TURAR OG AKTIVITETAR
2024

Innhold

Bømarsjen 2024
Sopptur i Breisås
Bestemorsløyfa og Tretoppern
Lifjell på tvers – frå Reinstaul til Strond – søndag 25. august
Turforslag i nærområdet til Bø sentrum
Tur til Sletteliberga – søndag 14. april

Lifjell på langs – søndag 17. mars
Breisås på langs – søndag 2. juni

Bømarsjen 2024

Søndag 22. september 2024
Bømarsjen går i år på Stoklandheia. Parkering, registrering, start og mål like ved Røysland.

Pris:  barn kr. 20, vaksne kr 50, familie kr 100. (Betal med vipps).

Det er vått i terrenget så bruk gode sko. Kort løype, 5 km, og lang løype, 10 km, går i same trase på høgda aust for Bjørndalen fram til Andersli. Her serverast bålkaffe, saft og «noko attåt». Ta med eiga niste.

Lang løype går vidare frå Andersli til Kleivstul, Trolltjønn og Alfarnuten, tilbake over Bukkelifjellet om Kroktjønn.  Begge løyper har same trase gjennom Bjørndalen tilbake til mål. Sjå på kartet.

Sopptur i Breisås

Tirsdag 3. september
Frammøte ved steinfyllinga øverst i Breisås sør byggefelt kl. 17. Ta med kniv og korg, ikke plastpose. Soppen blir kontrollert etter turen. Enkel kveldstur.

  • Turleder er soppsakkyndig Bjørn Steen tlf. 99 39 56 64.


Tur på Lifjell – Bestmorsløyfa

Søndag 8. september
Bø turlag inviterer til en lett tur på Lifjell. Vi går til Bestemorsløyfa, rett under Bøkstulnatten. Her er det et flott utsikt over Norsjø. Vil du utforske mer av Lifjell, så er Bøkstulnatten og Krintofjell i umiddelbar nærhet. Turlaget stiller med kaffe. Det er innvilget tillatelse om bål i tilrettelagt bålplass (det er bålforbud i Norge 15.4. – 15.9.).

Flyktninger ved SKI og utanlandsstudenter ved usn er spesielt inviterte.
Turen blir avlyst hvis det regner.

  • Oppmøte: Jønnbu parkering kl 1200, eller ved Heradshuset kl 1130 for samkjøring.
  • Turledere: Kjersti Helene Kvammen, tlf. 97738183 og Bjørg Kaasa, tlf. 90174177.

Lifjell på tvers – frå Reinstaul til Strond

Søndag 25. august
Lifjell på tvers er ein krevjande villmarkstur i vestre hjørnet av Lifjell. Turen startar ved Reinstaul og følgjer Borkebudalen eit stykke, før me stig opp mot høgfjellet og følgjer kanten av Lifjell ut mot Seljordsvatnet. Her er små vatn og eit fint og småkupert terreng.

Ved topp 1202 og Breiøksskaret, svingar me sørover mot Skålbu og Veslestaul og følgjer grusvegen ned til bilane. Det blir ein del høgdemeter opp og ned, men me vil få oppleva ein nokså ukjent og urørt flik av Lifjell som få har vandra i før.

Praktisk informasjon:

Samkøyring i privatbilar frå Bø Torg kl. 09.00. Ein bil settast att ved Veslestaul, dei andre køyrer til Reinstaul. Vel framme ved Veslestaul køyrer sjåførane og hentar bilane. Atterhald om uver!

Arrangør: Bø turlag og Seljord turlag.
Turleiarar: Hans Inge Hagen (Seljord turlag), tlf. 95065738 og Tor Lønnestad (Bø turlag), tlf. 91511154.

Klikk på bilda for å sjå større bilde.

Turforslag i nærområdet til Bø sentrum

Har du ikke bil og kanskje er lite kjent i kommunen vår.
Her er fire turforslag som du kan begynne med.

Turområdet Folkestadåsane, Bøelva og Breisås nås ved hjelp av Bø-bussen eller sykkel.
Les om turområdene ved å klikke på navnene over.

  1. Det er fine telt- og badeplasser ved Store Trytetjønn på Folkestadåsane. Du kan sykle nesten helt fram til tjønna ut i fra boligfeltet – på vanlig sykkel.
  2. Det er fine raste- og badeplasser ved Store Damtjønn og Åstjønn i Breisås. Du finner også plass til teltet. Ny god skogsbilveg fra parkering Øvre Breisås og nesten opp til Åstjønn.
  3. På nordsida av Bøelva kan du sykle fra Oterholt til Gåra bru. Kombiner gjerne rundturer med kommunale veier fra Fokestadbrua over Sandvoll Sisjord – Oterholdt på søsrida av elva. Noe skade på stien langs elva etter regnværet 22. juli.
  4. På hjemmesida har vi trim-turforslag i nærområdet til Campus Bø. Se kart som du finner under Rusletur i Evjudalen.

Tips til å finne fram

  1. Se rutetabell til «Bø bussen» på internett.
  2. På hjemmesida vår på første side finner du ulike kart.  Se under «Turkart» 
  3. Søk i Turkartet Midt-Telemark:
    Søk på «Store». (Store Trytetjønn og Store Damtjønn)
    Søk på: «Åstjønn»
  4. Klikk på «Merka sti» i Turkartet Midt-Telemark og du får informasjon om lengden på den stien du klikket på og som blir markert med lys blå farge.

