Håsårudhåtten Kulturminneområde

Gravfelt, kolmile, kolgroper, holvegar og Bordvegen

Frå parkeringsplassen ved Breisås Studentheim går du Bordvegen sørover ca. 500 meter. Her følgjer du kulturminnestien Spinnehjulet. I rundløypa vil du kunne sjå alle kulturminna. Du får eit innblikk i bruken av Håsårudhåtten dei siste 2 000 åra. Håsårudhåtten høyrer i dag til garden Staurheim som har historie heilt tilbake til eldre jernalder og er ein av dei eldste gardane i Bø. I Håsårudhåtten er det bevart over ti gravhaugar, fleire holvegar og ei stor kolmile, i tillegg til den historiske Bordvegen.

Sjå stor hovudplakat ved kulturstien Håsårudhåtten: Les meir….
Brosjyre om Håsårudhåtten. Les meir….

Gravhaugar

I kvar enkelt haug er det gravlagt ein eller fleire personar. Dette skjedde i tidsromet frå omkring år 0 og fram til folk tok i bruk kristen gravskikk på 1000-tallet Bortsett frå to er alle gravhaugane rundhaugar. Ved Bordvegen ligg det to langhaugar. Slike haugar representerer oftast kvinnegraver. Dei som var høgt akta eller eigde store verdiar fekk store haugar, mens folk flest ikkje fekk nokon haug i det heile tatt. I arkiva kan ein lesa at adjunkt Winther fekk grave ut fleire haugar på Staurheim i 1880. I ein av haugane fann han eit spinnehjul av brent leire som kunne daterast til Romertid (0-400). Mens mange gravhaugar har plyndringsgrop, er det ein av haugane på dette feltet som skil seg ut ved ei firkanta nedgraving. Truleg er dette ein av haugane som Winther grov ut. Gravhaugar er våre mest personlege kulturminne som krever respekt. Dette område er ein gravplass på same måte som dagens kyrkjegardar.

Kolmile og kolgroper

Kolframstilling har vore eit viktig ledd i produksjon og forming av jern heilt tilbake til 500 år før vår tidsrekning. I Håsårudhåtten ligg det ei stor kolmile på heile 18 meter i tverrmål. Mila er synleg som ei stor rund flate med fleire groper omkring. Under torva ligg det framleis eit tjukt lag kol. Kolmilene er ofte ikkje eldre enn 300 – 400 år. Det er og mange kolgroper i omådet

Holveg

Restar etter dei eldste ferdselvegane ein kjenner til, kallast holvegar. Desse syner seg som u-forma forsenka stiar som oftast følgjer naturgitte passasjar. Holvegane er vanskelege å tidfeste, men mange av dei vitnar om bruk heilt tilbake til jernalderen. Det som gjer holvegane i dette området spesielle er at dei passerer tett opptil gravhaugane. Dette er ikkje vanleg og vitnar om ein viss samanheng mellom dei to kulturminna.

Bordvegen

Langs kulturminnefeltet går Bordvegen som blei brukt til å transportere tømmer og plankar utanom Vrangfoss. Det er kjent at vegen var i bruk omkring 1770, men han har truleg vore i bruk lenge før den tid.

Holveg. Foto: Ivar Mæland

Holveg. Foto: Ivar Mæland

 Bordvegen. Foto: Ivar Mæland

Bordvegen. Foto: Ivar Mæland

Gravhaug. Foto: Ivar Mæland

Gravhaug. Foto: Ivar Mæland