Turar i 2016

Turane frå turprogrammet blir omtalt på denne sida etter kvart som annonsa i Bø blad er klar. Turprogrammet for heile året finn du i dokumentet:  Bø Turlag 2016. Omtale av turar frå tidlegare år: 201020112012201320142015


Rjupetjønnuten

Søndag 25. september

Frammøte ved Kommunehuset kl. 9.00. Felleskjøring til Jønnbu. Vi går over Gleksefjell, ned til den gamle fløtningsdammen ved Sandtjønn for ein liten rast. Det er bratt opp mot Nybufjellet og til slutt opp på Rjupetjnnuten 1121 moh. Nå tar vi strake vegen tilbake til Jønnbu om Kloppesteintjønna, Oksladalen og Anebudalen. 

Krevjande tur på 12 km. Flott utsikt over den sørlege delan av Lifjell og Midt-Telemark frå dei to toppane. Elva i Oksladalen kan vere krevjande å krysse ved høg vassføring etter regnver. Ein del av turen går utanfor sti. Atterhald om vêret.

Turleiar: Arne Hjeltnes, mob.nr. 46 45 18 50

Utsikt frå Rjupetjønnuten. Holmen med Fiskelagshytta til venstre og Jøronnatten bak. Foto: Arne Hjeltnes

Utsikt frå Rjupetjønnuten. Holmen med Fiskelagshytta til venstre og Jøronnatten bak. Foto: Arne Hjeltnes

Troganatten

Søndag 18. september

Frammøte ved Kommunehuset kl. 9.30. Felleskjøring opp Brekkegrenda til Gjerstaul. Omlag tre timar opp til toppen. Krevjande tur. Atterhald om vêret.

Troganatten, som er den nest høgaste toppen på Lifjell om ein ser bort frå Mælefjell. Herfrå er det ein fantastisk flott utsikt i alle retningar. Den blir og kalla Hattenuten fordi den ser ut som ein hatt. Ein går gjennom gamle kulturlandskap med mykje historie og hendingar.

Turleiar: Gunleiv Brukås, mob.nr. 90 84 39 25

Fra Skjenan (Bryggefjell) mot Stavsholt myrane, Jøronnatten og Troganatten til venstre bak. Foto: Arne Hjeltnes

Fra Skjenan (Bryggefjell) mot Stavsholt myrane, Jøronnatten og Troganatten til venstre bak. Foto: Arne Hjeltnes

Sopptur i Breisås

Tirsdag 6. september

Oppmøte ovafor Borgja terrasse ved innkjøring til boligfeltet Beisås syd kl.17.30.
Ta med soppkorg og kniv.

Bjørn Steen har samla informasjon om eit knippe sopp. Sjå på bilde og kjenneteikn. Les meir….

Turleiar
Bjørn Steen, mob.nr. 993 95 664

Gul kantarell.

Gul kantarell.

 

Bømarsjen og Kom deg ut-dagen

Søndag 4. september

I år blir Bømarsjen arrangert på Folkestadåsane. Bø turlag fyller 40 år og markerar det med Bømarsjen. Det er lett å ta seg fram på Folkestadåsane. Her er mest open furuskog og små høgdeforskjeller. Kort løype: 6 km, lang løype 10,5 km. Sjå kart ved å klikke på bildet av kartet til høgre.

  • Servering av heimlaga kaker, kaffe og saft
  • Vi fyrer opp eit bål til eigen grillmat 
  • Konkuranse i plommestein-spytting. Premiering.

Vaksne kr 50,- Barn kr 20,- familie kr 100;- 
Hugs kontantar. 

  • Registrering og parkering ved Bø Sommarland frå kl. 10.00-12.00.
  • Matstasjonen ved Store Trytetjønn er open frå kl 11.00 – 15.00.
  • Registrering ved mål på parkering til Bø Sommarland seinast kl 16.00.

Barnas Turlag Bø arrangerer familiedag ved Store Trytetjønn på Folkestadåsane, med aktiviteter, natursti fra barnehagen og inn til Store Trytetjønn og moro i skogen. Aktivitetar på same stad som matstasjonen til Bømarsjen.

  • Oppmøte ved Folkestad barnehage, kl. 11:00. 

