Rusletur kvar tysdag

Stiar og vegar i Evjudalen.
(Klikk på bildet)

Kvar tysdag heile året – også i feriar – inviterer vi alle interesserte til ein sosial møteplass og ein times gåtur. Gullbring er møteplass både før og etter turen.

Kl 11.00 Oppmøte i Gullbring
Deltakarane får orientering om ulike turar og opplegget for rusleturane. Alle som møter opp blir tatt vel imot av to turvertar. Deltakarane legg ut på korte eller lange turar etter eige ønskje, aleine eller i små grupper. Klikk på kartet til høgre, som gir oversikt over Evjudalen og nærområde.

Kl 12.00 Innkomst i Gullbring
Sosialt samvær for dei som ønskjer det. Deltakarane ordnar seg sjølv med kaffi og mat.

Turforslag i Bø sentrum.
(Klikk på bildet)

Organisering

Rusleturane starta opp fyrste gang tysdag 2. mai 2017. Fem organisasjonar samarbeider om tilbodet. To «turvertar» frå organisasjonane har ansvar kvar veke.

  • Nasjonalforeningen Oterholt Helselag, Gunbjørg Haugestaul, mobil 467 94 051
  • Bø og Sauherad Røde kors, Merete Boye, mobil 95 11 19 21
  • Bø og Sauherad Revmatikerlag, Gerd Espesett, mobil 95 22 87 73
  • Frisklivssentralen: Svein Ivar Forberg, mobil 40 91 39 37
  • Bø Turlag, Bjørg Kaasa mobil 90 17 41 77

Klikk på bilda under for å sjå på større bilde