Turpostar frå tidlegare år

Kakkelomnshola

Foto: Arne Hjeltnes

Foto: Arne Hjeltnes

Denne hola ligg i Ømsdalen der Ostebekk renn om lag 500 m rett vest for Kremtemyrene. Hola skal ha fått namnet av ein omnsliknande formasjon. Ømsdalen skal hå fått namnet av denne «omnen». Turen tek ein liten time. Hola ligg litt vanskeleg til, men det er laga ein liten stige slik at det er mogleg å sjå inn i hola.

Sti til turposten

Frå parkering ved Innleggen følg merka tursti over Slettelidberga og vidare opp mot Bryggefjellnuten. Ca. 600 m etter kryssinga av Smærstulbekken er det sett opp skilt der den nymerka stien tar av . Den går i lett kupert terreng fram til Omsdalen og Kakkalovnshola.

Det er også merka sti frå hola og opp svaberga mot Bryggefjell. Det kan da anbefalast å fortsetje mot varden på Bryggefjellnuten(dette er også ein turpost).

Frå parkeringa ved Innleggen til Kakkelovnshola er det ca. 3 km. Frå Kakkelovnshola og opp til stien mot Bryggefjellnuten er det ca. 350 m.

Parkering

Avstanden frå Bø sentrum til parkering ved Innleggen er 6.1 km. Følg først riksveg 36 mot Seljord frå Bø sentrum (rundkøyring) og ta av mot Oterholt etter 0.4 km. Ved Oterholt, etter 2.8 km, svingar du halvt til venstre opp mot Li (Liheia) og vidare til venstre mot Innleggen etter 5.4 km frå Bø sentrum.

 

Båntjønn

Båntjønn. Foto: Arne Baugerød

Foto: Arne Baugerød.

Turpost Båntjønn eller også skriven Bånetjønn ligg attmed den merka stigen frå Ølsbru til Roheim over Stadskleivåsen, sjå Bø Turlags heimeside med kart over Folkestadåsane.

Historikk : Vegen frå Ølsbru til Roheim var den gamle ferdselsvegen frå Hørte. Ved Båntjønn har det ifølgje historia vore eit drama der ein kremmar blei drepen og senka i Båntjønn. Heile historia kan du lese i boka «Soga om Hørteverket» del 1 av Jon Hvitsand sidene 656 – 659 under kapitelet «Kræmardrapet på Stadskleivåsane.

Sti til turposten

Frå Ølsbru følgjeer du blåmerka traktorveg opp Vermeliane. Du passerer på høgre side Vermelia som er ein gamal husmannsplass. Når du har nådd toppen av stigningane, går den merka stigen i lett terreng i ca. 800 meter med ei stor myr på venstre side. I nordenden av myra kan du til høgre skimte Båntjønn. Dei siste ca. 50 metrane er merka med raude band fram til postkassa.

Alternativ tur er å kjøre til Roheim. Ein kan parkere ved den kommunale vegen i krysset ned til Lauvtjønn. Deretter kan du følgje vegen forbi Lauvtjønn på vestsida og så følgje blåmerka og til slutt raudmerka stig.

Parkering

Det er greit å parkere bilen ved Ølsbru

 

Steinkyrkjefjell

Steinkjorkjefjellet

På dei fleste kart er Steinkjørkefjell plassert feil. Dette fjellet er der det ofte står Bråtadalsåsane.

Turpostkassa er festa på ei furu like ved ei hytte. Her er det vidt utsyn mot store delar av Bø og Lunde. Kassa er ikkje plassert på det høgste punktet på fjellet, for der er det liten utsikt.

Sti til turposten

Heile løypa er raudmerka og startar til venstre for eit lite kvitt uthus. Den følgjer ein stig fram til ein traktorveg der ein skal ta av til venstre. I ein liten sving med bølgeblekkplater tek ein av til høgre langs ein stig. Denne følgjer ein fram til ny traktorveg og tek av til venstre. Framme ved kraftlinene tek ein av til høgre og følgjer ein dårleg traktorveg. Løypa går for det meste under eller like ved kraftlinene. Etter kvart sluttar traktorvegen, og løypa er vidare ein stig fram til kassa.

Parkering

Parker ved Kleppe grendehus i Kleppegrenda i Nome.

