Turområdet Jøronnatten

Informasjon på oppslagstavle ved parkeringsplass.

Dette er den sør-austlege delen av Lifjell.  Turen til Jøronnatten og Røksbufjellet og er for dei som likar fysiske utfordringar og vakker, vill og storslått natur. Høge nutar, praktfull utsikt, fine fiske- og badevatn og ville gjel med fossar og stup møter deg på turen. Jøronnatten (1 276 moh.) er ein av dei høgaste toppane på Lifjell med flott rundskue. Berre Røysdalsnuten og Troganatten er høgare. Jøronnatten er eit felles grensepunkt mellom kommunane Notodden, Midt-Telemark og Seljord. Høgdeforskjellen er om lag 750 m frå parkering Røytejuv inst i Limarka opp til Jøronnatten.

Røksbufjellet byr på mange fine naturopplevingar og er verd ein avstikker på umerka stiar. På tilbaketuren går den merka stien går forbi eit stort fjellvatn med godt fiske – Holmen. Her ligg lagshytta til Bø Fiskelag. Valjuvet er ein trong, liten «Vestlandsdal» med elvebrus fra Gjufsåa og bekken som stupar ut frå Kloppesteintjønn. Du går tett inn på ein flott foss øverst i dalen. Her er det godt beite for sauen.

  • Segna om jutulane Jøron og Øystein i Hellerdalen: Les meir….

Meir informasjon om turområdet:
Klikk på bilde og illustrasjonar!

Vegen fram til parkeringsplassen

11 km frå Bø sentrum (rundkøyring) finn du parkeringsplassen ved Røytejuvstølen. Følg først riksveg 36 mot Seljord 0.4 km frå Bø sentrum og ta av mot Oterholt ved CirkelK. På Oterholt, etter 2.8 km, svingar du halvt til venstre opp mot Li (Liheia). Etter 5.4 km frå Bø sentrum og opp alle bakkane i Liheia, tar du rett fram ved skiltet til Innleggen (ikkje til venstre). Følg bomvegen innover «Limarka» og så opp alle bakkane til parkeringsplassen under Røytejuvstølen.

Kart

  • Dei merka turstiane finn du på trykt Turkart Bø, 2011.
  • Ta med deg alle turstiene til Bø Turlag og Gvarv Turlag ut på mobilen Les meir….
  • Klikk på dei to kartbildene under…..

Informasjonstavle ved parkeringsplassen på Jønnbu. Kartet (klikk på bildet) viser heile området på søsrsida av Lifjell.

Du kan navigere rundt i web-kartet og se på informasjon i alle turområda i kommunen.  Her finn du omtale av natur og friluftsliv i tekst, bilde og video.