Turar i 2015

Turane frå turprogrammet blir omtalt på denne sida  etter kvart som annonsa i Bø blad er klar.
Omtale frå tidlegare år: 2010..2011..2012..2013..2014.


Skileik og bål i Krinto

Søndag 1. februar

Barnas turlag og Bø turlag arrangerar vintermoro i Krinto med skileik og aking for store og små. Det blir sjølvsagt og bål til å grille nista på. Møt opp nederst i Krinto på Jønnbu og bli med på ein dag med mykje aktivitet og moro. Arrangementet er ein del av Kom deg ut dagen til DNT. Sjå og Bø turlag og Barnas turlag på Facebook.

Parkering: Jønnbu på Lifjell (avgift)
Oppmøte: Nederst i Krinto frå kl.11.00

Turleiarar
Ingvil Olsen Djuvik (975 22 219)
Beate Vik Edvardsen
Brita Rønning Iversen

Skileik i Krinto på Lifjell. Foto: Ingvil Djuvik

Skileik i Krinto på Lifjell. Foto: Ingvil Djuvik

 


Lifjell på langs

Søndag 22. mars

Grimås – Jønnbu 25 km. Krevjande tur. Buss frå Jønnbu kl. 08.45 eller Bøgata (ved Bø Blad) kl. 09.05. Atterhald om dårleg ver og føre.

Pris for medlemmer kr 120, barn/ungdom kr 50, andre kr 170. Dette dekker også deler av kostnaden til løypemaskin som køyrer over fjellet laurdag (20. kr pr. person). NB! Ta med det nøyaktige beløpet på bussen.

Påmelding innan fredag 20. mars
Deltaking etter påmelding: tillegg 50 kr

Turleiar:
Gunleiv Brukås tlf.: 908 43 925 

 

Vinteren går mot slutten. Det betyr at Bø Turlag på nytt innbyr til Lifjell på langs. Søndag 22. mars er dagen for dei som vil krysse Lifjell frå Grimås til Jønnbu. Bratt opp med utsikt mot Flatdal og Skorve. Bratt ned på den andre sida med Norsjø og Geiteryggen i synsranda. Mesteparten av turen elles går i fint, bølgjande fjellterreng med nutar og vatn på alle kantar.

Legg derfor ikkje bort skiutstyret, pakk sekken kvelden før og bli med på denne vandringa over vårt næraste høgfjell. Det er merka løype frå Grimås til Jønnbu så det blir høve til å gå i eige tempo og bruke dagen over fjellet. Kjem sola fram, vil nok pausene bli lenger i sørhellingane. Ein stopp på Hollane med kaffe og vaffel er ekstra fristande om veret blir surt.

Bussen startar frå Jønnbu. Det er derfor lurt å ha eigen eller andres bil der med tanke på heimturen. Det blir også høve til å gå på i Bøgata eller langs bussruta elles (etter avtale).

Vel møtt til høgfjellstur med Bø turlag!

Liten kvil etter den lange bratte bakken opp frå parkering under Grimås. Skorve troner i bakgrunnen.

Liten kvil etter den lange bratte bakken opp frå parkering under Grimås. Skorve troner i bakgrunnen.

Ned til Blomtjønnan.

Ned til Blomtjønnan.

Hollane seter byr på nysteikte vaflar og ein kvil innomhus.  Slettefjell bak i bildet. Alle bilda: Arne Hjeltnes

Hollane seter byr på nysteikte vaflar og ein kvil innomhus.
Slettefjell bak i bildet. Alle bilda: Arne Hjeltnes

 


Dyrud Damtjønn

Tysdag 14. april (dagstur)

Turen går til Trelsborg Bygdeborg på grunn av mykje snø ved Dyrud Damtjønn.

Midt-Telemark seniorlæring arrangerer kulturhistorisk rusletur til Dyrud Damtjønn i Sauherad. Lokale kjentmenn vil vere med og fortelje undervegs.

Samordna kjøring. Ta med niste og kle deg etter veret.

Oppmøte ved Bø frivilligsentral kl. 10.30. Turen vert avslutta før kl. 15.

Kontaktperson i Seniorlæring:
Inger Haugen, mob. 411 92 165

Program til Seniorlæring

Kontaktperson i Bø Turlag:
Margit R. Steen, tlf.: 902 43 949

Dyrud Damtjønn frå Kraftlagshytta.  Foto: Gvarv Turlag.

Dyrud Damtjønn frå Kraftlagshytta.
Foto: Gvarv Turlag.


Fugletur

Laurdag 9. mai

Fugletur frå Evju Bygdetun, Sauherad. Oppmøte kl. 06.00 på parkeringsplassen til museet. Rusleturen varer til omlag til kl 09.00.