Store Tryttjønn. Foto: Helge Jenssen

Store Tryttjønn. Foto: Helge Jenssen

Bømarsjen 2016. Kort og lang løype

Bømarsjen 2016. Kort og lang løype

 

 

Tur til Reskjemnipa

Søndag 28. august

Oppmøte ved heradshuset kl.10. Turen vil vare ca 4-5 timer. Middels krevjande, nokre bratte kneikar. Vi kjører inn til Langetjønn før Reskjem gård. Turen har noen bratte parti, men fra toppen er det flott utsikt mot Reskjemvatnet bl.a. Viktig med godt fottøy. Velkomen til ein flott tur.

Turleiar: Olav Halsteinsgård, mob.nr. 907 70 825

 

 

Rognebær. Foto Arne Hjeltnes

Rognebær. Foto Arne Hjeltnes


Tur på Lifjell

Søndag 21. august

Dagstur til Grønbygil – Sonnstul – Hollane – Grønbygil.
Frammøte ved Heradshuset klokka 9. Felleskjøring til Grønbygil. Bompenger kr.70,-.
Ca 16 km, men delvis lettgått tur.

Turleiarar:
Margit og Bjørn Steen, mob.nr.90 24 39 49

«Veret for sundagen er usikkert. Derfor må vi vente til sundags morgonen med å ta avgjerda om det blir tur eller ikkje. Følg med på heimesida eller facebooksida vår.»

Sidan turen er noko lang, startar vi frå Heradshuset allereie klokka 9. Det er bompengar på 70 kroner på vegen inn Årmotdalen, så vi stablar inn i så få bilar som mogleg. Vi startar turen frå Grønbygil inst i Årmotdalen og går vegen opp til Gavlesjåhytta. Her tar vi stigen over Ljoslihovet til Tjønnstul. Det er litt kronglut opp det fyrste stykket til Ljoslihovet, men fint utsyn på toppen. Rett før Tjønnstul kjem vi inn på ein veg som er laga for ATV. Denne følgjer vi forbi Store Movatn fram til Sonnstul. Undervegs legg vi inn ein kort matpause. Frå Sonnstul snur vi austover att opp ei kneik og vidare i fint lende til Ormetjønn. Her tar vi ein lengre matpause før vi fortset stigen til Hollane. Dersom det er stor vassføring, må vi rekne med at eit par bekkar må vadast. Vidare går stigen bratt nedover til Aslakstul. Den gamle stigen til Grønbygil er svært attgrodd, slik at vi i staden må ta stigen som går til Gavlesjåhytta. Herifrå tar vi same vegen ned til Grønbygil som vi tok oppover.

Turen er om lag 16 km lang og samla stigning 500 meter. Storparten av stigninga tar vi i starten fram til Ljoslihovet. På grunn av lengda treng vi to matpausar, så ta med godt med niste.

Vi går innom Tjønnstul. Foto Arne Hjeltnes


Rugbølfjellet

Søndag 19. juni

Dagstur til Rugbølfjellet sør for Gautiltjønn søndag 19.juni.
Oppmøte ved kommunehuset kl.10 for felles kjøring.

Bø turlag sin søndagstur startar frå Svartjønn innafor Tveiten i Eikjabygda. Vi går sør- og vestover via Trolldalstjønna (535 moh.) til Ramsåsfjellet/ Rugbølfjellet (589 moh.) med flott utsyn. Det er få stiar og tråkk i området, så turen er noko krevjande.

Turleiarar:
Klas Grave (mob.nr. 900 33 402) og Bergit Grivi


Nauteli

Tysdag 14. juni

Kveldstur til Nauteli (Brekkegrenda). Dette er ein rundtur som startar ved Gjerstaul i Brekkegrenda. Ganske bratt opp og forbi Mostaul. På Nauteli blir det matpause. Velkomen til ein noko krevjande, men fin tur i sommarkvelden.

Oppmøte ved kommunehuset kl.17.30.  Atterhald om veret.

Turleiarar:
Torleiv Brekke og Ingunn Espesett Vreim mob.nr. 950 76 931

Nauteli_2


Griseryggen

Tysdag 7. juni

Kveldsturen går til Grisryggen i Breisås. Frå Bø kortar vi turen kraftig ved å gå opp frå Norheimsida. Derfrå tar det ein god time på traktorveg og stigar til toppen. Etter matrast , tar vi turen ned igjen om Gamlestul og følgjer gammal kjerreveg attende til bilane. Total stigning på omlag 300m.

Oppmøte ved kommunehuset kl.18. Atterhald om veret.

Turleiarar:
Bjørn og Margit Steen. Mob.nr. 902 43 949

Utsikt fra Griseryggen mot aust.

