Vedlikehald av turområda

Bø Turlag held ved like tolv turområde med over 135 km merka stiar. Ein eller fleire personar vedlikeheld eit turområde. Ein dugnadsgjeng trår til når større oppgåver skal gjerast. Vi samarbeider med Gvarv Turlag, Notodden Turlag og Seljord Turlag der turstiane møtast. Laget er medeigar i Bø Løypelag som bl a køyrer opp Vihusløypa og skiløypene nede i bygda. Lifjell Løypelag held ved like skiløypene på Lifjell.

Hovudformålet med merking av stiar i skog og fjell er å leggje til rette for at turfolk skal kjenne seg trygge i naturen og ta seg trygt fram til turmålet og tilbake. Turlaget ønskjer også å ta vare på gamle ferdselsårer ved å rydde dei etter behov. Enkelte område i kommunen bør liggje urørt utan merka stiar. Det er da opp til vandraren sjølv å finne vegen og målet.

Informasjonen på denne sida er laga med tanke på dei frivillige som jobbar i turlaget.
Dei merkar og ryddar stiane, og dei set opp skilt i stikryssa, samt plakatar på parkeringsplassane.

Innhald

Bjørn Steen og Arne W Hjeltnes koordinerer arbeidet i turområda.
SKontaktinformasjon: sjå heimesida under: Styret og nemnder

Viktige rutiner
Ansvarleg person og turlag
Dugnadsgjeng
Sett opp informasjon- og kartplakatar
Sett opp enkle plakatar innbakt i plast
Bestill nye retningsskilt i stikryss
Finn grunneigar til stiar
Postkasser på turmål
Retningsliner for merking av turstiar
Lagerrom


Viktige rutiner

Innkjøp av utstyr og maling

Vi skil mellom prosjekt og drift. Driftsutgifter er knytta til dagleg vedlikehald i turområda som måling, skilt, ryddeutstyr ol. Det blir kjøpt inn det som er nødvendig.

Større arbeid må finansierast eksternt (ta kontakt med styret). Ikkje set i gang arbeidet før prosjektet er finansiert!

Betal regning på innkjøp med faktura der vi har konto. Dette er Byggmakker Bø, Monte’r Storkaas, Bø maling, USN Hustrykkeriet (på universitetet) og kanskje Felleskjøpet (spør om dette). Betal og send kvittering til kasserar.

Merk ALLTID regninga med fullt namn og namn på turområde. Utlegg på prosjekt merkast med namn på prosjekt.

Bø Maling har informasjon om fargekode. Bruk beste sort maling: Bengalack.

Ansvarleg person/turlag

Sjå på kartet: Klikk på kartbildet.

Kartet viser dei merka stiane som blir vedlikehalde av person(-ar). Sjå på kartet….

Klikk på stiane i kartet og les kontaktinformasjonen til person(-ar) (zoom og pan i kartet).

Lag i menyen oppe til venstre i kartvindauget, gir tilgang til eit anna kartlag. Du må slå det på sjølv. Kartlaget viser turlag/institusjonar som vedlikeheld dei merka stiane. NB! Slå på berre eit lag om gangen.

Arbeid i turområda – grunneigar

Rydding av «verdifulle» tre og graving/fylling i terrenget må avklarast med grunneigar.

Merking av nye stiar må avklarast med grunneigar og styret i turlaget.

Dugnadsgjeng

Ein dugnadsgjeng kan hjelpe til når du ønskjer det. Ta kontakt med leiar av Bø turlag eller turområdeleiar (Arne W Hjeltnes eller Bjørn Steen.)


Informasjon- og kartplakatar

Oppslagstavla til Røksbu/Jøronnatten. Foto: Arne W Hjeltnes.

På parkeringsplassane til turområda finn du oppslagstavler med kart og omtale av turområde i PDF-format (A3).

Ute i marka finn du informasjonsplakatar på små og store tavler. Turlaget har laga dei sjølv.

Anders Fossøy kartfirma lagar kartplakatane på Lifjell.

Den gamle Folkestadbrua.