I år startat turen tidlig om morgonen. Då er fuglande svært aktive og det er lett å få nærkontakt med det yrande fuglelivet. Området byr på mange ulike biotopar på kulturmark og våtmark med vatn og elv. Her er både frodige lauvskogar og tett barskog. Derfor vil vi få sjå og høyre mange ulike fuglar.

Ta med frukost og kikkert.

Arrangør: Naturvernforbundet i
Midt-Telemark og Bø Turlag.

Turleiar: Øyvind Steifetten.

Svarttrost - Fyldig melankonsk sang gir flott kveldsstemning. Foto Kristin Vigander, Oslo, Husebygrenda

Svarttrost – Fyldig melankonsk sang gir flott kveldsstemning.
Foto Kristin Vigander, Oslo, Husebygrenda


Geocaching langs Bøelva

Søndag 10. mai

Vi finn «geocaching»-postar med GPS. Familietur. Oppmøte på parkeringsplassen ved Folkestad- brua kl.13.00. Det blir opplæring i Geocaching. Ta med mat og drikke for ein rast på Hellosvelta. Turen tek omlag 1,5-2 timar. Vel møtt til ein morosam og spennande tur for heile familien.

Turleiar er Astrid Brockhus
mob. 913 77 515

I samarbeid med Barnas Turlag

Geocaching er ein aktivitet som passar for barn i alle aldre – frå 2 til 102. Det går ut på å finne boksar (kalt cacher) som er gøymt forskjellige stader ved hjelp av ein GPS eller ein smart-telefon. Du finn dei ute i naturen eller meir der folk bur. Storleiken på boksane varierer frå bittesmå til boksar på fleire liter. Alle inneheld ei loggbok. I tillegg kan nokre av dei større boksane innehalde små «bytteting». For dei som ønskjer å prøve seg, kan det lønne seg å gå inn på Geocaching på førehand, men det er ikkje eit «must».

Vel møtt til ein morosam
og spennande ettermiddagstur!

Eksempel på ein geocaching-post, med GPS til høgre.  Foto: Geocaching Norge: http://www.gcinfo.no

Eksempel på ein geocaching-post, med GPS til høgre.
Foto: Geocaching Norge: http://www.gcinfo.no

Bøelva ved Kvennøya i vårflommen.  Foto Ingrid Bergane

Bøelva ved Kvennøya i vårflommen.
Foto Ingrid Bergane


Folkestadåsane

Tysdag 12. mai

Lett kveldstur til Folkestadåsane. Oppmøte ved kommunehuset kl.18.00. Vi kjører til Hegnun og går mot Spisebordet. Turen går tilbake via Åskollen der det blir pause, så ta med termos og niste.

Turleiar:
Ingrid Askildt, mob.nr. 901 48 962

Spissbordet


Kanotur og beversafari på Bøelva

Tysdag 19. mai

Kveldstur med Barnas Turlag i samarbeid med Bø Turlag. Oppmøte ved Kommunehuset kl 18.00.

Påmelding til turleiar innan tysdag 12. mai.

Turleiar
Sinder Flø, Tlf.: 95 84 75 25

Informasjon om turen
frå Barnas Turlag: Les meir….

Kanotur på Bøelva for heile familien. Turen startar frå Sanda camping. Sjølve padleturen tek ein dryg time. Elva flyt roleg nedover til hengjebrua og er heilt ufarleg også for dei som er lite vante med å manøvrere kano på rennande vatn. Under vegs til hengjebrua stoppar vi rett før Eriksteintjønna for bålkos og grilling. Vi reknar med å vere heime ca kl 21.00.

Det er stor aktivitet i fleire familiegrupper bever like nedanfor rasteplassen. Etter kl 20 om kvelden kan vi rekne med å få nærkontakt med den store gnagaren. Langs elva er det eit yrande fugleliv av trost og andre sporvefuglar. Strandsnipa pip langs elvekanten og flyg framfor kanoen med hengande vengjer. Andre vassfuglar held seg på god avstand når ei gruppe kanoar forstyrrar kveldsfreden.


Lars Sanden og Mari Gilje Sanden på elva i eigen kajakk.  Foto: Arne Hjeltnes (mai 2010)

Lars Sanden og Mari Gilje Sanden på elva i eigen kajakk. Foto: Arne Hjeltnes (mai 2010)

Bever.  Foto: Arne Hjeltnes

Bever. Foto: Arne Hjeltnes


Manheimsstrondi

Tysdag 26. mai

Lett kveldstur til Strond-Rugtveit-Manheim, Seljord. Me får med kjentmann Harald Flaten.

Oppmøte på heradshuset kl.18.00.

Turleiar
Tor Lønnestad, mob.nr.915 11 154.

