Midt i Bø sentrum finn du parken Evjedalen. Den bind saman handelsentrum og Gullbring-området. Her finn du Universitet, barnehagar, Bø Hotell og kulturanlgg. Rett over Evjudalen ragar dei to kyrkene oppe på Bøhaugen.
Bøhaugen er eit kjent landemerke i Midt-Telemark og ligg sentralt i bygda med flott utsikt til Lifjell, tettstaden Bø og åsane rundt bygda. På Bøhaugen finn du to kyrkjer. Bø gamle kyrkje er ei middelalderkyrkje frå ca. 1100-talet som er bygd i stein. Bø kyrkje erstattar den gamle kyrkja til ordinære gudstenester. Dette er ei nyare trekyrkje frå slutten av 1800-talet. Namnet «Bøhaugen» tyder på at området var ein tingstad i førkristen tid.
Bø Turlag vedlikeheld dei merka stiane i skogområda rundt parken og rundturen gjennom Bøhamna opp til dei to kyrkjene på Bøhaugen.
Foto: Arne W Hjeltnes.