Om Bø Turlag

Bø Turlag arbeider for at alle skal kunne kome seg trygt ut i naturen, anten det er i nærområda, skogen eller fjellet. Mange frivillige ryddar og merkar turstiar, arrangerer turar og jobber politisk for å sikre for framtida både nærtur- og topptur-områda.

Organisering

  • Over 20 personar held vedlike 135 km merka turstiar. Ein dugnadsgjennng er til disposisjon til større oppgåver i turområda.
  • I 2023 får vi eit enklare opplegg for fellesturar i samarbeid med Seljord Turlag og Ulefoss Turlag.
  • Trilleturar for småbarnforeldre går kvar tysdag heile året. Etter pandemien er det utfordrande å samle folk om opplegget.
  • Rusleturar i sentrum av Bø kvar tysdag heile året. Fem lag samarbeider om tilbodet.

Laget er medeigar i Bø Løypelag som køyrer opp Vihusløypa og skiløypene nede i bygda. Vi samarbeider med Gvarv Turlag om felles kartdatabase og interaktive web-kart. I samarbeid med 8 – 10 lag og organisasjonar tilbyr vi omlag 120 gratis arrangement i året, open for alle.

Bø Turlag hadde 325 medlemmer i 2021.
Laget blei stifta i 1976. 

Turområde

Dei 10 turområda er delt inn slik: Breisås, Bryggefjell, Bøelva, Folkestadåsane, Gygrestolen, Høyslass-Bruskor, Lifjell (fire delområde), Maskat, Årmotdalen (to delområde). I 2021 tok vi ansvar for stiane i skogområda i Evjudalen i Bø sentrum. Omtale av turområda.

Vi samarbeider med Gvarv Turlag, Notodden Turlag og Seljord Turlag om vedlikehald av stiar som kryssar grenser til andre kommunar. Hovudformålet med merking av stiar i skog og fjell er å leggje til rette for at turfolk skal kjenne seg trygge i naturen og ta seg fram til turmålet og tilbake. Turlaget ønskjer også å ta vare på gamle ferdselsårer ved å rydde dei etter behov.

På heimesida vår (Bø Turlag) kan du sjå omtale av turområda og interaktive web-kart. Stiane finn du og på trykt kart Turkart Bø (2011) og ulike appar.