Maskat

Området sør for Roheimheia mot Maskat (686 m.o.h) er prega av mange vatn, myrer og fine kollar med open venleg furuskog og utsikt mot Lifjell, Bø og sørover mot Sauherad. Oppe på Maskat er det mest nakent fjell.
Nå kan du gå på ny merka sti (2017) frå Svalbjør til Maskat. Frå parkering ved Svalbjørtjønna følger du for det meste veg og traktorveg i skogsterreng opp til Kirsdalsatjønna. Vidare oppover går stien over knausar og småtoppar med flott utsikt vestover mot Solbjørgvatnet.
Alternativt kan du følge stien til venstre ved Kirsdalsatjønna forbi Rennetjønn og Tveitvatna og tilbake til Maskat. Det er mykje våt myr frå Rennetjønn til Gulnostjønn. Flott parti langs Tveitvatna og lia opp til Maskat med utsyn mot Gvarv og Nordsjø.

Meir informasjon på informasjonstavle som står på parkeringsplassen ved Svalbjørtjønna: Sjå på informasjonstavla.

Det er mogeleg å ta seg fram på ski til Maskat. Gvarv Turlag har skuterpreparert skiløype ned frå Maskat mot Kirsdalstjønna. Sjå kart over skiløyper.

Vegen fram til parkeringsplassen

Følg riksveg 152 ca 12 km frå Bø sentrum til avkjøring til høgre på Roheimvegen  og vidare opp til parkering ved Svalbjørtønna, 16 km frå Bø sentrum.

Kart 

Informasjonstavler ved parkeringsplassane har kart på plakatar i A3-format. Dei kan du sjå på her eller skrive ut på printaren din, gjerne i A4-format. Sjå på kartet. Eller skriv ut utsnitt av web-karta.
Turstiane finn du og på trykt Turkart Bø, 2011.

Informasjonen på web-kartet nederst på sida er «klikkbar». Her finn du omtale av natur og friluftsliv i tekst, bilde og video. Du kan navigere deg rundt i kartet. Ta med deg kartet ut på mobil eller nettbrett. Finn fram til parkeringsplassen og turmål med GPS på mobilen. Les veiledning. 

På toppen av Maskat. Årmotdalen og Lifjell bak. Foto Arne W Hjeltnes.

På toppen av Maskat. Årmotdalen og Lifjell bak. Foto Arne W Hjeltnes.

Mot Lifjell med Øysteinnatten til høyre og Gleksefjell, fra Maskat. Foto: Marijann Holter.

Mot Lifjell med Øysteinnatten til høyre og Gleksefjell. Bildet er tatt fra Maskat. Foto: Marijann Holter.

Web-kart Bryggefjell – Sjå web-kartet på ei heil side.