Rusletur i Evjudalen tysdagar
AVLYST på grunn av Corona smittefare
Tysdag 2. mai 2017 starta vi opp eit nytt tilbod som vi kallar «Rusleturar i Evjudalen». Fem organisasjonar samarbeider om det nye tilbodet: Nasjonalforeningen Oterholt Helselag, Bø og Sauherad Røde kors, Bø og Sauherad Revmatikerlag, Aktive eldre og Bø Turlag.
- Vi inviterer til rusleturar kvar tysdag kl 11.00.
- Gullbring blir møteplass både før og etter turen.
- Kart over Evjudalen
- Les meir ….
Kl 11.00 Oppmøte i Gullbring
Deltakarane får orientering av turvert om ulike rundturar og opplegget for rusleturane. Sjå kartet som gir oversikt over Evjudalen og nærområde. Deltakarane legg ut på turar, aleine eller i små grupper. Turverten kan vise veg der det trengst.
Kl 12.00 Innkomst i Gullbring
Sosialt samvær for dei som ønskjer det. Deltakarane ordnar seg sjølv med kaffi og mat.