 

Rupetjønnuten

Rupetjonnnuten. Foto: Halvor Gåra.

Foto: Halvor Gåra.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Rupetjønnuten, 1123 moh., ligg på Nybufjellet, sør for Rupetjønn og aust for Holmen. Her er vidt utsyn over søraustre delen av Lifjell, mot Bøbygda og Grenland. Stend du på Bryggefjell, ser du toppen som kneisar i horisonten bak Falkefjell.

Sti til turposten

Det er merka rute frå Jønnbu opp Anebudalen og Oksledalen til Kuvellhetta. Ta så til venstre langs raudmerka løypa mot Klokksteintjønna og vidare mot Holmen. Når du er på ryggen sør for toppen, kan du finne ein smal stig som følgjer ryggen heilt til topps der kassa er festa. Det er fint å gå ryggen sørover mot Klokksteintjønna på heimtur og så følgje stigen mot Nybu og Skrubbehiet.

Parkering

Parkering ved Jønnbu på Lifjell. Ta først nordover frå Bø sentrum (rundkøyring) mot Notodden på Folkestadvegen. Etter 4.0 km svinger du til venstre inn på Lifjellvegen. Følg vegen rett fram i alle kryss til parkering på Jønnbu etter 13.2 km frå Bø sentrum. Parkeringsautomat.

 

Nye turpostar i 2017

Bøkstulnatten

Jønnbu sett fra Bøkstulnatten

Jønnbu sett frå Bøkstulnatten. Foto: Arne Hjeltnes

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kjent og kjær topp like nord for Jønnbu på Lifjell. Flott utsikt over Jønnbuområdet (bildet), Midt-Telemark, Norsjø og Sauheradfjella. Snur du deg nordover, ligg toppane på Lifjell og lokkar.

Sti til turposten

Frå Jønnbu, følg merka sti mot Øysteinnatten. Når du er øvst i Krintokleiva ved hytta der, tek du av 90 grader mot aust og følgjer tydeleg sti til topps. Det er 1.2 km frå Jønnbu opp til Bøkstulnatten.

Parkering

Kjør til Jønnbu parkering på Lifjell. Ta først nordover frå Bø sentrum (rundkøyring) mot Notodden på Folkestadvegen. Etter 4.0 km svinger du til venstre inn på Lifjellvegen. Følg vegen rett fram i alle kryss til parkering på Jønnbu etter 13.2 km frå Bø sentrum. Parkeringsautomat.

Sud-Løyningen

Sud-Løyningen. Foto: Halvor Gåra

Foto: Halvor Gåra

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sud-Løyningen var husmannsplass under Kleiva i Øvre Bø. Nå høyrer plassen til Østerli Vestre. I Bøsoga bd 3 s. 681 står det at plassen er busett i 1815 og fråflytt i 1903. Fleire av dei som budde her drog til Amerika. Husa er borte, men innmarka blir slått og rydda kvart år av Odd Vevle med fleire som på dugnad tek vare på blomsterengene. Det er sett inn omn og lagt tak over murane til fjøset, slik at ein kan koke kaffe og sitja tørt under matpausene. Plassen ligg sørvendt og fint til.

Sti til turposten

Følg bomvegen mot Sandstul ca 2 km . Der står ei tavle på høgre sida av vegen, der bekken renn under vegen, som informerer om plassen og som markerer kor du skal gå opp i skogen. 5 min langs den gamle kjerrevegen så er du framme ved kasse, gapahuk og nyslegne slåtteenger.

Parkering

frå Bø sentrum syklar eller kjører du til Tjønnås (ca 4 km) på riksveg 359 mot Lunde. Ta av til høgre mot Tveiten ved Tjønnås. hald til venstre i vegkrysset etter 6.2 km (ikkje ta av på Dagstjønnvegen). Vidare inn og forbi Uvdal gard og fram til Tveiten. Parker på leggeplassen der som vist på kart.

 

Meinstadfjellet

Utsikt på veg opp til Meinstadfjellet. Foto: Håvard Hogstad Erikstein

Utsikt på veg mot Meinstadfjellet. Foto: Håvard Hogstad Erikstein

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Meinstadfjellet, 466 moh, ligg på kommunegrensa mellom Bø og Seljord på sørsida av Seljordsvatnet. På turen opp er det utsikt over Seljordsvatnet (bildet) mot Seljord og frå toppen er det utsikt mot Bøbygda og Øvrebø.

