Fellesturar i 2022
Du kan lese om alle turane tiil Bø Turlag på Facebook og Instagram. Dei fleste turane blir og annonsert i Bø blad. Turprogrammet til Bø Turlag og Gvarv Turlag finn du i dokumentet: Turprogram
Bømarsjen – søndag 18. september
Bømarsjen går på Folkestadåsane. Kort løype 4.5 km. Lang løype 12 km. Den lange løypa går innom perlene på åsen:
- Åskollen – barnevenleg, småkupert landskap og utsikt mot Gvarv og Norsjø.
- Trytetjønn er to fine små vatn midt inne på åsen. Her kan du bade om somaren og gå på skøyter om vinteren.
- Høgefoss går flaumstor og mektig i regnver og under snøsmelting .
- Hørteåa er ikkje regulert og har mange fine badeplassar
Parkering, start og mål
Dette skjer på parkeringsplasen til Bø Sommarland:
- Registrering ved start frå kl 10.00 til kl 12.00.
Pris: Vaksne kr 50, barn kr. 20, familie kr. 100. Vipps eller kontant. Ingen vekslepengar! - Registrering ved mål seinast kl 16.00.
Matstasjon
Matstasjon på Store Trytetjønn frå kl 10.30 til kl 14.30. Vi byr på bål-kaffi, saft og noko attåt. Ta og med niste. Hesteskokasting med premiering og tid til god prat med kjende og ukjende.
Friluftslivpolitikk
Bø Turlag syner kvalitetane til friluftslivet i Bø-området ved hjelp av kart – med Folkestadåsane som eksempel.
Sjå på videoen til høgre.
Vi opplever at nye utbyggingsplanar i kommunen blir gjennomført utan eigen plan for friluftslivet. Det skjer ein bit for bit nedbygging av natur. Nå ønskjer vi at politikarane skal inkludere ein langsiktig friluftslivspolitikk i partiprogramma framfor kommunevalet neste år:
- Hensynssoner for friluftslivet SKAL respekterast.
- Prioritere bevaring av relativt flate, lysåpne og lett tilgjengelege turområde for folk i alle aldrar og fysisk kondisjon.
- Prioritere bevaring av småvegar, grøne korridorar og nærfriluftsområde.
- Bruk av «markagrense» i viktige friluftsområde, f.eks. på Lifjell.
På karta kan du sjå korleis åsen sakte men sikkert blir spist opp av stadig nye inngrep. Dei rosa areala på kartet er vedtatt i den siste kommuneplanen: Motorcrossbane, slamdeponi og utviding av Hellestad sandtak. Og Bø Sommarland har tidlegare fått store areal på åsen til framtidig utviding.
Kart på mobil
Ta med deg kartet til Bømarsjen på mobilen og finn fram med GPS. Da kan du observere eksisterande og nye anlegg på mobilen mens du går «Lang løype».
Du må først lese denne heimesida på mobilen, klikk på bildet til høgre, og kartet visast i nettlesaren til mobilen. To GPS-verktøy finn du oppe til venstre i vindauget til appen (dei ser du til høgre på denne sida):
- Den øvste verktøyknappen finn posisjonen din der du står. Kvar gang du trykker på knappen. Trykk fleire gangar for å få god nøyaktigheit.
- Den nedste verktøyknappen viser posisjonen heile tida når du går rundt på åsen. (Anbefalast ikkje!)
GPS virkar ikkje
Kartet er ikkje ein frittståande app, men åpnast rett i nettlesaren på mobilen. GPS’n virkar berre om PERSONVERN/ Posisjon innstillingen til nettlesaren tillet dette. Hvis GPS ikkje virkar.:
- iPhone telefon: Slå opp på: Innstillinger | Personvern | Stedstjenester.
Slå på Stedstjeneste og slå på for Safari nettleser: «Når appen er i bruk» (hvis det er Safari nettlesar du brukar) - Android telefon: Slå opp på: Innstillinger | Apper | Samsung Internett | Tillatelser | Posisjon
Slå på: «Bare tillat når appen er i bruk». (hvis det er Samsung Internett nettlesar du brukar)
Lifjell på langs – sundag 20. mars
Skitur Grimås – Hollane – Jønnbu. Krevjande høgfjellstur på 25 km. Maxitaxi frå Jønnbu kl. 08.45 eller Bøgata (ved BøBlad) kl. 09.05. Det blir og høve til å gå på maxitaxien langs bussruta etter avtale. Påbod med munnbind under maxitaxi-turen.
Deltakaravgift
Pris for medlemmar av Bø turlag og studentar kr. 175, barn/ungdom u/18 år kr. 100, andre kr. 300. Vipps til: «Bø turlag» – eller betal kontant.
Viss du vil ha følgje over fjellet, gi beskjed om dette til turleiar på Grimås parkeringsplass eller i maxitaxi. Alle andre tar turen over fjellet på eige ansvar. Atterhald om dårleg vêr. Alternativ dato 27. mars. Vel møtt til ein flott høgfjellstur med Bø Turlag!
- Påmeldingsfrist seinast måndag 14. mars
- Terje Wold, tlf. 91580007, terje53@outlook.com
Omtale
Turen frå Seljord til Bø over Lifjell er om lag 25 km lang. Den byr på eventyrleg vinterlandskap og nok oppover- og nedoverbakkear til alle! Vi tar oss god tid, tar pausar når vi treng og tar lunsj på Hollane. Ta med godt med mat og drikke og det du treng for ein utedag på Lifjell. Vel tilbake på Jønnbu kan vi gjerne runde av turen med middag på Lifjellstua.
