Bø Turlag

Formålet med laget er å leggje til rette for friluftslivet og betre kjennskapen til nærområdet vårt frå skog til fjell. Vi rydder og merker stiar og arrangere turar. I tillegg til dette skal laget argumentere for interessene til friluftslivet i aktuelle politiske saker. 

Bø Turlag har 3 undergrupper:

  1. Trilleturar for småbarnforeldre. Turane går kvar tysdag heile året
  2. Rusleturar i sentrum av Bø kvar tysdag heile året. Fem lag samarbeider om tilbodet.
  3. Dugnadsgjeng med omlag 20 personar som vedlikeheld ca 140 km merka turstiar i 9 turområde.

I tillegg

  • er laget medeigar i Bø Løypelag som køyrer opp Vihusløypa og skiløypene nede i bygda.
  • samarbeider vi med Gvarv Turlag om turprogram og informasjonsbrosjyre til heile kommunen. Vi har felles kartdatabase og web-kart

I samarbeid med 8 – 10 lag og organsasjonar tilbyr vi ca 120 gratis arrangement i året. To arrangement har deltageravgift. Alle er velkomne til å delta.

Bø Turlag hadde 287 medlemmer i 2018.
Laget blei stifta i 1976.