Breisås på langs – søndag 2. juni

Mot Lifjell frå Breisås. Foto: Arne W Hjeltnes.

Søndag 2. juni arrangerer Bø Turlag tur over heile Breisås på langs frå Holteheia til bustadfeltet i Breisås. Vi møter fram ved Heradshuset klokka 9 og tar maxitaxi til Laug på Holteheia aust for Lunde kyrkje. Vi startar nordover på god sti til det vakre tjørnet Kroktjønn og vidare til plassen Rønningen med flott utsikt over Gangsjå. Vidare går vi nordover og ned i Løkjedalen. Her tar vi vegen mot vest eit par kilometer før dagens lengste stigning tar oss heilt til toppen av Griseryggen. Her blir det hovudpause.
Vidare attende til Bø tar vi stigen på austsida av Raudmyrane til Skrotteputten og ned Midlingløypa til bustadfeltet i Breisås.

  • Turlengde: om lag 13 km.
  • Samla stigning: om lag 450 m.

Betaling og påmeldingsfristar

Pris for medlemmar av Bø turlag og studentar kr 150, barn/ungdom u/18 år kr 100 og andre kr 200 (feil pris i Bø Blad: 300).

  • Vippsbetaling: 568923 (Arrangement): Frist 30.5. kl 22.00, og hugs å skrive tlf nr!
  • Bank: 2630.07.03118: Frist 29.5., og hugs å skrive namn og tlf nr!

Eventuell tilbakebetaling på Vipps for dei som ikkje får plass på turen skjer etter at turen er ferdig. Etter påmeldingsfristen vil vi ikkje betale tilbake deltakaravgift, unntatt ved avlysing, eller at vi får fylt opp den ledige plassen.

Turleiar

Bjørn Steen, 99395664 , bjsteen49@gmail.com

Tur til Sletteliberga – søndag 14. april

På Sletteliberga. Foto: Arne W Hjeltnes.
Fin sti på ei stor, brei fjellhylle. Foto: Arne W Hjeltnes.

Vårtur til Sletteliberga med turlaget. Dette er ein kort, lett tur på ganske flat traktorveg. Sletteliberga er ei stor og brei fjellhylle og byr på nydeleg utsikt over bygda. Turlaget ordnar bål. Ta gjerne med bålmat. Sidan sol og vind kan gjere lyngen i furuskogen knusktørr, kan vi ikkje fyre opp bål.

Turlaget serverer kaffe og saft, samt arrangerer enkle konkurransar, som ein kan delta på.

Møt ved heradshuset/Bø torg for samkøyring kl 1030, eller møt direkte på parkeringsplassen Innleggen øvst i Liheia kl 1100.

Turleiar er Kjersti H Kvammen
tlf.: 97 73 81 83


Lifjell på langs – søndag 17. mars

Hollane mot Røysdalsnuten. Foto: Arne W Hjeltnes.

Skitur Grimås – Hollane – Jønnbu. Krevjande høgfjellstur på 25 km.  

Vi set opp maxitaxi frå Jønnbu kl. 08.45 via busstopp Bøgata (ved Bø Blad/kommunehuset) kl 0905. Det er høve til å gå på maxitaxien langs bussruta. Viktig: Skriv påstigningsplass, når du betaler. (det er lurt å ha eigen bil/samkøyring til/frå Jønnbu for heimtur)

Løypemaskin køyrer over fjellet laurdag. Det er stikka løype frå Grimås til Jønnbu, så det blir høve til å gå i eige tempo og bruke dagen over fjellet.

Turen byr på eventyrleg vinterlandskap og nok oppover- og nedoverbakkar til alle.  Vi tar oss god tid og tar pausar, når vi treng det. Lunsjen kan etast på Hollane seter.

Ta med godt med mat og drikke og det du elles treng til ein utedag på Lifjell. Vel tilbake på Jønnbu er det mogleg å runde av med middag på Lifjellstua.

Bø Turlag på veg mot Blomtjønnan. Foto: Arne W Hjeltnes.

Dersom du vil gå saman med turleiar over fjellet, så gi beskjed om dette til turleiar på Grimås parkering. Alle andre går på eige ansvar.

NB! Atterhald om dårleg vêr.

Vel møtt til ein flott høgfjellstur med Bø Turlag!

Deltakaravgift

Pris for medlemmar av Bø turlag og studentar kr 175, barn/ungdom u/18 år kr 100 og andre kr 300.

Betaling og påmeldingsfristar

Vippsbetaling: 568923 (Arrangement): Frist 14. mars kl 2200, og hugs å skrive tlf nr og påstigningsplass!

Bank: 2630.07.03118: Frist 13. mars, og hugs å skrive namn, tlf nr og påstigningsplass!

Eventuell tilbakebetaling på Vipps for dei som ikke får plass på turen, skjer etter at turen er ferdig. Etter påmeldingsfristen vil vi ikkje betale tilbake deltakeravgift, unntatt ved avlysing, eller at vi får fylt opp den ledige plassen.

Turleiar: Dag Willy Mæland, 97430908 , dagwillymeland@gmail.com