Alt er arkivert i Dropbox’n til Bø Turlag. Arkivet er sortert etter namnet på turområdet. Dokumenta er klare til å bli skrive ut på papir og innbakt i plast. Dette er ein enkel, rimeleg og midlertidig løsning (til og med 2023).

Frå 2024 gjeld dette opplegget:

Først vil vi oppdatere alle kart- og informasjonsplakatar i løpet av 2024 og 2025. Deretter vil dei bli trykt på eit haldbart laminat (som varar minst i sju-ti år). Eit trykkeri på Notodden gjer jobben for oss.

Ta kontakt med leiar av turlaget eller turområdeleiar (Arne W Hjeltnes eller Bjørn Steen.)

Enkle plakatar innbakt i plast

Treng du midlertidige plakatar i A4- eller A3-format innbakt i plast, tar du kontakt med Hustrykkeriet på Universitetet.
Du lagar ein plakat som eit PDF- eller Worddokument. Vel A3- eller A4-format.

  • Send dokumentet til USN Hustrykkeriet Bø på e-post: MB-hustrykkeriet.bo@usn.no
  • Gi beskjed om format (A4 eller A3). Be om å bake plakaten inn i plast.
  • Be dei sende rekning til Bø Turlag.
  • Skiv namnet ditt (fornamn og etternamn) i e-posten.
  • Hent plakaten på Hustrykkeriet i første etasje, rett bak resepsjonen på USN.
  • Dei gjer som oftast jobben raskt, og du får gjerne beskjed på e-post, når plakaten er klar.

Bestill retningsskilt

Person som freser ut bokstavar på skilt

Hans Strand, Lektorvegen, tlf.: 90  50 47 48.
Send ei liste med skiltnavn til han. Oppgi turområde, namnet ditt og telefonnummer.

Retningsskilt.

Person som målar og pussar skilta

Inge Bø, Breisås.  Telefon 92898006,
E-post: inbo2@online.no.
Han har også retningspil og logo til å skru på skilta på lager. Han pussar også opp gamle skilt. Skiltsymbola logo og retningspiler har han også. Inge gir beskjed, når skilta er klare for henting.

Send meldingen til både Hans og Inge, slik at at de to kan samarbeide om skilt-produksjonen.

Finn grunneigar

På kartet til Kartverket ser du eigedommar og dei merka stiane til turlaga. Grunnboka med opplysningar om grunneigar til eigedommen finn du også her.

Rettleiing

  • Opne kartet på nettsida til KartverketNorgeskart
  • Zoom inn i kartet til eit lite utsnitt av turområdet. Du finn alle dei merka stiane til Bø Turlag og Gvarv Turlag på kartet.
  • Klikk i kartet der du ønskjer å se info om grunneigar. Eit vindauge opnar seg automatisk. Vindauget kan du også opne og lukke manuelt ved å klikke på ikonet med dei tre vassrette strekane.
Klikk på bildet for å sjå ein større illustrasjon.

Eksempelkart: Du har klikka nær ein merka sti i
«Norgeskart.no» til Statens Kartverk.
Nå er du klar til å finne eigedom og grunneigar.
(Sjå raudt merke på kartbildet til høgre.)

  • Åpne Se eiendoms-informasjon. Kryss av for Marker eiendom.
  • Klikk på Vis mer informasjon. Du får mye informasjon om eigedommen.
  • For informasjon om grunneigar, klikk på Vis grunnboken. Dette forutset at du indentifiserer deg sjølv med BankID.
  • Sjå PDF-dokument nedst på statuslinja i nettlesaren din.
    Sjå «Hjemmelsopplysninger».

Retningsliner for merking av turstiar

Bø Turlag ønskjer å følgje desse enkle prinsippa:

tydeleg sti er spreitt merking tilstrekkeleg. Vi treng ikkje sjå frå merke til merke. Merka er berre ei påminning om at du følgjer ein merka sti. Dette gjeld dei fleste stiane i skog.

mindre tydelege stiar skal vi sjå frå merke til merke. Vi må ha tettast merking på Lifjell grunna fare for tett tåke. Du treng merka for å finne trygt fram.

