11.00.
Retur ca kl.14.00.

Turleiarar
Brita R. Iversen mob.91719190
Marte B. Berdahl mob.97680709

Store Trytejønn, foto Arne Hjeltnes

Store Trytejønn, foto Arne Hjeltnes


 

Geocaching langs Bøelva

Søndag 31. august

Vi finn «geocaching»-postar med GPS. Familietur. Oppmøte på parkeringsplassen ved Folkestad-brua kl.13.00. Det blir opplæring i Geocaching. Ta med mat og drikke for ein rast på Hellosvelta. Turen tek omlag 1,5-2 timar. Vel møtt til ein morosam og spennande tur for heile familien.

Turleiar er Astrid Brockhus
mob. 913 77 515

Bø Turlag sin tur søndag 31.august går langs Bøelva.
Geocaching er ein aktivitet som passar for barn i alle aldre – frå 2 til 102. Det går ut på å finne boksar (kalt cacher) som er gøymt forskjellige stader ved hjelp av ein GPS eller ein smart-telefon. Du finn dei ute i naturen eller meir der folk bur. Storleiken på boksane varierer frå bittesmå til boksar på fleire liter. Alle inneheld ei loggbok. I tillegg kan nokre av dei større boksane innehalde små «bytteting».

For dei som ønskjer å prøve seg, kan det lønne seg å gå inn på www.gcinfo.no eller www.geocaching.com på førehand (velgje språk og les om det under «Lær») , men det er ikkje eit «must».

Vel møtt til ein morosam
og spennande ettermiddagstur!

Bøelva ved Kvennøya i vårflommen.  Foto Ingrid Bergane

Bøelva ved Kvennøya i vårflommen.
Foto Ingrid Bergane

Eksempel på ein geocaching-post, med GPS til høgre.  Foto: Geocaching Norge: http://www.gcinfo.no

Eksempel på ein geocaching-post, med GPS til høgre.
Foto: Geocaching Norge: http://www.gcinfo.no


 

Gonge på Seljordshei

Søndag 7. september

Kulturtur til Gonge på Seljordsheia. Vi køyrer med privatbilar til Dalsvatn og vidare opp bomveg til Gongevatnet. Bomvegen er ope frå kl 08.00 til kl 17.00 denne sundagen. Det er kort veg på god sti frå parkering ved Gongevatnet til plassen Gonge.

Sjå kart. (Du kan flytte deg rundt i kartet – «zoome og panne»)

Kulturinnslag med Torgrim Soterud (hardingfele) og Ragnar Haugstøl (kjentmann). Ta med mat og drikke til turen. Vi fyrer opp eit bål til eigen grillmat.

Avreise frå heradshuset kl.10.00
Turen er eit samarbeid mellom
Bø Museum og Bø Turlag

Håvard Aabø (mob.: 97750818)
(er kontaktperson på museet)

Gonge. Foto: Seljord Sågelag.

Gonge. Foto: Seljord Sågelag.

Seljord og Sogene

Hølje Gonge (18.. – 1889) budde på plassen Gonge på Seljordshei. Han var lam og levde livet sitt bunden til kubbestolen. Likevel var han kunnskapsrik og handig, heldt aviser og var den i lokalmiljøet folk kom til for å spørje nytt frå verdi omkring. Han vann pris for god treskjering på verdsutstillinga i London i 18..

Gongestogo står idag på Dyrskuplassen. Her vert soga om Hølje formidla kvart år gjennom forteljingar om livet hans og huset vert nytta til utstillingar av handverk-tradisjonar. Referanse
Sigurd Telnes fortel om Hølje Gonge: Video


 

Soppkurs

2., 4., 8. og 11. september
Det blir halde soppkurs i Bø Prestegard fire kveldar: Tysdag 2., torsdag 4., måndag 8. og torsdag 11. september klokka 18-21. Pris: 600 kr, inkludert kveldsmat. Maks. 15 deltakarar. Ta med sopp til kvar kveld.

Påmelding til Margit Ryen Steen,
tlf. 90243949 eller e-post bjorn.steen@hit.no

Betaling til Vennelaget for Bø Prestegard
konto nr. 2630.30.08534
NB! Betaling etter at påmeldinga er bekrefta.

