Bli kjent på nye stader i Bø – delta i Turknappen! På turposten finn du ei postakasse. Skriv namnet ditt i boka i kassa. Kravet til turknappen er å gjennomføre turar til minst fem av postane som er lista opp lengst ned på denne sida, under kartet. Gvarv Turlag tilbyr ein tilsvarande «Friskus«.
Turknappnemda: Halvor Gåra, Åse Egeland, Håvard Hognestad-Erikstein og Tove Kristoffersen.
Skjema for registrering av turpostane dine finn du inne i turprogrammet eller her på denne sida. Utfylt skjema leverast Brukås Sport eller på heimesida innan 15. januar 2022.
Registreringsskjema 2022
Kart
På kartet finn du omtale av parkering, stien fram til turposten og turposten.
Sjå på kartet: Turknappen og Friskus
Veiledning til kartet
Klikk i kartet på parkering, sti og turpost og sjå på informasjonen i små «sprett-opp-vindauge». Legg merke til at du må bla nedover i det lille vindauge for å finne all informasjonen. Du må kanskje zoome inn i kartet for å sjå sti til turposten og parkering (Bruk verktøy «+», eller rull med hjulet på musa).
Faste Turpostar
Bryggefjell, vest for Liheia – 778 moh. |
Gygrestolen, Uvdalsheia – 490 moh. |
Høyslass, vest for Nordbøåsane – 375 moh. |
Jøronnatten, Lifjell – 1275 moh. |
Kakkelovnshola, Bryggefjell – 620 moh. |
Maskat, på Askildtfjellet – 686 moh. |
Tåråfjell – 826 moh. |
Øysteinnatten, Lifjell – 1 174 moh. |
Ånto, under Bryggefjell – 500 moh. |
Åstjønn, Breisås – 345 moh. |
Turpostar frå tidlegare år
Trælsborg, Forberg – 150 moh |
Busil, Øvre Bø – 350 moh |
Banken, Røksbu – 700 moh |
Damtjønnstugo, Reskjem – 320 moh |
Raudkritholet, Årmotdalen – 630 moh |
Nye turpostar i 2022
Nye turpostar er klare i god tid før snøen smeltar til våren.
Skrubbehiet, hytte – Lifjell – 830 moh |
Vihushaugen, haug – Vårbu – 445 moh |
Gvålaåsen, telemast – Valen – 150 moh |
Gautiltjønn, tjønn – Øvrebø – 300 moh |
Grønli, utsiktspunkt – Askiltfjellet – 415 moh |
Premiar
Bronseknapp | 1 år |
Sølvknapp | 5 år |
Gullknapp | 10 år |
Diplom | 15 år |
Plakett | 20 år |
Keramikkvarde | 25 år |