Bryggefjell kneisar høgt over Bødalen mot Nnord-vest. Her er det lang og bratt oppstigning på 430 høgde-meter frå parkeringsplassen øvst i Liheia opp til store isskurte nesten nakne svaberg. På Bryggefjell-nuten 778 moh, har ein panoramautsikt ut over bygda, heile Midt-Telemark og mot Lifjell. Turen opp til varden er 4.2 km. Ein tyngre rundtur går nedom Tjønnstuldalen. Dette er ein trong, dramatisk dal med stupbratte lier. Klikk på bildet til høgre for å sjå på plakaten som står ved ein parkeringsplass:
Blir turen til Bryggefjellnuten for strevsam, kan ein nøye seg med ein kortare tur frå Breskelia opp til den gamle husmannsplassen Ånto innunder Bryggefjell. Du går på ei fjellhylle frå Langeskor til Ånto. Her er det flott utsikt over bygda. Det er om lag 3 km til Ånto frå parkeringsplassen og 350 m høgdeforskjell. Les meir om Bryggefjell og Ånto på plakaten som står på parkeringsplassen. (Klikk på figuren «Plakat»).
Meir informasjon om turområdet:
Klikk på bilde og illustrasjonar!
Vegen fram til parkeringsplassen
Avstanden frå Bø sentrum til parkering ved Innleggen er 6.1 km. Følg først riksveg 36 mot Seljord frå Bø sentrum (rundkøyring) og ta av mot Oterholt etter 0.4 km. Ved Oterholt, etter 2.8 km, svingar du halvt til venstre opp mot Li (Liheia) og vidare til venstre mot Innleggen etter 5.4 km frå Bø sentrum.
Kart
- Dei merka turstiane finn du på trykt Turkart Bø, 2011.
- Ta med deg alle turstiene til Bø Turlag og Gvarv Turlag ut på mobilen Les meir….
- Klikk på dei to kartbildene under…..
Informasjonstavler ved parkeringsplassane har kart på plakatar i A3-format. Dei kan du sjå på her (klikk på bildet) eller skriv ut på printaren din, gjerne i A4-format.
Du kan navigere rundt i web-kartet og se på informasjon i alle turområda i kommunen. Her finn du omtale av natur og friluftsliv i tekst, bilde og video.