
TURAR OG AKTIVITETAR
2025
Innhald
Lifjell på langs – 16. mars
Sletteliberga. Lågterskeltur med bål – 27. april
Kulturtur i samarbeid med Bø Museum – mai
Bestemorsløyfa. Lågterskeltur med bål – 7. september
Bømarsjen – 21. september
Sopptur. Vi plukkar sopp etter ein lengre periode med regn – september
Lifjell på langs – søndag 16. mars
Skitur Grimås – Hollane – Jønnbu. Krevjande høgfjellstur på 22 km.
Vi set opp maxitaxi frå Jønnbu kl. 08.45 via busstopp Bøgata (ved Bø Blad/kommunehuset) kl 0905. Det er høve til å gå på maxitaxien langs bussruta. Viktig: Skriv påstigningsplass, når du betaler. (Det er lurt å ha eigen bil/samkøyring til/frå Jønnbu for heimtur,)
Snøskuter med sporkall køyrer over fjellet til Hollane før turen. (Nytt opplegg i år for å kunne senke deltakaravgiften.) Det er stikka løype frå Grimås til Jønnbu, så det blir høve til å gå i eige tempo og bruke dagen over fjellet.
Turen byr på eventyrleg vinterlandskap og nok oppover- og nedoverbakkar til alle. Vi tar oss god tid og tar pausar, når vi treng det. Lunsjen kan ein ete på Hollane seter. Ta med godt med mat og drikke og det du elles treng til ein dag på Lifjell. Vel tilbake på Jønnbu er det mogleg å runde av med middag på Lifjellstua.
Dersom du vil gå saman med turleiar over fjellet, så gi beskjed om dette til turleiar på Grimås parkering. Alle andre går på eige ansvar.
NB! Atterhald om dårleg vêr og skiføre.
Vel møtt til ein flott høgfjellstur med Bø Turlag!
Turleiar: Åse Egeland, tlf. 90587243.
Deltakaravgift
- Medlemmar av Bø turlag og studentar: kr 150
- Barn/ungdom u/18 år: kr 50
- Andre: kr 275.
Betaling og påmeldingsfristar
Påmelding frå 6. mars.
Påmelding med Vipps
Vipps 568923 (Arrangement). Viktig! Oppgi namn, telefon og påstigningsplass i skrivefeltet «Skriv en liten melding».
Påmelding seinest torsdag 13. mars (Vipps)
Påmelding med bank
Banknr.: 2630.07.03118. Hugs å skrive namn, tlf nr og påstigningsplass!
Påmelding seinest onsdag 12. mars (bank).
Merknader
Dei første 48 som betalar og blir registrert i banken før påmeldingsfristen, har garantert plass i maxitaxi. Eventuell tilbakebetaling på Vipps for dei som ikkje får plass på turen, skjer etter at turen er ferdig. Vi vil ikkje betale tilbake deltakeravgift for påmelding etter påmeldingsfristen – unntatt ved avlysing, eller at vi får fylt opp den ledige plassen.
Følg med på heimeside og Facebook om det er ledige plassar.