Sti til turposten

Frå parkering ved hovedvegen er det to stiar som fører til Meinstadfjellet, båe er ca 3 km kvar veg og er nokre stader noko krevjande. Den eine går opp Klomredalen, mens den andre følgjer Vedbekkdalen. Begge stival er godt merka med raude band. NB! Sti i Vedbekkdalen blir merka med raude band når det blir bart til våren 2017, Klomredalen blei merka hausten 2016.

Parkering

Køyr frå Bø mot Seljord på riksveg 36. Ved Sanda Camping tar du av vestover på riksveg 156. Parkering på rasteplass langs hovedvegen, ved Vebekkdalen badstoge 1.5 km etter Ulveneset.

Den vedfyrte badstoga «Vedbekkdalen» som ligg ved Seljordsvatnet. Badstoga er til leige gjennom turistkontoret i Seljord og nøkkel kan ein låne på Statoil i Bø. Her er det altså gode mogleheiter for å avslutte turen med eit bad i Seljordsvatnet og badststoga etterpå.

 

Eikholnuten

Eikholnuten mot Jøronnatten. Foto:  Arne Baugerød

Eikholnuten mot Jøronnatten. Foto: Arne Baugerød

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Eikholnuten ligg i Uvdalsmarka i Eikjabygda. Den er lett tilgjengeleg for store og små.  På Eikholnuten har du fin utsikt mot Lifjell i nord og terrenget  omkring.

Sti til turposten

Følg skogsgilvegen inn og forbi Tveittjønna, Sjå stipla strek på kartet  (umerka). Ta av til høgre og følg traktorslepa som er merka med raude band. Denne går til slutt over til ein sti som du følgjer nesten opp til åsryggen.  Raudmerkinga tar av frå stien og brått til høgre og opp til toppen der kassa står.  Det er to alternative ruter når du skal tilbake til utgangspunktet. Du kan fortsette stien som du tok av frå og gå over mot Stulen og følgje vegen tilbake til Tveiten. Vil du legge inn ein fisketur, så kan du følgje høgdedraget frå postkassa aust/søraustt og kome igjen på vegen inn til Tveittjønna.

Parkering

frå Bø sentrum syklarellar kjører du til Tjønnås (ca 4 km) på riksveg 359 mot Lunde. Ta av til høgre mot Tveiten ved Tjønnås. hald til venstre i vegkrysset etter 6.2 km (ikkje ta av på Dagstjønnvegen). Vidare inn og forbi Uvdal gard og fram til Tveiten. Parker på leggeplassen som vist på kart.

 

Høgefoss

Høgefoss. Foto: Morten R Arnesen

Høgefoss. Foto: Morten R Arnesen

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Dette er ein 15 m høg foss like nedanfor brua der fylkesvegen til Notodden kryssar Åseåo. Både fossen og canyon i nedkant er et mektig skue, særlig når det er stor vannføring. Fossen skapte før i tida vanskar under fløytinga. Åseåa og Hørteåa hører med i det verna vassdragsområdet Lifjell. Like ved fossen stend der ei tavle der du kan  lesa meir om kulturhistoria til Høgfoss.  Høgfoss har og gjeve namn til husmannsplassen Høgfosskåsa som ligg mellom brua og fossen. Du ser tuftene, men husa er borte.

Sti til turposten

Folkestien frå Hørte til Åsebrua passerer forbi fossen, og det er denne merkinga du kan bruke når du skal finne kassa. For å få ein fin rundtur, kan du parkere ved Telemarkshallen og følgje dei merka stiane over Folkestadåsane til Ølsbru, Brukåsa eller Høgfosskåsa.

Dette er også ein post det er fint å sykle til. 

Parkering

Det er ei grei parkering ved Reshjemvegen (retning Notodden frå Bø sentrum). Ved avkjøring på Rallevegen der det står skilta mot Langkås. Parker 150 m frå Reshjemvegen, like ved fossen.

Parker ved Telemarkshallen ved Reshjemvegen.