Turområde Breisås

Her kan du lese meir informasjon om turområde.

Søraust for Bø ligg det store høgdedraget Breisås. Dette er turområde for både Bø Turlag og Gvarv Turlag. Vide lysopne og attraktive furuskogar dekker særleg dei øvre delar av åsen, mens ein finn meir tett granskog og lauvskog i dei lange, mjuke liene ned mot bygda. Her er det lett å gå i lange, slake motbakkar, omlag 250 høgdemeter frå parkeringsplassane. Mot Sauheradsida av åsen er liene mykje brattare. Oppe på ryggen av Breisås blenkjer små og store vatn som fristande turmål. Åstjønn og Store og Vesle Damtjønn byr på fine badeplassar.  Turområdet er lett å nå til fots, med sykkel eller buss. Kort veg frå Bø sentrum.

Frå parkeringsplassane ved Studentheimen og Øvre Breisås har Bø Turlag merka ein hovudsti til Holmetjønn, Store Damtjønn og Åstjønn. Her finn du kart i alle stikryss til merka sti og skilt som viser vegen til turmål og parkering. Klikk på bildet Karttavle for å sjå på kartet. I tillegg fører fleire blåmerka stier til Griseryggen lengst sør på åsen og ned til Gvarv og Årnes på austsida av Breisås.

Frå Studentheimen kan du ta ein liten rundtur i Håsårudhåtten kulturminnefelt. Her får du informasjon om gravhaugar, holvegar, kolgroper og kolmiler. Det er eit stort nettverk av umerka stiar, særleg rundt Beisås bustadfelt. Om vinteren blir det køyrt opp skiløyper med snøskuter.

Meir informasjon om turområdet:
Klikk på bilde og illustrasjonar!

Vegen fram til to parkeringsplassar i Breisås bustadfelt

Studentheimen

Frå Bø sentrum (rundkøyring) følgjer du først riksveg 359 mot Lunde. Ved jernbanestasjonen (430 m) tar du av til venstre over jernbanen mot Breisås på Bordvegen.  Følg Bordvegen og deretter Venåsvegen fram til parkeringsplassen ved studentheimen i Breisås (inn til høgre på stor parkeringsplass), 1.8 km frå sentrum.

Øvre Breisås

Køyr vidare på Venåsvegen (sjå over) og inn på ny skogsbilveg rett fram i krysset der Konglevegen tar av ned til høgre. Følg skogsbilvegen fram til parkering Øvre Breisås, 2.5 km frå Bø sentrum. Vegbom bak parkeringsplassen.

Håsårudhåtten kulturminnefelt

Spinnhjulet kulturminnesti

Kulturminnefeltet ligg lengst nede i Breisås. Frå parkeringsplassen ved Breisås Studentheim kjem du fram til kulturminnestien «Spinnehjulet» med gravfelt, kolmile, kolgroper, holvegar og Bordvegen. Klikk på spinnehjulet for å lese meir om Håsårudhåtten kulturminnefelt.

Kart

  • Dei merka turstiane finn du på trykt Turkart Bø, 2011.
  • Ta med deg alle turstiane til Bø Turlag og Gvarv Turlag ut på mobilen Les meir…
  • Klikk på dei to kartbilda under…

Informasjonstavler på parkeringsplassane viser kart på plakatar i A3-format. Kartplakaten kan du sjå på her.

Du kan navigere rundt i webkartet (zoom og pan) i alle turområda til Bø Turlag og Gvarv Turlag. Klikk på kartobjekta og sjå på informasjon om natur og friluftsliv i tekst, bilde og video.
Søk på eit turmål, eksempel «Åstjønn».

Foto: Arne W Hjeltnes