Vedlikehald av turområda 

Bø Turlag held vedlike 9 turområde. Lifjell og Årmotdalen er delt opp i fleire delområde. Laget har ansvar for over 130 km merka stiar. Vi samarbeider med Gvarv Turlag, Notodden Turlag og Seljord Turlag om vedlikehaldet av stiar som kryssar grensene til andre kommunar. Laget er medeigar i Bø Løypelag som bl.a. kjører opp Vihusløypa og skiløypene nede i bygda. Lifjell Løypelag held ved like skiløypene på Lifjell.

Hovudformålet med merking av stiar i skog og fjell er å leggje til rette for at turfolk skal kjenne seg trygge i naturen og ta seg fram til turmålet og tilbake. Turlaget ønskjer også å ta vare på gamle ferdselsårer ved å rydde dei etter behov. Enkelte område i kommunen bør liggje urørt utan merka stiar, og da er det opp til vandraren sjølv å finne vegen og målet.

Turområda har informasjonstavler ved ein eller fleire parkeringsplassar. Ute i marka viser skilt og merke kor du skal gå for å finne trygt fram. Ein eller fleire personar vedlikeheld eit turområde. Bjørn Steen organiserer arbeidet i turområda.   

 


Innhald


Viktige rutiner

  1. Regning på innkjøp av mateiell i turomåda sendast til kasserar. Merk regninga med fullt namn og namn på turområde. Utlegg på prosjekt merkast med namn på prosjekt. (Vi har konto i fleire buikkar – byggvare, Bø maling, mm)
  2. Rydding av «vedifulle» trær og graving/fylling i terrenget må avklarast med grunneigar.
  3. Merking av nye stiar må avklarast med grunneigar og styret i turlaget.
      

Ansvarleg person i turområda

Breisås

  • Bjørn Steen
  • Inge Bø (Håsårudhåtten)

Bryggefjell

  •  Sveinung Astad
  • Ragnar Tveitan (sien til Ånto)

Bøelva

  •  Thorvald Amundsen (Oterholt til Folkestadbrua)
  • Halvor R Gåra (Folkestadbrua til Gårabru)

Folkestadåsane

  • Kåre Liestøl (sørsida av åsen)
  • Bjarne Herrefoss (nordsida av åsen mot og langs Store Trytetjønn)

Gygrestolen

  • Gunnar Holtan

Høyslass – Bruskor

  • Arne W Hjeltnes

Lifjell

  • Leif-Gunnar Brekke (Rundt Røksbufjellet)
  • Kristian Rantala (Oksladalen til Holmendammen)
  • Gunleiv Brukås, Thorvald Amundsen og Jarle Tyvold (Jønnbu – Hollane – Øysteinnatten)
  • Gunleiv Brukås (Grønbygil – Økteren – Hollanfossen)

Maskat

  • Halvor og Astrid Roheim (Roheim – Maskat)

Årmotdalen

  • Gunnar Li (Bukkelifjellet rundt)
  • Olav Halstensgård (Gamlestufjellet – Røytebufjellet)

 

Ansvarleg person for andre turstiar

Hørte – Skvisla

  • Bjarne Herrefoss

Ølsbru – Vermelia – Lauvtjønn

  • Ingrid Askildt

Evjudalen (stiane i skogsmark)

  • ??

.

 

Vedlikehaldansvar for merka tursti

Detaljkartet på heimesida vår gir informasjon om turlag som vedlikeheld kvar enkelt merka tursti. 

Veiledning

Åpne detaljkartet frå hovedmenyen øvest på sida (Kart) og finn fram på kartet der du ønskjer informasjon.

  1. Klikk på vindauge «Kartlag». (Sjå pila merka 1 på bildet til høgre.)
  2. Slå på «Vedlikehaldansvar for merka sti«.  (Sjå pila merka 2 på bildet til høgre)
  3. Slå gjerne av alle dei andre kartlaga. (Sjå pila merka 3 på bildet til høgre)
    Merk – du må zoome inn i kartet hvis nokre kartlag er grå-merka, og derfor ikje er aktive
  4. Klikk på turstien du ønskjer informasjon om. Popupvinauget gir informasjon om ansvarleg lag og kartet lyser opp alle dei andre stiane som laget vedlikeheld i turområdet. (Sjå pila merka 4 på bildet til høgre)

Vedlikeholdsansvar for merka tursti. Eksempel frå turområdet Breiås.
(Klikk på bildet for å sjå eit større bilde)

.

