Turområdet Årmotdalen omfatter Bukkelifjell (i nord) og Gamlestulfjell (i sør). Nord for Stoklandgrenda ligg eit skog- og heiområde som er ukjent for mange. Gamlestulfjell, Hjuringfjell og Sveiveli-nuten og lengre nord Anderslifjell og Røytebufjell med Alfarnuten over Trolltjønn. Flott rundskue på Alfarnuten. Heiane er rike på minne om tidlegare tiders bruk av naturen. Utanfor dei merka stiane er det spennande «villmark» for dei som ønskjer å ta seg fram på eiga hand. Det er små høgdeforskjellar (140 m) og lett å ta seg fram opp til Gamlestulfjell frå parkeringsplassen og inn til Andersli. Frå Andersli og opp til Røytebufjellet må du klatre opp lia 220 m. Blåmerka sti rundt Bukkelifjell er knytt saman med dette turområdet. Gamlestulfjell er lite eigna til skitur.
Meir informasjon om turområdet: Klikk på bilde og illustrasjonar!
Parkering
Vegen fram til parkeringsplassen ved Røysland gard: Frå Bø sentrum (rundkøyring) til parkering ved Røysland gard øvst i Stoklandsheia er det 14.6 km. Følg først riksveg 3330 Folkestadvegen og seinare Vatnarvegen mot Notodden. Sving av til venstre mot Stokland etter 11.6 km frå Bø sentrum. Køyr så opp alle bakkane til parkering like forbi Røysland gard.
Kart
- Dei merka turstiane finn du på trykt Turkart Bø, 2011.
- Ta med deg alle turstiene til Bø Turlag og Gvarv Turlag ut på mobilen Les meir….
- Klikk på dei to kartbildene under…..
Informasjonstavler på parkeringsplassane viser kart på plakatar i A3-format. Kartplakaten kan du sjå på her.
Du kan navigere rundt i webkartet (zoom og pan) i alle turområda til Bø Turlag og Gvarv Turlag. Klikk på kartobjekta og sjå på informasjon om natur og friluftsliv i tekst, bilde og video.
Søk på eit turmål, eksempel «Alfarnuten».
Foto: Arne W Hjeltnes