Folkestadåsane er namnet på dei låge skogåsane mellom Folkestadgrenda og Hørteelva. Høgdeforskjellane er små. Åsane har glissen furuskog, flate berg, runde åsryggar, store myrer og to fine tjørner. Dei lettgåtte stiane gjer dette til eit turområde som passar for alle, både liten og stor, gammal og ung. Når snøen ikkje ligg for tjukk, kan du gå på stiane heile året. Turområdet er lett å nå til fots, med sykkel eller buss. Det er kort veg frå Bø sentrum. Du finn meir informasjon på plakaten som står ved ein parkeringsplass. (Klikk på bildet merka «Plakat».)
Meir informasjon om turområdet:
Klikk på bilde og illustrasjonar!
Vegen fram til parkeringsplassane
Avstanden frå Bø sentrum (rundkøyring) er ca 4.9 km til parkering ved Telemarkshallen og 3.9 km til Mogan. Følg først Folkestadvegen mot Notodden – mot nord. Etter 3.5 km, ved avkøring til Hellestad Sandtak, må du velje mellom dei to parkeringsplassane, som er parkering ved Mogan til høgre, eller rett fram til Telemarkshallen (100 m forbi hallen) langs Vatnarvegen.
Kart
- Dei merka turstiane finn du på trykt Turkart Bø, 2011.
- Ta med deg alle turstiane til Bø Turlag og Gvarv Turlag ut på mobilen Les meir….
- Klikk på dei to kartbilda under…
Informasjonstavler ved parkeringsplassane har kartplakatar i A3-format. Dei kan du sjå på her (klikk på bildet) eller skriv ut på printaren din, gjerne i A4-format.
Du kan navigere rundt i webkartet og sjå på informasjon i alle turområda i kommunen. Her finn du omtale av natur og friluftsliv i tekst, bilde og video.