Stemorsblomst.  Foto: Arne Hjeltnes

Stemorsblomst. Foto: Arne Hjeltnes


Jønneberg

Sundag 31. mai

Turen går frå Sommerligrav ved Uvdalstjønn om Oredalen til Jønneberg. Avstikkar til Stegali. Tilbake går vi ned Barlinddalen. Turen er omlag 8 km lang og går i middels krevjande terreng. Vel møtt til tur med andre turglade. Vi tek atterhald ved dårleg ver.

Turleiar:
Bjørn og Margit Ryen Steen, mob.nr.: 902 43 949

Garden Jønneberg. Foto: Arne Hjeltnes

Garden Jønneberg. Foto: Arne Hjeltnes


Falkefjell

Sundag 7. juni

Oppmøte ved Heradshuset kl. 10.00 for felles kjøring. Kjører inn bomveg i Liheia (hugs kontantar). Går frå Lislestulvaet bratt opp til Nybu og vidare til Hellerdalskyrkja og Falkefjell. Flott utsikt over bygda. Så til Kloppsteinstjønn, Holmen og tilbake via Valjuvet. Ein noko krevjande tur på omlag 5-6 timar. Tek atterhald om dårleg ver.

Turleiar
Thorvald Amundsen, tlf 35 95 15 02/ 959 44 839.

Øvst i Anebudalen mot Falkefjell. Foto: Arne Hjeltnes

Øvst i Anebudalen mot Falkefjell. Foto: Arne Hjeltnes


Korpenut

Tysdag 9. juni

Tur til Korpenut på Vreimsida. Oppmøte ved Heradshuset kl. 18.00 for felles kjøring. Vi kjører opp ved Erikstein. Turen er ganske krevjande med bratte parti. Fantastisk utsikt når vi kjem fram. Ta med kaffe til ein velfortent pause på toppen.

Tek atterhald om dårleg ver.

Turleiar
Ingunn Espesett Vreim, mob.nr.950 76 931.

Rogn i blomst. Foto: Arne Hjeltnes

Rogn i blomst. Foto: Arne Hjeltnes


Narefjell

Tysdag 16. juni

Bli med på ein flott midtsommartur til Narefjell aust for Nordagutu. Noe krevjande kveldstur med 420 høgdemeter i ein lang bakke. Skin kveldssola ser vi ho heile vegen opp og på vegen ned. Fantastisk utsikt i alle retningar på toppen. Fine små vatn nær toppen.

Vi tar i bruk heile den lange lyse midtsommarkvelden og er heime rundt kl 23.00. Turen er eit samarbeid med Gvarv Turlag. Sjå omtale av turen på Ut.no av Britt Fossøy. Bomveg siste stykket opp til parkering.

Avreise frå kommunehuset i Bø: kl 17.45
Avreise frå Gvarv Stasjon kl 18.00

Turleiar
Sveinung Lindtveit og Torstein Vegheim

Kontaktperson i Bø Turlag
Arne Hjeltnes, mob.: 46 45 18 50

Narefjell mot nord. Foto: Britt Fossøy

Narefjell mot nord. Foto: Britt Fossøy


Røysdalsnuten

Sundag 23. august

Bø turlag og Skien turlag inviterer til fellestur til Røysdalsnuten på Lifjell. Oppmøte på Bø torg kl.9.20 for samkjøring til Grimås. Bompenger kr.60,- (bare kort). En krevjande tur i kupert terreng, ca 5-6 timers gange tur retur.

Turleiar
Halvor R.Gåra, mob.: 905 62 953

Omtale – av Skien turlag

”Lifjell er Jotunheimen i miniatyr,” sa turistforeningens ”høvding” Claus Helberg en gang, og dette fjellmassivet er vårt nærmeste høyfjell.

Det ligger og lokker med en mengde spennende topper, de fleste over 1000 moh., og Røysdalsnuten er den høyeste med sine 1291 moh. Nuten ligger i den sørvestre delen av Lifjellmassivet, og fra parkeringen ved Grimås oppe i fjellet, er det ca 5-6 timers gange t/r., stort sett på merket sti. Turen byr på en del stigning i starten, men etter hvert jevner terrenget seg ut. og det blir selvsagt pauser underveis. Tjorbutjønnan passeres før en dreier nordover under Røysdalsnuten. Herfra svinger stien seg etter hvert mot toppen, og her er belønningen et storslått utsyn ,og så kan du også skrive deg inn i boka som ligger i varden Returen vil delvis bli lagt langs en annen trase..