Utsikt fra Griseryggen mot aust.


Husmannsplassar under Bø-gardane

Sundag 29. mai

Rusletur. Samling ved Bø kyrkje kl. 12 for felles køyring. Vi planlegg å komme innom desse husmannstuftene: Tjønna, Aslaugs tuft, Brukarmyra, Mogene, Lauvbudalen og Brekka. 

I tillegg blir det orientering undervegs om tidlegare plassar til Bø-gardane som har blitt småbruk i dag og om plassar ein ikkje veit kor låg. Turen blir ei vandring for det meste i lett terreng, litt bratt opp til Lauvbudalen.

Ta med niste for rast undervegs. Ein reknar at turen vil ta mellom 3-4 timar.

Turleiar
Finn Rønning og Bjørn Tveiten.

Arr: Bø Turlag i samarbeid med Bø Museum og Stiftinga Bø Prestegard.

Vegen til Eikjabygda går like forbi Lauvbudalen.  Foto: Bjørn Tveiten 2015.

Vegen til Eikjabygda går like forbi Lauvbudalen.
Foto: Bjørn Tveiten 2015.


Kanotur på Bøelva

Onsdag 25. mai

Barnas Turlag og Bø Turlag inviterer til familietur på Bøelva. Avreise frå kommunehuset kl 18.00, tilbake ca. 21.00. Ta med grillmat. Turen er gratis, men kostnad for kanoleie kan tilkomme.

Meir informasjon finn du på nettsidene til Barnas Turlag, eller kontakt turleiar.

Påmelding til Sindre Flø 95 84 75 25 innan 20. mai.


Kanotur på Bøelva for heile familien. Turen startar frå Sanda camping. Sjølve padleturen tek ein dryg time. Elva flyt roleg nedover til Hengjebrua og er heilt ufarleg også for dei som er lite vante med å manøvrere kano på rennande vatn. Under vegs til Hengjebrua stoppar vi rett før Eriksteintjønna for bålkos og grilling. Vi reknar med å vere heime ca kl 21.00.

Det er stor aktivitet i fleire familiegrupper bever like nedanfor rasteplassen. Etter kl 20 om kvelden kan vi rekne med å få nærkontakt med den store gnagaren. Langs elva er det eit yrande fugleliv av trost og andre sporvefuglar. Strandsnipa pip langs elvekanten og flyg framfor kanoen med hengande vengjer. Andre vassfuglar held seg på god avstand når ei gruppe kanoar forstyrrar kveldsfreden.

Lars Sanden og Mari Gilje Sanden på elva i eigen kajakk.  Foto: Arne Hjeltnes (mai 2010)

Lars Sanden og Mari Gilje Sanden på elva i eigen kajakk.
Foto: Arne Hjeltnes (mai 2010)

Bever.  Foto: Arne Hjeltnes

Bever. Foto: Arne Hjeltnes


Grønli

Tysdag 24. mai

Kveldstur til Grønli i Askildtfjellet. Ca 45 min til toppen. Litt krevjande tur. Me startar frå Hanskås (Hørte) og går tilbake om Kleiva for deretter langs Hørteelva til Hanskås.

Fantastisk utsikt over Bø på toppen. Der tar vi kaffepause.

Oppmøte ved kommunehuset kl 18.00

Turleiar
Ingrid Askildt, tlf 90148962

Foto: Ingrid Askildt

Foto: Ingrid Askildt


Pilegrimsvandring

Laurdag 21. mai

Pilegrimsvandring frå Nes kyrkje til Bø gamle kyrkje laurdag 21.mai kl.8.30 / 9.30 – 17. Markeringar ved start og mål, kulturelle innslag, matstasjonar undervegs der mat kan kjøpast.

Meir informasjon
Sjå ein plakat: les meir…
Sjå eit kart: les meir…

Pilgrimsvandring


Fugletur

Onsdag 11. mai

Fugletur på Folkestadåsane i samarbeid med Naturvernforbundet i Midt-Telemark. Fokus på fuglane i furu- og granskog.

Oppmøte på den store P-plassen ved Telemarkshallen kl.18.