I stikryss skal vi alltid kunne sjå neste merke. Skilting er nødvendig om merka stiar går i fleire retningar. Generelt skiltar vi ikkje umerka sti.

Måling

Bø Maling lagrar opplysningar om type raud og blå maling. Bruk smal pensel (tre cm). Lagre gjerne målingboksar på lagerrommet. Vi har konto hos Bø Maling.

Meir informasjon om merking

Nasjonal handbok for skilting, merking og gradering.
Sjå side 88 og frå side 98: Les meir

Vi har ferdselrettar og pliktar i utmark (Plakat av Leif Krosshaug, 2010): Les meir
Fleire detaljer om merking og skilting (Leif Krosshaug, 2010): Les meir

Postkasser på turmål

Postkassa på Bruskor. Foto: Arne W Hjeltnes.

Mange turområde har turmål med postkasse og bok. Person med ansvar for vedlikehald av turområda har også oppsyn med postkassene. Postkassene til Bø Turlag og Gvarv Turlag finn du på sida: Turmål.

  • Ny bok, boks til bok og blyant finner du på lagerrommet vårt i ved sjukeheimen, Gamleveg (nytt lager frå 2024).
  • Bok som er utskrive blir lagra i lagerrommet.

Les om vårt lagerrom på Bekkevoll.


Lagerrom i Gamleveg

Vi har flyttet inn i nytt lagerrom sommaren 2024.

Lageret vårt er tilgjengeleg heile døgnet, heile året.

Før protokollen som ligg på bordet, viss du låner utstyr.

Ta gjerne kontakt med person i styret som har ansvar for materiell på lagerrom (Bjørg Kåsa i 2024; ny 2025: ______________).

Utstyrsliste på lagerrommet på Bekkevoll

Utstyr skal lagrast på rommet etter bruk og skal førast inn i utlånsboka ved utlån. Dette er merket med *
Gi beskjed til personar i styret som har ansvar for materiell på lagerrom, viss noko manglar eller må etterfyllast.

  • Motorsag, batteridrive *.
    Motorsaga trekker ein del strøm. Verneutstyr til motorsaga skal brukast!
  • Oljekanne til saga
  • Ryddesag blir kjøpt inn i april 2024
  • To el-driller, batteridrive *.
    Batteria er felles, slik at du kan ha med deg fire batteri til utstyret, dersom du treng det.
  • Diverse. Esker med ein del skruar.
  • Reiskap. Tre handsager, tre økser, tre spadar og tre grafser *.
  • To bord og To stolar *.
  • Vanndunkar (Ei kran lekker, pakning mangler) *. Må bli oppdatert.
  • To kaffekjelar *.
  • To bålpanner. Den største lagres i to pakker *. Den minste er liten.
  • Propanapparat (fungerer dårleg) *.
  • Ryddeutstyr.
  • Merkeband (blå og raude) til Bømarsjen. Kjøpt på Felleskjøpet.
  • Plakatar i A4-format bakt inn i plast med retningspil og namn, berekna på Bømarsjen.
  • Paraplytelt (3 x 3 m) – til Bømarsjen og arrangement *.
    Teltet består av 5 delar/pakker som er merka.
    1) Paraplytelt i firkanta, lang koffert
    2) Fire plastkanner til ballast til dei fire teltstengene. Kannene festast med raude/grøne tau til takhjørna/teltstengene. Teltet kan ikkje brukast i sterk vind.
    3) Kvit sidevegg. Den er pakkai inn i en papprull. Veggen festast med svart gummistrikk med krok.
    4) Remser med bildeplakatar i A3-format, som hengast på den kvite sideveggen. Bilda er pakka inn i ei flat pakke.
    5) Bilda hengast opp på spikerkroker på ei tre m lang trelist.
  • Strandflagg som står på ein svart firkantfot *.

NB! Lad batteria opp før du legg dei tilbake på lageret! Ikkje la batteria stå i, men la dei ligge lause, når du set utstyret tilbake på lagerrommet!