Turen er i samarbeid med Bø Turlag, og deltakerne herfra møter vi ved oppmøtestedet litt nord for Seljord på Rv.36, ved avkjøring til Grimås (Øverland). Dette er en bomvei, og betalingen er kun med kort.Turen er kupert, og gode fjellstøvler anbefales. Det kan bli kjølig i høyden, så varme klær bør tas med i sekken. Skien Turlag ønsker vel møtt til en flott søndagstur og ønsker både nye og tidligere deltakere velkommen til fjells!

For Turgruppa
Ingrid Sørbø, Skien Turlag
e-post: ingsoerb@online.no
mobil: 977 37 970.

Røysdalstjønnan og Grimaren. Foto: Arne Hjeltnes

Røysdalstjønnan og Grimaren. Foto: Arne Hjeltnes


Bømarsjen går i Breisås

Sundag 6. september.

I år går Bømarsjen i Breisås. Kort løype (7 km) og lang løype (11.5 km). Start og mål ved Studentheimen. Start mellom kl.10.00 og 12.00. Tilbake til registrering seinast kl 16.00. Felles matstasjon ved Åstjønn. Matstasjonen er open frå kl 11.00 til kl 14.30.

  • Vaksne kr.50,-
  • Barn kr.20,-
  • Familie kr.100,-

Hugs kontantar.

Kort løype følgjer hovudtraseen til Åstjønn frå Studentheimen. Lang løype følgjer gjerne mindre stiar. Vi tar bla. anna ein tur innom Liaslåtta i nord og over Røysdeilåsen i sør. Sjå kart til høgre.

Det er gode sjanser for dei tøffaste til å ta eit bad i Åstjønn eller Store Damtjønn.

Vi håpar på flott turvêr og
mange glade turgåarar!

Badeplassen ved Åstjønn. Her finn du matstasjonen. Foto: Heidi Vege

Badeplassen ved Åstjønn. Her finn du matstasjonen. Foto: Heidi Vege

Bømarsjen 2015 i Breisås

Bømarsjen 2015 i Breisås

 


Sopptur i Breisås

Mandag 7. september

Oppmøte kl.17.00 på «steinfyllinga» ved innkjøringa til det nye boligfeltet, Breisås syd.

Bjørn Steen har samla informasjon om eit knippe sopp. Sjå på bilde og kjenneteikn. Les meir….

Turleiar
Bjørn Steen, mob.nr. 993 95 664

Gul kantarell.

Gul kantarell.


Andersli i Stoklandsheia

Tysdag 8. september

Lett kveldstur frå Røysland over Gammelstulfjellet til Andersli. Frammøte ved heradshuset kl.18.00

 

  • Kjentmann: Olav Hallstensgård
  • Turleiar: Tor Lønnestad, mob.nr. 915 11 154
Andersli. Foto: Ingrid Bergane

Andersli. Foto: Ingrid Bergane


Sandstul i Uvdalsheia

Tysdag 15 .september

Kveldstur til Sandstul i Uvdalsheia. Møt opp ved Kommunehuset kl 17.30.

  • Turleiar: Aase Aaland (Mobil: 993 98 147)
  • Kjentmann: Marit Torstveit​
Rognebær. Foto Arne Hjeltnes

Rognebær. Foto Arne Hjeltnes


Husmannsplasser i Eikja-bygda

Sundag 20. september

Kulturminneedagen 2015. Lokalhistorisk rusletur til husmannsplassar m.m. i Eikjabygda. Frammøte ved Kommunehuset kl. 11
for felles køyring.

Ein reknar turen tar kring tre timar i lett terreng. Vi stoppar ved Innleggen (kl. 11.15 ved Bergvadhaugen i Uvdalsvegen for syklistar). Vi besøker Kleiva, Uvdalsdammen, Dammen, Sommarligrav og Langedal, der vi et nista. Presentasjon undervegs av bokprosjektet om husmannsplassar i Bø.

Ta med niste.
Atterhald om veret.

Turleiar
Finn Rønning, Mobil: 99 40 13 39

Arrangør:
Bø turlag, Bø Museum, Bø kommune og Stiftinga Bø Prestegard.

Husmannsplassen Langedal under Uvdal gard. Bø Museum.

Husmannsplassen Langedal under Uvdal gard. Bø Museum.


Astridnatten

Sundag 20. september

Oppmøte ved heradshuset kl.9.30. Samkjøring til Strand (bompenger på vegen vidare til Veskestaul).

Krevjande rundtur med Astrinatten som hovudmål. Denne toppen ligg i søndre del av Lifjell med utsikt mot Seljordsvann, Hønsvassdalen og vestre del av Lifjell. Vel møtt til Bø turlag sin siste tur for i år.

Turleiar
Halvor Gaara, mob. 905 62 953

Rypebær i haustdrakt. Foto: Arne Hjeltnes

Rypebær i haustdrakt. Foto: Arne Hjeltnes