Turleiare
Øyvind Steifetten
Marte B Berdahl mobnr. 976 80 709

Svarttrost - Fyldig melankonsk sang gir flott kveldsstemning. Foto Kristin Vigander, Oslo, Husebygrenda

Svarttrost – Fyldig melankonsk sang gir flott kveldsstemning.
Foto Kristin Vigander, Oslo, Husebygrenda


Tveitenstulen

Tysdag 10. mai

Program for kulturhistoriske rusleturar: Turane startar kl. 10.30 frå Bø frivilligsentral for dei som vil ha skyss. Elles frammøte på staden kl. 11.00. Det har hendt at turleiar har meldt avbod på kort varsel. Me har derfor ”tur på lur” der ein frå gruppa kan orientere. For alle rusleturane gjeld: Ta med niste, du treng gode sko og klede etter vêret.

Sjå heimesida til Seniorlæring: les meir…

Arr.:
Midt-Telemark Seniorlæring


Knarren i Lunde

Tysdag 3. mai

Kveldstur til Knarren i Lunde. Ca 1 time til toppen. Utsikt til Hauglandtjønn-Tyrivatn-Langen. Familievennlig rundtur. Oppmøte ved kommunehuset kl.18 for felleskjøring.

Kartreferanse til Knarren.

Turleiar:
Thorvald Amundsen mobnr. 959 44 839

Kvitveis


Lifjell på langs

Søndag 13. mars

Skitur Grimås – Hollane – Jønnbu. Krevjande høgfjellstur på 25 km. Buss frå Jønnbu kl. 08.45 eller Bøgata (ved Bø Blad) kl. 09.05. Atterhald om dårleg ver og føre.

Pris for medlemmer kr 150, barn/ungdom under 18 år kr 50, andre kr 200. Dette dekker også deler av kostnaden til løypemaskin som køyrer over fjellet laurdag. 

Påmelding innan fredag 11. mars
Deltaking etter påmelding: tillegg 50 kr
NB! Ta med det nøyaktige beløpet på bussen.Turleiar:
Gunleiv Brukås tlf.: 908 43 925 


Vinteren går mot slutten. Det betyr at Bø Turlag på nytt innbyr til Lifjell på langs. Dette er dagen for dei som vil krysse Lifjell frå Grimås til Jønnbu. Bratt opp med utsikt mot Flatdal og Skorve. Bratt ned på den andre sida med Norsjø og Geiteryggen i synsranda. Mesteparten av turen elles går i fint, bølgjande fjellterreng med nutar og kvite vatn på alle kantar.

Legg derfor ikkje bort skiutstyret, pakk sekken kvelden før og bli med på denne vandringa over vårt næraste høgfjell. Det er merka løype frå Grimås til Jønnbu så det blir høve til å gå i eige tempo og bruke dagen over fjellet. Kjem sola fram, vil nok pausene bli lenger i sørhellingane. Ein stopp på Hollane med kaffe og vaffel er ekstra fristande om veret blir surt.

Bussen startar frå Jønnbu. Det er derfor lurt å ha eigen eller andres bil der med tanke på heimturen. Det blir også høve til å gå på i Bøgata eller langs bussruta elles (etter avtale). 

Vel møtt til høgfjellstur med Bø turlag!

Liten kvil etter den lange bratte bakken opp frå parkering under Grimås. Skorve troner i bakgrunnen.

Liten kvil etter den lange bratte bakken opp frå parkering under Grimås. Skorve troner i bakgrunnen.

Ned til Blomtjønnan.

Ned til Blomtjønnan.

Hollane seter byr på nysteikte vaflar og ein kvil innomhus.  Slettefjell bak i bildet. Alle bilda: Arne Hjeltnes

Hollane seter byr på nysteikte vaflar og ein kvil innomhus. Slettefjell bak i bildet. Alle bilda: Arne Hjeltnes


Skileik og bål i Krinto

Søndag 7. februar

Barnas turlag og Bø turlag arrangerar vintermoro i Krinto med skileik og aking for store og små. Det blir sjølvsagt og bål til å grille nista på. Møt opp nederst i Krinto på Jønnbu og bli med på ein dag med mykje aktivitet og moro. Arrangementet er ein del av Kom deg ut dagen til DNT. Sjå og Bø turlag og Barnas turlag på Facebook.

Parkering: Jønnbu på Lifjell (avgift)
Oppmøte: Nederst i Krinto frå kl.11.00

Turleiarar:
Ingvil Olsen Djuvik (975 22 219)
Beate Vik Edvardsen

Skileik i Krinto på Lifjell. Foto: Ingvil Djuvik

Skileik i Krinto på Lifjell. Foto: Ingvil Djuvik