Ein varm sommar og mykje regn i august har no sett fart i soppskogen. Vennelaget for Bø Prestegard og Bø Turlag arrangerer soppkurs 2., 4., 8. og 11. september i Bø Prestegard. Sjølv om mange vanlege artar framleis manglar i skogen, håpar vi på at dei dukkar opp i løpet av kort tid.

På kurset blir dei vanlege gruppene av sopp gjennomgått: skivesopp, rørsopp, poresopp, piggsopp, røyksopp og morklar. I kvar gruppe vil vi demonstrere dei vanlegaste artane og lære å sjå forskjell på dei. Særleg viktig er forskjellen på dødeleg giftige soppar og gode matsoppar som kan likne litt på dei farlege soppane. Vi skal bruke både bilde av sopp og forhåpentlig soppen sjølv i timane.

I prisen på 600 kroner inngår også kveldsmat. Siste kvelden vil vi også stelle til ein sopprett av det vi har funne.

Det er svært ønskeleg at deltakarane tar med seg sopp til kvar kveld. Da vil vi få fleire soppar å demonstrere.Vel møtt!

kantarell

Gul kantarell

Bjørn Steen har samla informasjon
om eit knippe sopp. Sjå på bilde og kjenneteikn: Les meir….
(NB! stor fil, lang nedlastingstid!)

 


Bø-marsjen

Søndag 21. september

I år går Bømarsjen i området Roheim – Maskat. Start mellom 10.00 og 12.00. Tilbake ved start seinast kl 15. Vaksne kr 50, barn kr 20 og familie kr 100 (hugs kontantar).

Avkjøringa frå Reshjemvegen til Roheimvegen er skilta. Det er få parkeringsplassar ved start/mål på Svalbjør vest for Svalbjørtjønna. Vi oppmodar til samkøyring. Parkeringsvakt vil hjelpe deg på plass.

  • Kort løype 3.9 km: tur/retur Svalbjørtjønna – Kirsdalstjønna.
    Lang løype10.3 km: Frå Svalbjørtjønna, inn langs Svarttjønn, Solbjørvatnet, opp Lusehaugen til Maskat og ned til matstasjon ved Kirsdalstjønna. Då har du gått 4/5 av heile turen. Kort veg tilbake til Svalbjørtjønna og mål.

Helge Bjørnfeld orienterer om Roheimgrenda – Maskat på matstasjonen ved Kirsdalstjønna kl 11.30 og kl 13.30. Her blir det servert kaffi og kake.

Velkomen til ein flott haustdag i skogen!

Bømarsjen 2014  Klikk på kartbildet over for å sjå kartet

Bømarsjen 2014
Klikk på kartbildet over for å sjå kartet

Maskat mot Stokklandsheia, Årmotdalen og Lifjell bak. Foto: Arne Hjeltnes

Maskat mot Stokklandsheia, Årmotdalen og Lifjell bak. Foto: Arne Hjeltnes

Garden Roheim øvst i Roheimgrenda.  Foto Arne Hjeltnes

Garden Roheim øvst i Roheimgrenda.
Foto Arne Hjeltnes


 

Mjelten på Lifjell

Søndag 28. september

Oppmøte ved heradshuset kl 09.00. Turen går frå Jønnbu opp Oksladalen, forbi Skardtjønn og opp på Mjelten. Retur kan ein gå om Øysteinnatten eller sommarløypa over Sandtjønn.

Krevjande tur, lengde ca 18 km tur-retur. Atterhald om dårleg ver.

Vel møtt til ein fin hausttur på fjellet!

Turleiar Thorvald Amundsen
mob.: 959 44 839

Småholmen mot Mjelten midt i bakgrunnen. Foto: Arne Hjeltnes

Småholmen mot Mjelten midt i bakgrunnen.
Foto: Arne Hjeltnes

Parti frå Lifjell vest for Øysteinnatten  Foto: Ingrid Bergane

Parti frå Lifjell vest for Øysteinnatten
Foto: Ingrid Bergane