Turknappen 2019

Bli kjent på nye stader i Bø – delta i Turknappen! På turposten finn du ei postakasse. Skriv  namnet ditt i boka i kassa. Kravet til turknappen er å gjennomføre turar til minst fem av postane som er lista opp lengst ned på denne sida, under kartet.  Gvarv Turlag tilbyr ein tilsvarande «Friskus«.

Sjå meir informasjon om Turknappen lenger ned på sida, under web-kartet.

Skjema for registrering av turpostane dine finn du inne i turprogrammet eller her på denne sida. Utfylt skjema leverast Brukås Sport eller på heimesida innan 15. januar 2020.

Registreringsskjema 2019

NB! Postkasse og merking har blitt fjerna av ukjent person og vil ikkje bli satt opp igjen. Har du vore til stades i nordvestenden av tjønnstultjønna, blir posten godkjent.

Kart

Sjå på web-kartet til Turknappen

På web-kartet finn du omtale av parkering, stien fram til turposten og turposten. Klikk i web-kartet på parkering, sti og turpost og sjå på informasjonen i små «sprett-opp-vindauge». Legg merke til at du må bla nedover i det lille vindauge for å finne all informasjonen. Du må kanskje zoome inn i kartet for å sjå sti til turposten og parkering (Bruk verktøy «+», eller rull med hjulet på musa).

Turknappnemda i 2016. Fra venstre: Arne Baugerød, Morten Rask Arnesen (foran), Håvard Hogstad Erikstein og Halvor Gåra. Parti fra Kremtemyrane i bakgrunnen. Solvor Marie Brukås Folkestad tar over etter Arne Baugerød. Foto: Arne W Hjeltnes.

Faste Turpostar

NB! Omtale av parkering, sti og turpost til alle turpostane finn du på web-kartet, se over.

Bryggefjell, vest for Liheia  – 778 moh.  
Gygrestolen, Uvdalsheia  – 490 moh.  
Høyslass, vest for Nordbøåsane  – 375 moh.   *  
Jøronnatten, Lifjell  – 1275 moh.  
Kakkelovnshola, Bryggefjell *  – 620 moh.  
Maskat, på Askildtfjellet  – 686 moh.  
Tåråfjell  – 826 moh.  
Øysteinnatten, Lifjell   – 1 174 moh.  
Ånto, under Bryggefjell   – 500 moh.  
Åstjønn, Breisås   – 345 moh.   *  

 

Turpostar frå tidlegare år

NB! Omtale av parkering, sti og turpost til alle turpostane finn du på web-kartet, se over.

Grostul, Lifjell *  – 700 moh.
Lopphus, Breisås  – 370 moh.
Pråmtjønn, Gavlesjå på Lifjell *  – 691 moh.
Tjønnstul, Bryggefjell  – 630 moh.
NB! Postkasse og merking har blitt fjerna av ukjent person og vil ikkje bli satt opp igjen.
Åskollen, Folkestadåsane *  – 206 moh.
 

 

Nye turpostar i 2019

Nye turpostar blir lagt ut om hausten året før og er klare i god tid før snøen smeltar til våren.

Tjønnaplassen på Nordbøåsane *   – 140 moh  
Bratterud ved Årmotdalen   – 350 moh  
Fjellstul ved Årmotdalen   –  1000 moh  
Glimmergruva på Askiltfjellet   – 600 moh  
Stegalia ved Jønneberg   – 300 moh  
* Familievenlege turar 

 

Premiar

Bronseknapp  1 år
Sølvknapp 5 år
Gullknapp 10 år
Diplom 15 år
Plakett 20 år
Keramikkvarde 25 år

 

På toppen av Bryggefjell med flott utsikt mot Bø og Gvarv.  Ein av seks faste turpostar. Foto Arne Hjeltnes

På toppen av Bryggefjell med flott utsikt mot Bø og Gvarv.
Ein av seks faste turpostar. Foto Arne Hjeltnes

På Høyslass med utsikt mot Forbergåsen og Lifjell bak Foto: Arne Hjeltnes

På Høyslass med utsikt mot Forbergåsen og Lifjell bak Foto: Arne Hjeltnes

Store Trytetjønn. Her er det fleire fine rasteplassar og badeplass.  Foto: Arne Hjeltnes.

Store Trytetjønn. Her er det fleire fine rasteplassar og badeplass. Foto: Arne Hjeltnes.

På Øysteinnatten med utsikt mot Jøronnatten og Mælefjell. Foto: Bergit Li

På Øysteinnatten med utsikt mot Jøronnatten og Mælefjell. Foto: Bergit Li