Området sør for Roheimheia mot Maskat (686 m.o.h) er prega av mange vatn, myrer og fine kollar med open venleg furuskog og utsikt mot Lifjell, Bø og sørover mot Sauherad. Oppe på Maskat er det mest nakent fjell og flott rudskue.
Frå parkering ved Svalbjørtjønna følger du for det meste veg og traktorveg i skogsterreng opp til Kirsdalsatjønna. Vidare oppover går stien over knausar og småtoppar med flott utsikt vestover mot Solbjørgvatnet. Alternativt kan du følge stien til venstre ved Kirsdalsatjønna forbi Rennetjønn og Tveitvatna og tilbake til Maskat. Det er mykje våt myr frå Rennetjønn til Gulnostjønn. Flott parti langs Tveitvatna og lia opp til Maskat med utsyn mot Gvarv og Nordsjø.
Det er mogeleg å ta seg fram på ski til Maskat. Gvarv Turlag har skuterpreparert skiløype ned frå Maskat mot Kirsdalstjønna. Sjå kart over skiløyper.
Meir informasjon om turområdet:
Klikk på bilde og illustrasjonar!
Vegen fram til parkeringsplassen
Følg riksveg 152 ca 12 km frå Bø sentrum til avkjøring til høgre på Roheimvegen og vidare opp til parkering ved Svalbjørtønna, 16 km frå Bø sentrum.
Kart
- Dei merka turstiane finn du på trykt Turkart Bø, 2011.
- Ta med deg alle turstiene til Bø Turlag og Gvarv Turlag ut på mobilen Les meir….
- Klikk på dei to kartbildene under…..
Informasjonstavler ved parkeringsplassane har kart på plakatar i A3-format. Dei kan du sjå på her (klikk på bildet) eller skriv ut på printaren din, gjerne i A4-format.
Du kan navigere rundt i web-kartet og se på informasjon i alle turområda i kommunen. Her finn du omtale av natur og friluftsliv i tekst, bilde og video.