 

Oppslagstavler på parkeringsplassar

På parkeringsplasser står  store oppslagstavlar med kart og informasjon.

Plakatane finn du her for nedlasting og trykk: Les meir…
Her finn du og veiledning til nedlasting av plakatane.

.

 

Informasjonsplakatar ute i marka i turområda

Plakatane finn du her for nedlasting og trykk: Les meir…

Veiledning til nedlasting av dokument

  1. Velg namn på turområde i lista i skjermbildet (Klikk på turområdet).
  2. Klikk på det dokumentet du ønskjer (klikk i boksen til høgre for namnet).
  3. Klikk på symbolet med 3 prikkar heilt til høgre 
  4. Velg «Last ned»
  5. Du finn ei komprimert fil på statuslinja (nederst) på vindauget til nettlesaren din. Alle filene du valgte er og tilgjengelig på katalogen «Nedlastinger/Downloads» på PC’n din.
  6. Send dokumenta til Hustrykkeriet på Universitet som vedlegg til e-post: mb-hustrykkeriet.bo@usn.no. Be om utskrift i det formatet som filnavnet til plaketen dokumenterar.  Be om at hjørna til plakaten klippes av før plakaten  støpes inn i plast.
  7. Be om at regning sendast til kasserar i Bø Turlag (dei kjenner oss godt). Opplys om namnet ditt (for- og etternamn) og Bø Turlag.
  8. Du henter plakatane rett bak resepsjonen ved hovudinngangen. Dei pleiar å gjere dette straks.  

Her er eit eksempel på bestilling av plakatar på oppslagstavler ved parkeringsplass på folkestadåsane: Se på e-posten…..

.

 

Bestill nye retningsskilt 

Her er personen som freser skilt:

  •  (Vi må finne ein ny person som kan gjøre jobben)
  • Send ei liste med skiltnavn på epost til han.
  • Oppgi turområde og navmnet ditt

Person som maler og pusser skilta:

  • Inge Bø , Breisås.  Telefon 92898006, (inbo2@online.no)
  • Han har også retnings-pil og logo til å skru på skilta. Kjøp små rustfrie skruer sjølv.
  • Inge gir beskjed når skilta er klar for henting.

Skru opp skilta med 6 cm lange skruer

.

 

Finn grunneigar til stiar

På kartet til Kartveket ser du eigedomar og dei merka stiene til turlaga. Grunnboka med opplysningar om grunneigar til eigedomen finn du også her.

Veiledning

  1. Opne kartet på nettsida til Kartverket: Norgeskart
     
  2. Zoom inn i kartet til eit lite utsnitt av turområdet. Du finn alle dei merka stiane til Bø Turlag og Gvarv Turlag på kartet.
     
  3. Klikk i kartet der du ønskjer å se info om grunneigar. Eit vindauge opner seg automatisk. Vindauget kan du og opne og lukke manuelt ved å klikke på ikonet med dei tre vannrette strekane.
         – Klikk på bildet til høgre for å sjå ein større illustrasjon.
     
  4. Åpne «Se eiendomsinformasjon». Kryss av for «Marker eiendom»
     
  5. Klikk på «Vis mer informasjon». Du får mye informasjon om eigendomen.
     
  6. For informasjon om grunneigar, klikk på «Vis grunnboken». Dette forutset at du indentifiserar deg sjølv med BankID.
    Sjå PDF-dokument nederst på statuslinja i nettlesaren din. Sjå «Hjemmelsopplysninger».

Du har klikka nær ein merka sti på Folkestadåsane i karttjenesten «Norgeskart» til Statens Kartverk. (Sjå raudt merke på kartet.)

 

 

Retningsliner for merking av turstiar

Bø Turlag ønskjer å følgje desse enkle prinsippa:

  1. På tydeleg markerte stiar er spreitt merking tilstrekkeleg. Vi treng ikkje sjå frå merke til merke. Merka er bare ei påminning om at du følgjer ein merka sti. Dettegjeld dei fleste stiane.
  2. På mindre tydelege stiar skal vi sjå frå merke til merke, tettast merking i fjellområde. Du treng merka for å finne trygt fram.
  3. I kryss skal vi alltid kunne sjå neste merke. Skilting må til om merka stiar går i fleire retningar.

Meir informasjon om merking

Handbok for skilting, merking og gradering Les meir
   
Vi har ferdselrettar og pliktar i utmark Les meir
Her finn du fleire detaljer om merking og skilting Les meir