Turområdet på nordsida av Årmotdalen omfatter Bukkelifjell (i nord) og Gamlestulfjell (i sør). Lengst nord i kommunen og aust for Lifjell og Årmotdalen ligg Bukkelifjell. Her finn vi tufter etter stular og plassar som vitnar om ein annan og hardare kvardag enn vår. I vår tid har skogen teke over, men opne kollar, myrar, tjønnar og blinkande små vatn liver opp i landskapet. Utanom dei blåmerka stiane finst det lite umerka stiar. Turområdet byr på spanande «villmark» for dei som ønskjer å ta seg fram på eiga hand.
Det er bratt oppstigning på 350 høgdemeter frå parkering ved Nord-Årmot til Rypeskaret på Bukkelifjell. Ein del blaute parti særleg i området frå Løkjin til Tyristul krev godt fottøy. Bukkelifjell er lite egna til skitur.
Meir informasjon om turområdet:
Klikk på bilde og illustrasjonar!
Vegen fram til parkeringsplassen ved Nord-Årmot
Frå Bø sentrum (rundkøyring) til parkering ved Nord-Årmot i Årmotdalen er det 13.3 km. Følg først riksveg 3330 Folkestadvegen mot Notodden fram til Telemarkshallen (4.9 km). Like etterpå svingar du av til venstre frå Reshjemvegen i retning Årmotdalen (etter 5.5 km frå Bø sentrum). Ved Åsebrua (8 km frå sentrum) svingar du til venstre inn Årmotdalen på bomveg og køyrer rett fram langs hovudvegen i dalen til Nord-Årmot og parkering nær vegen.
Kart
- Dei merka turstiane finn du på trykt Turkart Bø, 2011.
- Ta med deg alle turstiane til Bø Turlag og Gvarv Turlag ut på mobilen Les meir….
- Klikk på dei to kartbilda under…..
Informasjonstavler på parkeringsplassane viser kart på plakatar i A3-format. Kartplakaten kan du sjå på her.
Du kan navigere rundt i webkartet (zoom og pan) i alle turområda til Bø Turlag og Gvarv Turlag. Klikk på kartobjekta og sjå på informasjon om natur og friluftsliv i tekst, bilde og video.
Søk på eit turmål, eksempel «Bukkelifjell»
Foto: Arne W Hjeltnes