Finn trygt fram med appen UT.no

Gode nyhende til alle som ferdast i turområda til Bø og Gvarv Turlag. På appen UT.NO  finn du alle merka stiar til dei to turlaga. Og det blå GPS-punktet på appen viser kvar du er. Se bilda av kart fra Folkestadåsane til høgre.
 
Kvar vinter oppdaterar vi dei merka stiane til dei to turlaga og sender dei inn til Kartverket. Seinare finn du dei på karttenester på papir og nettet – bant anna UT.no. Nå skal vi også prøve å få dei umerka stiene til Bø O-lag og Bø Turlag inn på UT.no. Samanliknar du kartet vårt på heimesidene til Gvarv og Bø Turlag med kartet til UT.no ser du mange mangler på de «offentlig» umerka stiene. Dette vil vi altså gjere noko med.
 
Særleg på Folkestadåsane, Breisås og Lifjell er det nyttig å kunne finne trygt fram på det omfattande umerka stinettet. Vi vil nemlig ikkje merke alle stiane, men nøyer oss med hovudstiane.
 
God tur med UT.no appen

Bildet av kartet viser blå-merka stiar til Bø Turlag og umerka stiar stil Bø O-lag og Bø Turlag (svarte stipla strekar).

Appen UT.no viser våre merka turstiar (raud farge), umerka stiaer på kartgrunnlaget (brune prikker) og GPS posisjonen din.