Turområdet Gygrestolen

 

Gygrestolen har til alle tider vore eit kjent landemerke for folk i Bø. Ikkje berre er Gygrestolen med ura og dei to kjempeblokkene ein heilt spesiell og særeigen fjellformasjon skapt av siste istid, men det knyter seg også segner til stolen og ura.

Turen opp til Gygrestolen er stort sett ein lang oppoverbakke. Først i tett skog, seinare på svaberg og oppe på platået – grunlent open furuskog. På grunn av stor trafikk er deler av stien sterkt slitt med mykje stein og røtter. I vått eller kaldt vær (is) blir dette utfordrende, særlig for dei yngste. Når vi kommer fram til Svarttjønn har vi lagt bak oss dei lengste motbakkane. På nordvestsida av tjønna er det ein underleg hule i to etasjar. Oppe på platået kan vi anbefale ein kort avstikkar til Venetjønn som på fine sommerdager kan friste med eit bad. Turen går vidare i småkupert tereng fram til Gygrestolen.

Flott utsikt frå toppen mot dei to store steinblokkene (stolen),  ura under og eit vakkert kultur- og naturlandskap. Tilbaketuren går du mot aus gjennom gamal naturskog. Fra Maurknatten får vi ein heilt spesiell utsikt mot den store grove ura under stolen.

God badeplass til Eikjabygda Vel ved Uvdalstjønna. Informasjonstavle i A3-format står på parkeringsplassane: Sjå på informasjonstavla.

Vegen fram til parkeringsplassen

Avstanden fra Bø sentrum til parkering nær Uvdalstjønna er ca 8 km. Følg først riksveg 359 mot Lunde fra Bø sentrum (rundkjøring). Etter ca 4 km tar du til høgre mot Tveiten ved Tjønnås. Lenger framme må du ikkje ta av til høgre på Dagstjønnvegen. Ved parkeringsplassen finn du informasjonstavle og blåmerka sti opp til Gygrestolen. Sykkel og bil er aktuelle framkomstmiddel. Stor parkeringsplass med oppmerka plassar. 

Kart

Informasjonstavle ved parkeringsplassen har kart på plakat i A3-format. Dei kan du sjå på her eller skrive ut på printaren din, gjerne i A4-format. Sjå på kartet.
Turstiane finn du og på trykt Turkart Bø, 2011.

Informasjonen på web-kartet nederst på sida er «klikkbar». Her finn du omtale av natur og friluftsliv i tekst, bilde og video. Du kan navigere deg rundt i kartet. 

 

Gygrestolen sett nede frå ura. Foto: Arne W Hjeltnes.

Venetjønn på Gygrestolfjellet. Foto: Arne Hjeltnes