Faste turpostar

Bryggefjell

Bødalen under Bryggefjell. Foto: Arne Hjeltnes

Bødalen under Bryggefjell. Foto: Arne Hjeltnes

Bryggefjell kneisar høgt over Bødalen i NV. Her er det lang og bratt oppstigning på 430 høgde-meter frå parkeringsplassen øvst i Liheia opp til store isskurte svaberg. På Bryggefjell-nuten 778 moh har ein panoramautsikt ut over Bø-bygda og opp mot Lifjell.

Sti til turposten

Følg merka og skilta sti til Bryggefjell. Dette er sti til turpostane Bryggefjell og avstikkar til Kakkelovnshola..

Parkering

Avstanden frå Bø sentrum til parkering ved Innleggen er 6.1 km. Følg først riksveg 36 mot Seljord frå Bø sentrum (rundkøyring) og ta av mot Oterholt etter 0.4 km. Ved Oterholt, etter 2.8 km, svingar du halvt til venstre opp mot Li (Liheia) og vidare til venstre mot Innleggen etter 5.4 km frå Bø sentrum.

Gygrestolen

Gygrestolen sett nede frå ura. Foto: Arne Hjeltnes

Gygrestolen sett nede frå ura. Foto: Arne Hjeltnes

Gygrestolen har til alle tider vore eit kjent landemerke for folk i Bø. Ikkje berre er Gygrestolen med ura og dei to kjempeblokkene ein heilt spesiell og særeigen fjellformasjon i vår del av landet, men det knyter seg også segner til stolen og ura.

Sti til turposten

Følg merka og skilta sti. Oppstigningen til Gygrestolen er lang og tung. På toppen ligg Venetjønn og du kan nyte flott utsyn over heilandskapet i Midt-Telemark.

Parkering

Avstanden frå Bø sentrum til parkering nær Uvdalstjønna er ca 8 km. Følg først riksveg 359 mot Lunde frå Bø sentrum (rundkøyring). Etter ca 4 km tek du til høgre mot Tveiten. Hald til venstre i vegkrysset etter 6.2 km.

 

Høyslass

Foto: Arne Hjeltnes

Foto: Arne Hjeltnes

Turposten ligger på Høyslassnuten i turområdet «Høyslass Bruskor». Høyslass og Bruskor er markerte kollar sør for Bø-dalen med bratte lier, tronge dalar, stup med berghyller og vide utsyn. Moderate høgdeforskjellar på 250 – 300 m frå parkeringsplassen ved Tråvbanen til toppane av åsen.

Sti til turposten

Følg blåmerka og skilta sti til Høyslassnuten.

Parkering

Det er kort veg (ca 3.7 km) frå Bø sentrum til parkering ved Tråvbanen. Følg først riksveg 359 mot Lunde, etter ca 2 km tek du til høgre mot Tråvbane/Skytebane (sjå vegskilt).

 

Jøronnatten

Jøronnatten (1276 moh.) er ein av dei høgaste toppane på Lifjell.

Jøronnatten (1276 moh.) er ein av dei høgaste toppane på Lifjell.

Jøronnatten (1276 moh.) er ein av dei høgaste toppane på Lifjell.

Sti til turposten

Turen til Røksbufjellet og Jøronnatten er for dei som likar fysiske utfordringar og vakker, vill og storslått natur. Høge nutar, praktfull utsikt, fine fiskevatn og ville gjel med fossar og stup møter deg på turen. Raudmerka og skilta sti til Jøronnatten.

Parkering

Du finn parkeringsplassen ved Røytejuvstølen, 11 km frå Bø sentrum (rundkøyring). Følg først riksveg 36 mot Seljord 0.4 km frå Bø sentrum og ta av mot Oterholt. På Oterholt, etter 2.8 km, svingar du halvt til venstre opp mot Li (Liheia). Etter 5.4 km frå Bø sentrum tar du rett fram ved skiltet til Innleggen (ikkje til venstre). Følg bomvegen inn «Limarka» og opp alle bakkane til parkeringsplassen under Røytejuvstølen.

 

Maskat

Maskat mot Stokklandsheia, Årmotdalen og Lifjell bak. Foto: Arne Hjeltnes

Stor flat ås med glissen furuskog og mykje nakent berg. Flott utsyn mot Lifjell, Bø-dalen og Norsjø. 

Sti til turposten

Dårlig blåmerka sti til Maskat. Følg merking (raude band) til Festningen det første stykket. Sjå omtale av sti til Festningen.

Parkering

Køyr frå Bø sentrum i retning Notodden på riksveg 152. Ta av til høgre etter 12.1 km opp Roheimvegen til parkering ved Svalbjørtjønna 16 km frå Bø sentrum.

 

Øysteinnatten

Øysteinnatten mot vest, Jøronnatten og Mælefjell. Foto: Bergit Li

Øysteinnatten mot vest, Jøronnatten og Mælefjell. Foto: Bergit Li

Øysteinnatten 1174 moh., er eit kjent landemerke og turmål for mange fjellvandrarar. Flott utsikt til Gaustadtoppen, Blefjell og ut over mot nedre Telemark med Norsjø.

Sti til turposten

Merka og skilta sti til Øysteinnatten. Etter ein lang og bratt oppstigning i Krintokleiva og Glekse får du rolegare terreng innover mot Øysteinnatten. Til slutt er det ei bratt kneik opp til toppen. Flott utsikt heile vegen!

Parkering

Ta først nordover frå Bø sentrum (rundkøyring) mot Notodden på Folkestadvegen. Etter 4.0 km svinger du til venstre inn på Lifjellvegen. Følg vegen rett fram i alle kryss til parkering på Jønnbu etter 13.2 km frå Bø sentrum. Parkeringsautomat.

 

Ånto

Illustrasjon: Margit Helga Thoen

Illustrasjon: Margit Helga Thoen

Ånto ligg i Tjønnstuldalen. Her var det tidlegare ein husmannsplass. Kassa heng på ei bjørk like ved tuftene til uthuset.

Sti til turposten

Lettaste turen går frå Breskelia. Elles er stien frå Innleggen om Dingdongkyrkja eit godt alternativ.

Parkering

Parkering i Breskelia der traktorvegen startar. Her står oppslagstavle til Turlaget. Køyr gjerne riksveg 155 til bygdesaga til Sønstebø på Vreimsida. Ta av opp til høgre her.

 

Åstjønn

Badeplassen ved Åstjønn. Foto: Heidi Vege

Badeplassen ved Åstjønn. Foto: Heidi Vege

Turposten ligg ved ein fin raste- og badeplass.

Sti til turposten

Følg merka og skilta sti fram til turposten. Du kan velje mellom fleire rundløyper tilbake til parkeringsplassen.

Parkering

Avstanden frå Bø sentrum er knapt 2 km. Frå Bø sentrum (rundkøyring) følgjer du først riksveg 359 mot Lunde. Etter jernbanestasjonen (430 m) tar du av til venstre over jernbanen mot Breisås på Bordvegen. Følg nå Bordvegen og deretter Venåsvegen fram til parkering ved Steinfyllinga.