Turområdet Folkestadåsane
Folkestadåsane er namnet på dei låge skogåsane mellom Folkestad-grenda og Hørteelva. Åsane har glissen furuskog, flate berg, runde åsryggar, store myrar og to fine tjønnar. Høgdeforskjellane er små. Dei lettgåtte stiane gjer dette til eit turområde som passar for alle, både liten og stor, gammal og ung. Turområdet er lett å nå til fots, med sykkel eller buss. Kort veg frå Bø sentrum. Informasjonstavle i A3-format står på parkeringsplassane: Sjå på informasjonstavla.
Vegen fram til parkeringsplassane
Avstanden frå Bø sentrum (rundkøyring) er ca 4.9 km til parkering ved Telemarkshallen og 3.9 km til Mogan. Følg først Folkestadvegen mot Notodden – mot nord. Etter 3.5 km ved avkøring til Hellestad Sandtak må du velje mellom dei to parkeringsplassane. Parkering ved Mogan til høgre eller rett fram til Telemarkshallen. (100 m forbi hallen.)
Kart
Informasjonstavler ved parkeringsplassane har kart på plakatar i A3-format. Dei kan du sjå på her eller skrive ut på printaren din, gjerne i A4-format. Sjå på kartet.
Turstiane finn du og på trykt Turkart Bø, 2011.
Informasjonen på web-kartet nederst på sida er «klikkbar». Her finn du omtale av natur og friluftsliv i tekst, bilde og video. Du kan navigere deg rundt i kartet.
- Sjå web-kart Folkestadåsane på ei heil side.
- Ta med deg alle turstiene til Bø Turlag og Gvarv Turlag ut på mobilen i appen UT.no Les meir…