Vi set opp buss/maxitaxi frå Jønnbu via Bø sentrum til Grimås. Dei startar frå Jønnbu. Det er derfor lurt å ha eigen eller andre sin bil der med tanke på heimturen. Det blir og høve til å gå på i Bøgata ved Bø Blad eller langs bussruta elles – etter avtale med turleiar.
Løypemaskin køyrer over fjellet laurdag. Det er stikka løype frå Grimås til Jønnbu så det blir høve til å gå i eige tempo og bruke dagen over fjellet.
Stangefjell onsdag 27. april
Ulefoss turlag viser veg til varde og utsiktspunkt 305 moh på Stangefjell nord for Ulefoss. Turen opp til toppen tar ca. 1 time. Middels krevende tur. Start ved Ulefoss Hovedgård kl. 18.00. Felles avreise fra Bø Torg kl. 17.30.
Gunnar Sanden viser veg, tlf. 917 48 130. Kontaktperson i Bø Turlag: Arne W Hjeltnes. Tlf. 46 45 18 50. Velkommen!
Rapport
De fire turlagen i Midt-Telemark regionen var representert på turen. Fire personer deltok fra Bø Turlag. Vi tok en titt på Ulefos hovedgaard før vi la i veg på oppstigningen til Stangefjell. Rast på toppen. Tilbaketuren tok en sving ut på det flotte utsiktspunktet Korpenatten. Underveis ble det tid til å sjekke inn på flere Gulltrim-turposter. Takk til Ulefoss Turlag for en sosial tur og en flott variert tursti. AWH
Kveldstur til Grønli onsdag 4. mai
Vårkveldstur til Grønli med spikking av skje på toppen 4. mai. Oppmøte Bø Torg kl 18.00. Det er en bratt stigning opp til Grønli. På Grønli blir det mulighet til å spikke en turskje. Ta med sitteunderlag, ekstra klede, varm/kald drikke, kniv til spikking og evt. badetøy. Middels krevende tur som egner seg for barn +9 år/ungdom og vaksne. Er det rolig vann i elva tar vi et kveldsbad når vi kommer ned. Turleiar er Kirsten W. Houe tlf. 41123482.
Velkommen!
Harpås torsdag 19. mai
Ulefoss turlag viser veg til Harpås (210 moh) øst for Nomevann. Relativt kort tur opp til toppen av åsen, ca. 30 minutter (enkel til middels krevende tur). Start ved Nomestranda badeplass i østenden av Nomevann kl 18.00. Avreise fra Bø Torg kl. 17.30.
Turleder: David Hosen, tlf. 91739083. Kontaktperson i Bø Turlag: Arne W. Hjeltnes. Tlf.: 46451850.
Vel møtt!
Kulturtur på Hørte tysdag 24. mai
Me parkerer ved idrettsplassen på Hørte. Enkel rundtur til husmannsplasser under Kise og Solverud og til plasser under Askildt langs Hørteelva. Kaffirast ved Kleiva. Turen er eit samarbeid med Bø museum. Turleiarar er Finn Rønning og Bjørn Tveiten. Kontaktperson Bergit Li tlf. 47618312 bergitli@hotmail.com
Velkommen!
Krigshistorisk tur tysdag 7. juni
Oppmøte Bø torg kl. 18 00. Turen gjeng frå steinfyllinga i Breisås via Åstjønn – Store Damtjønn- Holmtjønn (der det var våpenslepp i mars 1945) til Børtehytta. Me høyrer om Børtehytta, der motstandsfolk skjulte våpen og utstyr og kva som skjedde våren 1945. Turleiar er Asle K. Bø, tlf. 91150395.
Velkomen!
Meheifjell søndag 19. juni
Skade Tur tar oss med til Meheifjell. Parkering ved Gongevann, på vei 3310 mot Drangedal. Blåmerket sti oppover på eldre tømmerveg. Omtrent halvveis flater terrenget ut og stien går gjennom glissen furuskog sørøstover fram til Skade Tur’s postkasse på 431 m.o.h. Underveis er det utsikt nordover mot Lifjell. Fra kassa på toppen ser vi til Luberg i vest og til gårder i Landsmarka i sørøst. Anbefalt kaffeplass er nede ved Sandtjønn. Tidsbruk: 45 minutter en vei. Tilbake ved Gongevann, er det en nyetablert badeplass. Her blir vannet tidlig varmt, og kanskje frister det med en dukkert?
Oppmøte: Bø Torg kl. 10.15, eller Gongevann, vei 3310 mot Drangedal kl. 11.00.
Turleder Skade Tur, Lunde: Vemund Lindgren, tlf.: 48069144. Kontaktperson i Bø Turlag: Arne W. Hjeltnes. Tlf.: 46451850
Velkommen!
Vestre Nuke tysdag 21. juni
Vestre Nuke er en fin topp i Landsmarka i Nome kommune. Vi parkerer ved Tyrivann og går til toppen, drøye 300 høydemeter stigning. Turen tar om lag tre timer med kaffepause. Middels krevende. Oppmøte ved Bø torg kl.18 00 for samkjøring. Turleder Thorvald Amundsen, tlf. 95944839.
Velkommen!