Dugnad i Gygrestolen

Stor trafikk av fotturistar frå fjern og nær, særleg etter TV-serien «71 grader nord», slit på stiane i Gygrestolen. Torsdag 27. mai la Bø Turlag klopper (trebruer) på våte parti. Sju personar deltok i dugnadsjobben. Det var nødvendig med helikoptertransport av materialar og utstyr opp i den øvre delen av turområdet. Etter god planlegging fungerte arbeidet knirkefritt. Materialar og utstyr blei frakta opp til rett stad og mannskap fann fram til rett posisjon til rett tid med omsyn til helikopteret. Og jobben blei gjort på ein dag! Dugnadsgjengen var Augon Eika, Kjell Gunnar Heggenes, Morten Rask Arnesen, Baptiste Mispelon, Bjørn G Steen, Kjell Vidar Ørting, og Arne W Hjeltnes. Takk til Sparebankstiftinga Bø som finansierte jobben og Telemarksbruket som gav turlaget grove materiale av malmen furu gratis.

Turlaget jobbar også med å finne gode, alternative trasear til delar av stien som er svært medtatt etter utallige føter og vatn som grev i stien etter regnvêr. Der består stien av glatte steinar og trerøter. Sommaren 2020 var det også nødvendig å utvide parkeringskapasiteten ved Uvdalsvegen.

Nå kan hordar av turistar betre ta seg opp til den spektakulære stolen over den mektige ura.

Sjå alle bilda: Les meir….

Dugnadsgjengen. Navna finn du i teksten – frå venstre i bildet. Foto: Arne W Hjeltnes

Under arbeid på ei klopp. Foto: Arne W Hjeltnes

Lasta er klar til lufttransport. Foto: Arne W Hjeltnes.

 

 

Kommuneplanens arealdel 2021 – 2033

Oppsummering av 10 møter i april 2021 med politiske parti og reiselivet – sett fra Bø Turlag sitt ståsted. – Les dokumentet…..

 

Andre innspill fra Bø Turlag

  
Leserinnlegg i Bø Blad i april 2021.  – Les dokumentet…..

Høringsuttalelse  – april 2021.  – Les dokumentet…..

Leserinnlegg i Bø Blad – mars 2021.  –  Les dokumentet….

Hellestad sandtak – april 2020.  – Les dokumentet….
 
Innspill til planprosessen – desember 2019.  –  Les dokumentet…..
  
  
 

 ———-

Rundturer i nabolaget er en populær aktivitet og svært viktig for folkehelsa. 10 damer går en times rundtur på Lankåshaugen, alle hverdager hele året.

Tretopper’n

Tretopper’n er ein kort fjelltur nær parkeringsplassen på Jønnbu på Lifjell – opp til tre små fjelltoppar. Dette er Anebunatten, Kintofjellet og Bøkstulnatten.  Stien er blåmerka og skilta med «Tretopper´n». Der Tretopper’n følger merka stiar på Lifjell blir dei både raud- og blåmerka. Stien til Anebunatten er ikkje blåmerka. I alle stikryss finn du eit oversiktskart som viser kor du er på kartet. 

Dette er eit lågterskel tilbod for barnefamiliar og alle som ønsker kort fjelltur med lett fottøy, magisk utsikt og oppleving av flott fjellnatur. Vi samarbeider med reiselivet i Midt-Telemark, DNT Telemark, hytteutbyggjarar på Jønnbu og Midt-Telemark kommune. 

Vi planlegg ein større oppgradering av stien frå parkeringsplassen på Jønnbu og opp til toppen av «Bestemorssløyfa» i Krintokleiva. Nye grøftar og stikkleidningar skal lede bort vatnet frå stien. Nokre stader vil vi legge ut skiferheller og grus.

 

 

 

 

 

———-

Fra Bøkstulnatten mot Krintofjellet. Foto: Arne W Hjeltnes

Bøkstulnatten mot Nordsjø. Foto: Arne W Hjeltnes

Oppdatering av turkart i 2020

Alle merka og umerka stiar og traktorveier i 6 turområde er kontrollert i marka og lagt inn i felles kartdatabase til Bø Turlag og Gvarv Turlag. Dei 6 turområda er: Breisås (frå Bø til Holteheia), Folkestadåsane, Gygrestolen, Høyslass, Bryggefjell og Maskat (på Bø-sida). 

  • Kartverket vil oppdatere dei nasjonale kartdatabasane til  «FKB Traktorveg og sti» og «Nasjonal database for turruter» innanfor dei 6 kartlagte områda.
  • Alle papirkart og appar produsert av nasjonale firma får snart oppdatert innhald frå databasane til Kartverket. Da vil du sjå korrekte merka stiar, umerka stiar og traktorvegar på alle kartappane på mobilen din – innanfor dei 6 kartlagte områda. UT.no er eit eksempel.
  • Vi har og levert kart-dataene til det nye Turkart Bø som blir trykt våren 2021. 

I år fortset vi på Lifjell og i Skåråfjell.

 

———-     

Kontrollert sti og traktorveg i Breisås i 2020

Ny parkeringsplass til Gygrestolen

Ny parkeringsplass til turområdet Gygrestolen blei ferdig på rekordtid i juli 2020!

Takk for effektiv, positiv planlegging og gjennomføring til grunneigar, kommunen og Eikabygda vel. Og spesiell takk til Sparebankstiftinga Bø som ga oss 25 000 kr utanom alle søknadsfristar! Nå har vi ferdig 26 nye parkeringsplassar og 15 på eksisterande plass. Dette vil forhåpentlegvis være tilstrekkeleg for å hindre parkeringskaos og dårleg framkome for nødetatar og tyngre landbruksmaskiner på Uvdalsvegen. Men framleis vil tal plasser være i minste laget på dei mest populære utfartsdagar.

Bø Turlag og representant for Eikabygda Vel møtte på parkeringsplassen tysdag 14. juli og så på forholda. Bildet til høgre viser at bilistane parkere effektivt og følgjer oppmerkinga til Augon Eika. 3 plassar var ledig på ettermiddagen. Ny parkering bak i bildet.

  • Bø turlag tar ansvar for oppmerking av dei to parkeringsplassane og informasjonstavler om turområdet og parkering/camping forbod.
  • Kommunen tar ansvar for renovasjon, skilting og innkreving av parkeringsavgift.

Parkering til Gygresolen tysdag 14. juli 2020 kl 14.30. Plassen er nesten full.